JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Da aids kom til Noreg

Med boka Det ligger i blodet har lege og medisinhistorikar Ketil Slagstad gitt oss ei norsk aidshistorie med heilskapsperspektiv. Så mykje skil norske røynsler frå internasjonale at boka også skal ut på engelsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette er dosen med piller ein hiv-infisert måtte ta kvar dag i 1998.

Foto: Keystone Press / NTB

8461
20231222
8461
20231222

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Det første kjende aidstilfellet i Noreg blei diagnostisert i 1983. Boka følgjer hiv/aids-utviklinga fram til 1996. Ikkje fordi epidemien då var utrydda, men fordi kombinasjonsmedisinar fekk han under kontroll her heime. I den rike velferdsstaten Noreg er hiv i dag «redusert» til ein kronisk sjukdom. Slik er det ikkje i Afrika og andre delar av verda, der om lag 75 millionar menneske lever med hiv.

Boka har ein undertittel, Epidemien som forandret Norge, som fortel kor viktig forfattaren meiner denne epidemien var.

– Den mest dramatiske endringa handlar om at minoritetane fekk ein større plass i forståinga vår av kva Noreg vil seie. Førestillinga om det homogene Noreg passa ikkje lenger. Både i det offentlege, korleis ein skreiv om homofile, rusavhengige og dels også sexarbeidarar, og i korleis ein tenkte og utforma politikk. Desse endringane var nok på veg, men med epidemien blei dei akselererte, seier Slagstad.

Spesialisering

– Internt i medisinen førte «gjenoppdaginga» av epidemiane til spesialisering av infeksjonsmedisinen som eige fag, omlegging av infeksjonsmedisinske avdelingar, utbygging av isolatpostar og vidareutvikling av blodfaget, med heilt nye rutinar for handtering av blod og ny praksis knytt til blodoverføring.

– Kva ser du som aidsepidemiens mest negative konsekvensar, om vi utelèt dei sjuke og døde?

– Internasjonalt er jo problemet framleis uløyst. Her heime synte epidemien kor avgrensa inkluderinga og samarbeidet kunne vere i velferdsstatsmodellen. Hit, men ikkje lenger. Det gjeld især korleis ein skulle snakke med og dra inn personar med ruserfaring eller røynsle med å selje sex. Det fanst eit hierarki i måten helsestyresmaktene behandla desse subkulturane på, i kva grad dei skulle få vere med på å forme politikk. Framleis slit rusavhengige med å få si stemme høyrd i ruspolitiske diskusjonar.

– Historia om aids i dei første åra er også ei forteljing om hjelpeløyse, desperat søking og feiling?

– Absolutt. Til dels er dette ei historie om ein medisinsk vitskap som mistar kontroll og vinn han att igjen, men inni dette finst òg mykje uvisse, motseiingar og fortviling.

– Sjølv om viruset blei identifisert i overgangen 1983–84, gjekk det lenge før det blei etablert som sjukdomsårsak. Kor lang tid det tok frå eit funn blei godteke som faktum i eit laboratorium, til det blei etablert kunnskap i subkulturar, var noko eg ville syne. Dei første aidstilfella blei registrerte i 1981, det første legemiddelet kom seks år seinare, og endeleg behandling fekk vi ikkje før enn i 1996. Dette var heilt annleis enn med koronaepidemien, der ting gjekk så rasande fort.

Maktutøving

– Når ein skal kjempe mot noko ein ikkje veit kva er, må det bli gjort feil. Sett i ettertid, kva var det verste eller mest kritiske?

– Eg synest det er utruleg at helsedirektør Torbjørn Mork i byrjinga var så steil på at ikkje alle som donerte blod, skulle testast straks. Først måtte ein få sett i gang eit omsorgsprogram for dei som testa positivt. Eg seier ikkje at dette var feil, for han meinte at utan eit slikt program ville dei som testa positivt, bli kasta ut i vonløyse og kanskje ende med overdose eller sjølvmord.

– Det er jo noko svært sympatisk ved den måten å tenkje på?

– Ja, det spring ut av ei politisk linje om helsevesenets rolle andsynes minoritetsgrupper og ønsket om å ikkje leggje ein ekstra stein til byrda deira. Og ein sosialmedisinsk tankegang som la vekt på heilskapen, ikkje berre medisinsk teknologi.   

Oppsiktsvekkjande

Slagstad ser verda gjennom medisinskhistoriske briller og gjer slik medisinen til ein viktig aktør. Men han strekar under at den medisinske makta, slik ho kom til uttrykk under aidsepidemien, ikkje er ei form for styring der helsestyresmakter einsidig tek avgjerder på vegner av ei sårbar eller marginalisert gruppe. På produktivt vis skjedde det eit vekselspel mellom styresmaktene og gruppene som var råka av viruset.

– Det er altså tale om ei maktutøving som ikkje berre går i éi retning, ho verkar også attende på medisinen og helsepolitikken.

– Kor spesielt var det at organisasjonar og grupper som blei direkte råka, tidleg blei trekte inn i strategien styresmaktene utarbeidde, og fekk vere med på å påverke politikken og til dels straffene og behandlinga av sjukdommen deira?

– I norsk behandling var dette svært viktig for å konstituere prinsippet om at brukargrupper fekk delta i arbeidet med å utvikle ein forskingsprosess og retningsliner for dei problemet angjekk. Å inkludere brukarar blei ein føresetnad for å kunne skape effektive tiltak. Dette kom med epidemien. Men det var altså mykje enklare for styresmaktene å inkludere homofile enn rusavhengige og sexarbeidarar i arbeidet. 

– Kva fekk det å seie at kampanjane mot aids ikkje berre kom frå helsebyråkratiet, men òg frå organisasjonane og dei homofile sjølve?

– Det var heilt avgjerande for å skape forståing og tillit til tiltaka og å nå ut til dei miljøa der folk var. Lenge hadde homoseksualitet vore både kriminalisert og sjukeleggjort av staten, og no bad altså den same styresmakta om tillit i smittearbeidet. Tilknytinga til aids og hiv var potensielt eksplosiv. Medisinsk var dette grepet også svært viktig for å få folk til å verne seg, slik det også var viktig for tillitsskapande arbeid mellom subkulturar og styresmakter meir generelt og for å unngå splitting mellom desse gruppene og majoritetsbefolkninga.

– Kor mange år gjekk før medisinarane fekk eit realistisk bilete av kor farleg aids og hiv faktisk var?

– Først kring 1985–86 gjekk aids og hiv frå å vere eit randsonefenomen til å bli ein epidemi som truga heile Noreg, i alle fall såg styresmaktene det slik. Då fekk ein dei store prognosane med opp til 200.000 nordmenn smitta. Vanvitige tal. Før dette rekna ein at epidemien var avgrensa til subkulturane, og at det var ein tilstand ein kunne bli frisk av, eller i alle høve halde i sjakk.

– I sum, korleis vurderer du styresmaktene si handtering av hiv/aids-krisa?

– Så mykje som ein satsa på samarbeid og fri vilje, var handteringa oppsiktsvekkjande. Svært mykje tala for at ein kunne ha handla annleis i ein dødeleg epidemi med dramatiske prognosar for heile landet. Slik stoda var, hadde styresmaktene høve til å utforme tiltaka fritt. Dei kunne lett fått støtte for å handle langt meir inngripande, likevel valde dei ein politikk med større risiko. Ingen kunne vite sikkert at dette ikkje ville gå feil. 

På spørsmål om kva som gjer at nokre homofile menn synest å ha langt fleire sexpartnarar enn heterofile, svarar Slagstad at det truleg har med kultur å gjere.

– Eg trur det handlar om cruising-kulturen som hadde vakse fram i fleire land, dels fordi dei homofile ikkje kunne leve i ope forhold. Slik blei trongen for intimitet dekt i meir tilfeldige situasjonar. Så var vel dette også ein slags motkultur i storbyane som voks fram i ein fridomsrus. Å ha mange seksualpartnarar blei dyrka som ein del av identiteten.

Guds straffedom

– Mange aidsråka kjende på skam, skriv du. Kor djupt stakk det?

– Litt forskjellig, avhengig av kven ein spurde. I rusmiljøa var openheita overraskande stor, kanskje fordi dei ikkje hadde så mykje å tape. Men for mange homofile var det ei skam, ikkje minst fordi mange i samfunnet knytte dette til individuell skyld.

– Korleis vil du karakterisere kyrkjas rolle?

– Dei som såg hiv og aids som Guds straffedom, representerte ikkje heile kyrkja. Aids gav også her høve til nye former for aksjonisme, altruisme, nestekjærleik og diakonisk praktisk arbeid på gata. I dette låg også noko av grunnlaget for arbeidet med partnarskapslova, som jo var forløparen for ekteskapslova. Tilsvarande medverka dette til stemningsskiftet kring spørsmålet om homofilt samliv.

– Det store medisinske gjennombrotet kom i 1996. Kva har skjedd sidan?

– Framleis er det ikkje utvikla ein vaksine mot viruset. Men det har komme fleire effektive legemiddel med mindre biverknader, og kombinasjonar som kan tilpassast kvar pasient. Behandlinga er blitt betre, slik at ein kan førebyggje smitte til barnet i svangerskap. Det har òg komme legemiddel som pasientar som er særleg utsette for å bli smitta, kan ta førebyggjande. I mange land har det gitt eit sterkt fall i hivtilfelle.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis