JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Då Luther sløkte skjærselden

Med reformasjonen følgde ei radikal kulturendring i måten å minnast dei døde på,
men dette omfatta berre eliten. «Folk flest» fekk ingen synlege minne etter seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På Marktplatz utanfor rådhuset i Wittenberg i Tyskland står denne statuen av Martin Luther.

Hendrik Schmidt

7970
20190816
7970
20190816

Litteratur

janh@landro.bergen.no

At den tyske teologen Martin Luther (1483–1546) avskaffa den katolske skjærselden, snudde nærast opp ned på liturgien i kyrkja, og endra presterolla sterkt. Og med det også korleis ein mintest dei døde. Eit forskingsprosjekt ved Universitetet i Oslo har bringa fram mykje nytt stoff frå eit lite utforska felt i norsk kyrkje- og kulturhistorie. Summen av dette blir presentert i artikkelsamlinga Å minnes de døde. Døden og de døde i Norge etter reformasjonen.

Forskarkvartetten Kristin Bliksrud Aavitsland (kunsthistorikar), Arne Bugge Amundsen (kulturhistorikar) og kyrkjehistorikarane Eivor Andersen Oftestad og Tarald Rasmussen stod bak prosjektet, som sistnemnde var leiar for. Han er også redaktør for boka.

I og med reformasjonen blei kyrkja «Kongens religionsvesen». Det innebar at kyrkja som sjølvstendig institusjon blei demontert, og det langt meir radikalt i Danmark enn i andre land, forklarar Tarald Rasmussen.

– I Danmark tok kongen hand om heile kyrkjeinstitusjonen, slik at han utnemnde biskopar, som måtte avleggje eid til han. Og i denne eiden var det viktigare at biskopane, eller superintendentane, som dei blei kalla, var meir lojale og lydige mot kongen enn dei var mot Bibelen og evangeliet. Danmark gjekk særleg langt i å gjere kyrkja til ein del av kongens apparat.

Christian III var sterkt religiøs og ein klar tilhengjar av lutherdommen. Kongen meinte at han stod nær Gud og hadde eit ansvar frå Han til å vere både politisk og religiøs leiar. Det er ein annan situasjon enn før reformasjonen, der kyrkjemakta var langt sterkare og kunne utfordre kongen.

– At Danmark gjekk så radikalt til verks, kan det knytast til Christian IIIs person?

– Ja, han var ein konge som hadde late seg fascinere av Luther. Som ung hadde han vore til stades på Riksdagen i Worms i 1521, der Luthers forsvar gjorde sterkt inntrykk på han. Han las teologi, høyrde preiker, bad regelmessig og slutta seg ideologisk til Luthers religion. Heile livet var han ein tru lutheranar og sterkt antikatolsk.

Då Luther sløkte skjærselden, skapte han ein kyrkjeleg revolusjon. At ein ikkje lenger kunne nå dei døde og påverke lagnaden deira etter døden med sjelemesser og bøn, ein sentral del av katolsk kristendom, meiner Rasmussen var ein av dei mest radikale konsekvensane av lutherdommen. Ifølgje Luther var det trua aleine som førte til frelse.

1600-talets selfiar

– Då blei det viktig å minnast dei døde i staden for å hjelpe dei. Dette fekk store implikasjonar både for det liturgiske livet, der gudstenesterommet blei forandra, og for rolla prestane hadde. Før hadde folk betalt prestane for at dei skulle lese messe og be for dei døde. Sidealtera i kyrkjene, som prestane hadde nytta til å lese messer, blei no fjerna. I staden sette ein opp epitafium, eller minnetavler, over den protestantiske eliten.

– Kan vi kalle epitafia datidas selfiar? Det dreidde seg jo om sjølviscenesetjing og markering av status?

– Absolutt. Epitafiet for Christen Staphensøn Bang (1584–1678) i Romedal kyrkje i Stange kommune er kanskje eit av dei aller første norske sjølvportretta. For presten måla det truleg sjølv.

Så radikal var omlegginga av kyrkjelivet, fortel Tarald Rasmussen, at det ikkje lenger var naudsynt å ha presten med i gravferda. Bøn og salmesong var nok. Somme droppa det òg, så kongen laut innskjerpe at eit minimum av ritual høyrde med.

– Det gjaldt å døy «ein god død». Kva innebar det?

