Bok

Det sårbare barnet

Brynjulf Jung Tjønn har skrive tolv bøker på tjue år, seks av dei for vaksne, men aldri følt at han når ut. No har P2-juryen i NRK fortalt at det han skriv, betyr noko.

Brynjulf Jung Tjønn er dramatikar, forfattar og forlagsredaktør.
Brynjulf Jung Tjønn er dramatikar, forfattar og forlagsredaktør.
Publisert

Med Kvar dag skal vi vere så modige ser 41-åringen frå Feios i Sogn ut til å kunne forlate gruppa av forfattarar som haustar få, men gode kritikkar og likevel vinn lite merksemd i media – og tilsvarande sal. At det er P2-lyttarane sin jury som har gitt den Oslo-busette forfattaren romanprisen, set han spesielt pris på.

– I juryen sat kvalifiserte lesarar, som er hovudmålgruppa for mange av oss som skriv. Folk med ulik bakgrunn, folk som har lese mykje og er kresne og opptekne av kva dei nyttar tida si på. Eg var budd på skarp kritikk og hard medfart, men så gjekk det svært bra. Dei sa mykje pent om boka, og dei hadde skjøna det eg har vilja med henne. Ein jurymedlem sa at etter å ha lese boka mi, vil han kanskje reagere meir på det om han ser eit barn som ikkje har det bra. Prisen inspirerer meg til å halde fram med prosjektet mitt.

Kvar dag skal vi vere så modige fortel om ti–elleve år gamle Isak, som bur åleine med mor si, og alt er skildra frå hans perspektiv. Mora er psykisk sjuk. Guten har berre éin venn, innvandraren Yardan, men går stundom til nabogarden, der den litt mistenkjelege innflyttaren Morgan held til. Hyppig skulkar Isak skulen, fordi mor hans krev at han er heime med henne. Mora opnar aldri døra eller svarar telefonen ettersom ho trur det er barnevernet eller andre offentlege etatar som vil ha kontakt.

Til dagleg er Tjønn forlagsredaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget. For tida i redusert stilling fordi han også er husdramatikar på Dramatikkens Hus i Oslo.

– Korleis oppstod denne romanen?

– Eg hadde ei scene med ein gut som føler at han må gå ut av huset fordi det skjer noko med mora. Så han går til nabogarden, der eit taust vennskap har oppstått med mannen som bur der. Deretter måtte eg finne ut kva som skjer mellom Isak og Morgan, og kvifor begge treng å komme til det gjerdet som skil eigedommane. Og kvifor tek ingen av dei steget over gjerdet? Men eg visste ikkje kvar dette skulle ende.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement