Brønnane i Nasaret
1950: Det tok tid før kvinner gjorde den journalistiske reiseskildringa til si form. To av pionerane kom frå Oslo, ei frå Salten.
To brønnar. Austleg-ortodokse meiner at Maria-brønnen i Nasaret ligg her, på torget ved hovudgata. Gresk-ortodokse meiner han ligg under St. Gabriels kyrkje like ved. Ruth Alvsen var begge stadene.
Foto: Wikipedia
Boka er så enkel at ho er god. Ein blank marsmorgon i 1950 la frysebåten «Ålesund» ut frå Kopervik og sette kursen for Israel og Palestina. Om bord var mengder av fisk og ei kvinne, journalisten Ruth Alvsen (1913–74). Ho var «oppflaska med sjøen og boren i båt», skriv ho i reiseskildringa Jomfru Marias Brunn (1950). Sju reisebrev til Gula Tidend og Morgenbladet var blitt mykje omarbeidde for boka.
Få journalistar gjorde ei slik reise i dei åra då jødane samla seg i Israel. Endå færre av dei var kvinner. Reiseskildringa var mannens tekst, om det ikkje var for oslokvinnene Gerda Grepp og Lise Lindbæk i den spanske borgarkrigen.
«Kvart liv er ein roman», skriv Alvsen då ho møter dei som byggjer den nye staten. «Andliti deira ber skuggar etter ei fortid.» Det gamle hebraiske språket skal vere det nye nasjonalspråket: «Rymlingane som kjem får kurs i hebraisk og friskar opp det dei har lært som barn.»
Alvsen ser menneska, anten dei er jødar eller arabarar. Tonen er lett, stilen moderne, språket nyansert. Like ved hovudgata i Nasaret kjem ho til brønnen der Maria møy skal ha henta vatn. Brønnen er «djup og mørk og gåtefull», vatnet er lunka, Ruth drikk og drikk. Andre stader ser ho vegger gjennombora av granatar, oppe på Karmelfjellet møter ho drusarar, som ho skildrar presist på ei lita side, i Haifa seier Asam til henne at jødane ikkje handsamar arabarane som sine likestilte. Der får ho arabisk brød, «store runde kakor, akkurat same slaget som i Nordland».
Kvar ho kom, jamførte ho med det ho kjende heimanfrå. Ho var frå Skivika nord for Bodø, fekk dikt på trykk i Nordlandsposten før ho var konfirmert og tok seg kontorjobb i Bergen 17 år gamal. Der tok ho examen artium og var i fleire år journalist i Gula Tidend. Seinare arbeidde ho også i Morgenbladet, blei Oslo-korrespondent for Gula, redaksjonssekretær i For Bygd og By, redaktør i Telemark Tidend, journalist i Alle Kvinners Blad og meir til i sitt flyktige liv.
Ruth Alvsen var ei mild kristen kvinne som ikkje følgde alle normer og konvensjonar. Seinare kan det same seiast om Sigrun Slapgard i Latin-Amerika, Kjersti Strømmen i Kina, Sidsel Wold i Midtausten og Erika Fatland langs den russiske grensa. At dei har reiseskildra i bokform, er like sjølvsagt på 2000-talet som det var uvanleg, det Alvsen gjorde midt på 1900-talet. «Ein brunn er ein kosteleg ting i dette landet», skreiv ho. «Kring brunnen kan folk slå seg ned, byggja byar. Brunnen er hjarta, som ikkje veit av tid.»
Ottar Grepstad
Ottar Grepstad er litteraturvitar
og forfattar.
Neste veke: Sjokket
i Rococcosalen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.