Borgarkrig i Sudan
Mann utan nåde
Etter erobringa av Al-Fashir prøver krigsherren Mohamed Hamdan Dagalo, kjend som Hemedti, å framstå som statsmann. Han lovar å granske ugjerningane og verne innbyggjarane. Men kven vil tru på han no?
Ein skruppellaus opportunist som har blitt rik på gullhandelen: RSF-leiaren Mohamed Hamdan Dagalo, kjend som Hemedti.
AP / NTB
Det har
for lengst blitt eit mønster i Sudan: Krigarane
i Rapid Support Forces (RSF) drep, og leiaren deira, Mohamed Hamdan Dagalo,
kjend som Hemedti, kallar det enkelthendingar og varslar gransking. Og etterpå
held drapa fram.
Slik var
det i 2019, før borgarkrigen braut ut, då RSF brutalt slo ned fredelege demonstrasjonar i hovudstaden Khartoum.
Slik var
det i slutten av 2023, då dei inntok byen Wad Madani. Og slik er det også no,
etter at Al-Fashir blei erobra. Eller «frigjord»,
som RSF seier.
I ein tale
som blei kringkasta sist torsdag, innrømde Hemedti at soldatane hans hadde gjort
seg skuldige i «overgrep» i hovudstaden til provinsen Nord-Darfur. Eit
«uavhengig team» skulle allereie vere på plass i Al-Fashir for å stille
gjerningsmennene til ansvar.
Like etter melde RSF at fleire menn var arresterte,
mellom andre ein kommandant som går under namnet «Abu Lulu». Videobilete frå helga
viste mellom anna at mannen, også kjend som «slaktaren frå Al-Fashir», skaut
uvæpna menn.
«Dei væpna styrkane våre har sett seg føre å oppretthalde rettsstaten»,
lyder meldinga frå RSF. Krigsherren Hemedti vil på nytt gje inntrykk av å vere
statsmann. Spørsmålet er berre kven som framleis vil tru på han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.