Bok
Den litterære reléstasjonen i Valevåg
Han ser heile forfattarskapen sin som ei lang reiseskildring eller ein lang litterær sjølvbiografi. I dag fyller produktive Einar Økland 80 år, og han markerer det med ny bok.
Einar Økland fekk heidersprisen på brageprisutdelinga i Oslo i 2015.
Terje Bendiksby / NTB scanpix
Einar Andreas Økland er ein mann som har meint mangt, især i sakprosa. Oss imellom? er den niande boka hans med ikkje-skjønnlitterære skrivefrukter, så å seie alt laga på bestilling. Han skriv om det meste, og med stor glede.
Grenselaust, som mannen sjølv, flogvitet i Einar Øklands veg 136, Valevåg.
For jubilanten er 80 år tilsynelatande ikkje nokon alder å snakke om. Likevel minner det korte etterordet i boka om ei avskilshelsing.
– Eg ser at det kan lesast slik, men det er ikkje gjort noko vedtak om at dette er siste ord frå meg. Eit og anna kan enno flotne opp.
Filmdebut
Siste året har valestrendingen også debutert i ei større rolle i Maria Sødahls spelefilm Håp. At det gjekk bra, kjende han som ei stor lette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.