JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Bokmeldaren

– Kanskje er det ikkje så dumt å kjenne seg litt ansvarslaus som kritikar, seier «Årets kritikar», Eivind Myklebust.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eivind Myklebust bur på Kampen i Oslo.

Eivind Myklebust bur på Kampen i Oslo.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

Eivind Myklebust bur på Kampen i Oslo.

Eivind Myklebust bur på Kampen i Oslo.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

10662
20200403
10662
20200403

Litteratur

Ida@dagogtid.no

Litteraturkritikk set kjensler i sving. Ikkje berre fordi folk blir vonbrotne når forfattarar og bøker dei likar, får motbør, men òg fordi kritikarrolla i seg sjølv er så betent. Slik har det alltid vore. Så lenge ein har hatt kunstkritikk, har folk skulda kritikarar for å vere parasittiske, svulstige vesen.

Samstundes har ein dei som meiner at den offentlege samtalen om kunst er sjølve kjernen i eit sivilisert samfunn, fordi det berre er i kulturproduksjonen at eit folk faktisk kan seiast å eksistere. Det er i samtalen om det vi i sum lagar, at fellesskapet forvaltar seg sjølv over tid.

Men kva er eigentleg oppgåva til ein kritikar? Er boka han melder, berre eit middel som kritikaren kan nytte seg av for å skrive om det han sjølv er interessert i, eller er oppdraget å vere ei slags brukarrettleiing for lesarar som vil orientere seg i flaumen av nye bøker? Dei lærde stridest.

I år gjekk kritikarprisen for årets beste litteraturkritikar til Eivind Myklebust i Klassekampen. Myklebust er flink til å lese på bøkenes eigne premissar, heller enn å tre seg sjølv eller bestemte perspektiv ned over hovudet på dei. Det er kanskje dette juryen viser til når dei i grunngjevinga skildrar det «vennlege temperamentet» i tekstane hans. Det er eit temperament som til dømes lèt han unngå å klandre forfattarar for å mislukkast i å gjere ting dei i utgangspunktet ikkje freista gjere – eit klassisk kritikarfeilsteg.

Myklebust skriv jovialt og jordnært, utan at det hindrar han i å byrje eit essay med setninga: «For ein god del år sidan reiste eg til Freiburg i Tyskland for å sjå kor den tyske filosofen Martin Heidegger filosoferte frå.» Essayet er ei lesing av korleis ulike forfattarar skriv om spørsmålet om filosofen Martin Heideggers forhold til nazismen, og er eit døme på kva ei bokmelding kan gjere, om den som skriv, maktar å blande personlege erfaringar med nærlesing og historieforståing.

– Er det du driv med journalistikk, kunst eller pedagogikk?

– Ja, kva er det eigentleg eg held på med? Det vekslar vel mellom dei rollene du nemner. Frå veke til veke tenker eg nok litt pedagogisk. Jobben min er å opne bøkene for lesarane og pakke ut det som måtte vere interessant der. Samstundes har eg prosjekt og tankar eg held på med på sida av dei bokmeldingane eg leverer kvar veke, ein meir litterær kritikk. Eg vil jo òg skrive ting som kan vare lenger enn til neste vekes avis. Men så er det heller ikkje alltid slik at dei langsame tekstene blir betre enn dei kjappe. Ofte er eg mest nøgd med tekstane som kjem spontant. Dei som blir til fordi boka eg les, rører ved noko som har interessert meg lenge.

– Folk les mykje om dagen. Salet av paperbackromanar gjekk opp 35 prosent i England sist veke, og folk kjøper særleg lange bøker og klassikarar. Det kan sjå ut til at korona er bra for helsetilstanden til litteraturen. Er slikt viktig for deg? Kjenner du omsorg for statusen til litteratur generelt?

– Jo, ei viss omsorg har eg. Eg reiser jamleg rundt og vitjar skuleklassar for å snakke om litteratur, og det er lite som slår frisk ungdom som lèt seg engasjere av litteratur. Eg blir også glad når vaksne folk les i staden for å finne på alt anna tull. Men når ein har levd av å lese ganske lenge, har ein nok eit annleis forhold til bøker enn folk flest. Og det skal ein vere klar over. Ein bør tenke over kvar ein snakkar frå som kritikar. Eg blir ofte stressa når kjenningar ber meg anbefale bøker, i alle fall når eg ikkje veit kva og kor mykje dei les til vanleg. Ein kan drepe mykje leselyst på den måten. No er det jo delvis dette ein driv med som kritikar, men eg kjenner meg friare i kritikarrolla, der lesaren kan møte mine meiningar med sine eigne, utan det sosiale bandet.

– Korleis stiller du deg til debattane om kritikarar sitt ansvar?

– Eg slit med å kople meg på dei. Det er noko med det nærsynte perspektivet eg arbeider frå. Om eg hadde vore kritikar på si, hadde eg kanskje tenkt meir over kva kritikk eigentleg er eller bør være, men for meg har det eigentleg vore ein frå-hand-til-munn-jobb frå første stund. Eg har ikkje hatt gamle pengar å leve på og har måtta halde høgt tempo sidan eg kom ut av universitetet. Det er hektisk, men det hektiske gjer det også produktivt, og det likar eg nok litt, sjølv om eg nok kan syte og klage over det. Det er uansett ikkje så ofte eg har tid til å trekke meg tilbake og reflektere over ansvaret mitt som kritikar. Men kanskje er det ikkje så dumt å kjenne seg litt ansvarslaus som kritikar?

– Så du involverer deg ikkje i desse debattane som flammar opp med jamne mellomrom, om at kritikarar anten skriv for mykje om seg sjølv i meldingane eller for lite, eller at dei konsentrerer seg mykje om anten dei etiske eller dei estetiske sidene ved boka?

– Eg følger med når slikt vert diskutert, men kjenner vel sjeldan at eg har noko som berre må fram i debatten. Det er andre med meir erfaring der ute. Eg har halde på med dette i fem–seks år, og ser ikkje vekk frå at behovet for fagleg sjølvrefleksjon blir større med åra.

– Hadde du andre måtar å lese på før du byrja melde bøker, som du no saknar?

– Nei. Eg trur eg framleis les slik eg alltid har lese. Men eg har òg lese som konsulent for forlag, og då les ein på ein annan måte enn den eg trivst best med. Eg liker nok betre å relatere meg til litteratur som alt er ferdig og ute i verda, slik at eg kan trekke trådane vidare utover heller enn innover.

– Synest du at litteraturkritikken her i landet er prega av ideologiske skiljeliner? I så fall, kven representerer dei ulike leirane?

– Eg merkar nok slike skiljeliner betre på andre stader i avisene enn akkurat i litteraturkritikken. Vi er vel ein litt einsarta gjeng. Men det finst jo der òg, og litteratursynet er kanskje litt ulikt i til dømes Morgenbladet og Klassekampen, to aviser med mykje litteraturkritikk. Frå min ståstad ser det ofte ut til at den estetiske smaksdommen står sterkare i Morgenbladet, medan eg opplever at Klassekampen er tydelegare forankra i eit politisk prosjekt, med eit klasse- og utkantperspektiv. For meg har det vore viktig å ha ein slik ståstad å møte litteraturen frå. Men det kan sjølvsagt også bli føreseieleg om ein heile tida skal tvinge eit litteratursyn inn i det ein les og skriv, så eg prøver å passe meg. Så merkar eg at eg blir litt brydd når eg automatisk dreg fram desse to avisene med ein viss status i litteraturmiljøet. Det blir òg skrive svært mykje god litteraturkritikk i til dømes Vårt Land, Aftenposten og Dag og Tid.

– Ja. Vårt Land har slått seg opp som ein viktig arena for bokmeldingar. Og ein kan lett sjå at dei ulike avisene har ulikt temperament. Det er vel til dømes meir slakt i Aftenposten og Morgenbladet enn i Vårt land og Klassekampen? Kva er ditt forhold til å slakte bøker?

– Eg har nok litt vanskelig for å leite fram dei store våpena når eg oppfattar bøker som dårlege. Eg kjenner sjeldan slaktebehov, oftare apati. Men i møte med bøker som er utprega ideologiske, eller som meir umedvite avslører sine ideologiske føresetnader, kan eg få lyst til å drive med polemikk.

– Så du føler at ulike bøker krev ulike typar kritikk?

– Ja, absolutt. Og det er vel ofte utfordringa i å skrive kritikk, det å leite fram svært ulike sider ved seg sjølv, utan å flyte heilt ut og forsvinne. Eg hugsar ikkje kven som sa det, kanskje det var James Wood (ein amerikansk kritikar, red. merk.), at ein lyt bruke det ein har. Eg tenker at ein har eit arsenal av erfaringar, kunnskap og referansar, og at det er dette ein leitar i når ein går i gang med ei ny bok.

Han meiner at om boka rører ved noko ein alt har ein inngang til, så blir det ofte bra. Når ein ikkje har det, blir det gjerne meir oppskriftsprega.

– Det er ikkje kvar dag eg sit og snakkar om kritikk på denne måten, seier han.

– Strittar du imot å snakke slik som dette om det du driv med, liksom teoretisk, i fugleperspektiv?

– Ja, det gjer meg frykteleg sjølvmedviten. Har du lese Komme til orde av Anders Johansen? Det er ei fantastisk bok! Han skriv om det han kallar «beboerne av de stummes leir» og skildrar korleis bønder og arbeidarar og kvinner fram til 1913 kjempa seg til ein plass og ei røyst i ålmenta. Til det han kallar «retorisk medborgarskap».

– Identifiserer du deg med den verda, som audmjuk sunnmøring med fast plass i ei osloavis?

– Ja, no er vel ikkje sunnmøringane først og fremst kjende for å vere audmjuke, og boka til Johansen handlar jo om 1814–1913. Det har sjølvsagt skjedd mykje sidan 1913, med motkulturar og utdanningsrevolusjon og så vidare. Ein kan ha mykje moro med folk med bustad i Oslo og spalteplass i helgeavisene som trur dei er fåmælte og forsiktige utkantfolk! Eg har få illusjonar, for å seie det sånn, der eg sit og arbeider på loftet på Litteraturhuset i Oslo. Men Klassekampen er no likevel ikkje berre ei osloavis, men ei avis med kontor i Vest-, Midt- og Nord-Noreg. Eg kjem frå eit industri- og bondesamfunn på Vestlandet, har vakse opp med foreldre i praktiske yrke og kjenner meg nok att i somme av dei skilja Johansen skildrar i retorikken. Uansett kjenner eg meg nok tryggare på å skrive om bestemte emne enn på å tale laust om store ting, som kritikkens oppgåve og kår. I alle fall i det offentlege.

Han seier at han ikkje er veldig komfortabel med til dømes å sitje på scener og diskutere bøker.

– Det er jo sympatisk. Eg elskar å vere på scena. Det seier sikkert noko forferdeleg om meg.

– Folk er ulike slik, og det handlar sjølvsagt om personlegdom, men ofte handlar det også litt om kvar ein kjem frå.

Myklebust fortel om eit arrangement han var på rett før koronakrisa, der heile den norske sakprosaeliten var samla i Fritt Ords lokale i Oslo for å feire og diskutere utgjevinga av boka På æren løs av Tore Rem, Espen Søbye og Kjartan Fløgstad. Der sat dei, fleire av aktørane i debatten kring Den norske Forfatterforeningens «frikjenning» av forfattarar ein meinte hadde tent saka til nazistane. Ein prominent litteraturperson hadde kjøpt med seg boka på veg inn og stod og bladde litt i henne under arrangementet. Då dei opna for spørsmål, tok han straks ordet og spurde kvifor forfattarane ikkje tok stilling til ei anna bestemt bok i arbeidet sitt.

«Jo då», svarer Søbye, «eg trur vi nemner den boka over 100 gonger».

– For meg var den scena eit godt bilete på kor ulik terskel folk har for å ta ordet, seier Eivind Myklebust.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ein har eit arsenal av erfaringar og kunnskap og referansar, og det er dette ein leitar i når ein går i gang med ei ny bok.

Eivind Myklebust, kritikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis