Bok
Eit umogleg val
Då bokprosjektet til Sandra Lillebø havarerte, gjekk ho laus på den romanen ho aldri skulle skrive. Resultatet blei kritikarros, førebels tre opplag og mange rørande lesarreaksjonar.
Sandra Lillebø har skrive roman om å leve tett på psykisk sjukdom.
Foto: Helge Skodvin
Forfattaren vedgår at det ligg noko kompromisslaust i Tingenes tilstand, ei skildring av forholdet mellom ei psykisk sjuk mor og dottera, ei historie som ligg tett på Lillebøs eigne røynsler og har vore eit stort tema i livet hennar. Ei historie full av smerte og sorg. Ein stad i boka tenkjer forteljaren: «Det er hun eller meg, og jeg velger meg.»
– Det var eigentleg eit umogleg val, men boka måtte skrivast, og det gjekk fort, tok berre nokre veker. Ein lyt vege ting opp mot kvarandre og så velje – sjølv om det er brutalt og kan vere urettvist og aldri kan forsvarast hundre prosent.
– «Å skrive om et annet menneske, en som ikke kan forsvare seg, er en form for vold», er du inne på i boka. Er det ikkje noko slikt du sjølv har gjort?
– Jo. Det er det uforsonlege. Dette handlar om at ord, især skrivne ord, inneber ei viss maktforskyving eller maktomvelting. Eg skjønar ikkje at litteraturen skal vere så gjerrig andsynes dei kring seg at han ikkje vedgår at det som blir skrive, har ein innverknad på folk. Vi skriv jo fordi vi ønskjer at skrivinga skal få konsekvensar, vi vil jo gjerne endre noko, i liten eller stor skala.
– Du utleverer mor di, men deg sjølv ikkje mindre. Meiner du at det siste veg opp for det første?
– Nei. Dette er to heilt ulike ting. Å skape litteratur med seg sjølv som middel er noko heilt anna enn å la andre vere underlagde din definisjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.