– Å døy i trua på at ein ville bli frelst, ikkje la djevelen få overtaket. Før reformasjonen fanst det ein type tekstar, Ars moriendi, latin for «kunsten å døy», som skulle førebu folk på døden. Dette var korte, oppbyggjelege tekstar, skrivne for eit breitt lag av det opplyste folket. Luther og hans folk laga ein ny vri på desse tekstane. Det viktigaste var no å dytte unna djevelen og hans freistingar, som kom til uttrykk i tvil på frelsa, tankar om fortaping og frykt for å hamne i helvete.

– «Memento mori», hugs at du skal døy, var også ein sentral del av minnekulturen. Skulle det ha ein oppdragande verknad?

– Minnetavlene og minnepreikene skulle forme ikkje berre tankane, men også kjenslelivet til folk. Den lutherske innskjerpinga av trusvisse er ein typisk freistnad på å forme kjensler. Det hjelper ikkje å tenkje at ein skal vere trygg og uanfekta i trua dersom ein ikkje kjenner seg slik. Derfor var det viktig å forme folks kjensler, så dei ikkje skulle vere redde for fortaping og helvete.

Rasmussen fortel at Ars moriendi-tekstar fekk stor utbreiing mellom dei lesekunnige. Han meiner at salmane etter kvart tok over rolla som fromheitsformande faktor. Tekstane på rim var lette å lære utanåt og enkle å spreie.

Bibelske modellar

– Likpreiker, som dei geistlege heldt over viktige personar, kunne vare i opptil seks timar. Kor mykje trur du var fiksjon? Vi veit jo at kong Christian IV i 1624 kravde at prestane skulle halde seg til sanninga i desse preikene.

– Enkelte prestar gjekk nok altfor langt i å teikne eit positivt bilete av folk og i å dikte opp historier. Ein viktig strategi i likpreikene var å skildre den avdøde slik at han eller ho likna på ein bibelsk person. Dei spelte på eit stort repertoar av bibelske skapningar frå både Det gamle testamentet og Det nye testamentet. Dei døde blei sikkert i mange høve pressa inn i roller for å likne på ein bibelsk person dei ikkje hadde hatt nokon likskap med. Dei skulle iscenesetjast som gode, lutherske førebilete. I så måte kan ein tale om fiksjon.

Det er typisk for minnetavler og likpreiker at dei var reserverte for dei høgste i samfunnet. Tarald Rasmussen fortel at ein tredel av epitafa vi kjenner frå norske kyrkjer, er laga til prestar og prestefamiliar. Dei sytte for seg sjølve som del av ein luthersk elite. Presten som kongens mann blei ein sentral religionsaktør.

– Bondestanden var lite representert?

– Vi har nokre få bondeepitafium, og det er eit interessant spørsmål kvifor det ikkje finst fleire. Om rike bønder er blitt nekta å hengje opp eigne minnetavler, har vi ikkje grunnlag for å vite noko om.

Kvinnene er godt representerte i likpreikematerialet, men mest i eigenskap av prestekone, kjær mor og fødekone. I den lutherske standslæra har familien ei sentral rolle, noko som blei fronta ved at presten stod fram som familiemann. At også avdøde barn blei avbilda på epitafia, var for å framheve familieperspektivet og syne at dei små var tekne hand om av Gud.

Idealrolla for ei kvinne var ikkje lenger å gå i kloster. Epitafiet over Maren Opdal (cirka 1640–1686) i Elverum kyrkje er eit døme på ei minnetavle over ei velståande kvinne som var gift med to prestar etter tur, men det er tydeleg at ho er hovudpersonen på biletet. Den kvinnerolla som kjem fram med lutherdomen, gir eit visst rom for at kvinner med makt og initiativ fekk utfalde seg.

Ikonografien fortel også om det religiøse skiftet som kom. På epitafium og andre gravminne frå tida før reformasjonen står presten med eit beger – ein kalk – i venstre handa, dei lutherske prestane har bytta det ut med Bibelen. Rasmussen forklarar at dette er fordi prestens mest sentrale oppgåve ikkje lenger er å feire messe, men å forkynne Ordet. Prestane skulle vere utdanna i teologi, noko mange ikkje var før reformasjonen, og dei skulle vere «forholdsvis lærde». Kravet om formell utdanning kom tidlegare for prestar enn for juristar og legar.

– «Folk flest» fekk ingen synlege minne etter seg?

– Nei. Det var ein minnekultur for eliten, dei som hadde makt og pengar. Slik hadde det vore før, og slik blei det, sjølv om reformasjonen hadde som ideal å vere ei folkeleg rørsle som skulle ha med alle, utan å skilje mellom prestar og lekfolk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Enkelte prestar gjekk nok altfor langt i å teikne eit positivt bilete av folk og i å dikte opp historier.

Tarald Rasmussen, kyrkjehistorikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis