Bok
Eit land fullt av kontrastar
25 år gammal vitja Ina Strøm Japan for første gong. Det vart til ein kjærleik som til no har resultert i to bøker, seinast En japansk vår, som tek oss med på ei reise i historie og kultur.
Foto: Åsmund Holien Mo
I dei tolv åra som har gått sidan frilansjournalisten og forfattaren først vitja Japan, har Strøm vore tilbake årleg, mellom anna som praktikant ved den norske ambassaden i Tokyo i sju månader. Etter alle desse opphalda er kjærleiken til landet og folket framleis like sterk, men også meir kompleks, forklarar ho.
– Boka mi er ei reise frå sør til nord, og parallelt skriv eg meg gjennom historia frå urtid til samtid. Kjærleiken er framleis kjempesterk, men meir nyansert enn då eg reiste dit første gong i 2008. Då var eg ukritisk forelska i alt som var japansk. Landet har forma meg på mange måtar, men i dag ser eg jo at ikkje alt er like bra.
I enkle tal, henta frå Strøms bok, består Japan av 6852 store og små øyer som strekkjer seg over 25 lengdegrader (mot våre 14) på eit areal som er om lag like stort som Noreg. Her lever 125 millionar menneske som årleg er utsette for kring tusen jordskjelv. Fråflyttinga er stor, noko åtte millionar tomme hus på landsbygda vitnar om. Men på øyene lengst i sør lever folk lenger enn elles i verda, der er òg overgangsalderen mildare og demens sjeldnare.
– Du skildrar japanarane som stolte, hardtarbeidande og høflege, men også kjenslevare og litt melankolske?
– Ein stor skilnad på europeisk og japansk kultur er korleis dei uttrykkjer kjensler. Mellom japanarane opplever ein lite klemming og andre fysiske uttrykk for affeksjon. I staden tyr ein til orda, og det japanske språket er rikt på bilete frå naturen som på ein fin måte uttrykkjer nyansar.
Ein merkar det melankolske i den sterke kjensla japanarane har for årstidsskiftingane i naturen og tidas gang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.