Bok

Død og tap og litterær rus

Førre fredag, på treårsdagen for sjølvmordet til sonen Victor, gav Hilde K. Kvalvaag ut ein roman om sorga, alle spørsmåla og kampen for å reise seg igjen. Men framfor alt om kjærleiken.

Hilde Kvalvaag har skrive ein roman som eit brev til den nest eldste sonen sin, som tok livet sitt, 19 år gammal.
Hilde Kvalvaag har skrive ein roman som eit brev til den nest eldste sonen sin, som tok livet sitt, 19 år gammal.Hilde Kvalvaag har skrive ein roman som eit brev til den nest eldste sonen sin, som tok livet sitt, 19 år gammal.
Publisert

At ho skulle prøve å skrive seg ut av sorga, stod tidleg klart for henne. Likeins at Djuphavsslettene måtte bli ein roman, for det er hennar sjanger, anten ho skriv for ungdom eller vaksne. Nokre essayistiske element endrar ikkje på det.

Ho vedgår at boka er sterkt sjølvbiografisk. Ikkje med noko 1:1-forhold, for ho har ikkje halde seg slavisk til sanninga, men likevel er det svært mykje som tangerer røyndommen. Somme ting er endra litt på, nokre namn også, elles er skildringane av det som skjedde den fatale dagen, og situasjonar og scenar elles, slik ho opplevde dei.

– Kvifor har du skrive boka som eit brev til sonen du mista?

– For å vere i kontakt med han. Skrivinga har eg opplevd som å vere i eit rom der eg kunne vere i lag med han. Det er så mykje eg har ønskt å seie til han. Eg planlegg ikkje skrivinga nøye, det kjendest berre naturleg å vende seg til han på dette viset.

– Er du redd for at det spesifikt litterære ved romanen skal drukne i det røyndomsnære når boka di når det offentlege rommet?

– Til ein viss grad. Eg har ein dobbel agenda, men det går an å sjå begge delar. Det kanskje aller viktigaste for meg er om dette er blitt ein god roman, eg kunne ikkje halde ut å skrive ein dårleg roman. Eg vil skrive skjønnlitterært, ønsket mitt har vore å skape ei vond og vakker bok, ein kjærleiksroman som òg er ei bok om sorg. Dessutan er det viktig for meg å peike på at mange unge menneske ikkje har det så bra i dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement