Bok

Eit politisk menneske i alt ho gjorde

Det finst mange grunnar til å lese bøkene til Torborg Nedreaas også i dag. Så mange at Grethe Fatima Syéd har skrive ei 300 siders bok om forfattarskapen, En sommer med Nedreaas.

Forfattar Torborg Nedreaas fotografert saman med ektemannen Aksel Bull Njå i heimen sin, «Slottet», på Blylaget på Nesodden i 1976.
Forfattar Torborg Nedreaas fotografert saman med ektemannen Aksel Bull Njå i heimen sin, «Slottet», på Blylaget på Nesodden i 1976.
Publisert

At Torborg Nedreaas (1906–1987) skulle hamne i gløymeboka, ser litteraturforskar Grethe Fatima Syéd ingen grunn til. Ho peikar på at denne forfattarskapen, især trilogien om Herdis på Sølverstad (Møhlenpris i Bergen) gir ei fin, estetisk leseoppleving, innsikt i allmennmenneskelege relasjonar og rike sanseopplevingar, alt formidla med eit skarpt blikk for det sosiale og det politiske. I novellene som Nedreaas debuterte med, skreiv ho mellom anna om dei såkalla tyskartøsene. Ho ville bryte ned fiendebileta og svartkvittenkinga.

– Nedreaas var eit politisk menneske i alt ho gjorde. Det var legninga hennar. Sjølv Herdis-trilogien, som er ei oppvekstskildring, sprang ut av at ho hadde lyst til å skildre miljøet i Bergen i første verdskrigen, med jobbetida, spekulasjonar og profittjag.

Av måneskinn gror det ingenting gjekk inn i abortkampen, men ho streka under at boka også handla om å skape eit samfunn der dei utsette borna blei ønskte velkomne. Eg synest at alle desse punkta svarer til slikt som vi ser kring oss også i dag.

– Er det kommunismen hennar vi kan lese ut av desse bøkene?

– Kanskje klasseperspektiv og klassemedvit heller enn direkte kommunisme. Eit medvit om sosial urettferd, internasjonal ulikskap og solidaritet. Ho heldt med Sovjet og var ein hard nagl. Ho må ha vore svært fri og steil, modig og sta og ikkje så enkel å diskutere med. I ein diskusjon på sin eigen 70-årsdag slo ho neven så hardt i bordet at handleddet knakk.

– For meg er det kontrære viktigare enn i kva grad ho var tru mot partiet og gjekk i takt. I tittelnovella i Bak skapet står øksen, frå okkupasjonstida, får det medmenneskelege vege tyngre enn hatet til fienden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement