Bok

«Flink pike» gjer opprør

Ho debuterte med ei diktsamling som er kommen i fem opplag og 4000 eksemplar. No er Ingvild Lothe ute med sin første roman, Havfruehjerte.

Ingvild Lothe debuterte med ei diktsamling i 2016 som selde godt.
Ingvild Lothe debuterte med ei diktsamling i 2016 som selde godt.
Publisert

Å forklare heilt ut kva med dikta som har treft så mange lesarar, meiner 29-åringen frå Stord seg ikkje i stand til. Især ikkje sidan den sterkaste responsen på Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt har komme frå så ulike grupper som unge kvinner og godt vaksne menn.

– Ein merkeleg kombinasjon, men spennande. Mennene tykte det var ei modig, ærleg og ufiltrert bok, og fleire trekte fram det dei såg som fine, originale bilete. Meldingane frå unge kvinner gjekk helst på at dei kjende seg igjen, og at det her var nokon som sette ord på kjensler dei hadde hatt. Men reaksjonane har vore ulike; mange likte språket, som er direkte og beint fram, og at boka har ein annan tone enn ein finn i andre diktsamlingar.

«Rømmingsgreie»

Ingvild Lothe har budd i Oslo sidan 2011, og ho har følgt både forfattarutdanninga i Bø og det som heiter litterär gestaltning ved Göteborgs universitet. Ho fortel at ho alltid har skrive og lese mykje, dette var ei «rømmingsgreie». Særleg då ho var ung, for ho likte å halde seg i si eiga verd. Men den verda blir snart utvida. For då Dag og Tid snakka med henne, kunne ho glad og stolt fortelje at ho kom frå ultralydundersøking og hadde fått vite at ho ber på ein son.

– Diktsamlinga di opnar med eit «Fy faen», og den første romanen din opnar med ei setning som så å seie negerer heile prosjektet: «Det jeg har å fortelle er ikke viktig for verden.» Kva vil du med å slå an slike tonar?

– Kanskje provosere litt. Å komme folk i forkjøpet, kødde litt med dei, synest eg er gøy.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement