JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Afghansk glød
for Amalie Skram

Ein norsk roman frå 1885 vart viktig for ein afghansk forfattar i Danmark.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Afghansk-danske Geeti Amiri fekk ei aha-oppleving då ho las Amalie Skrams ekteskapskritiske roman frå 1885.

Foto: Privat

3213
20190719
3213
20190719

Over store delar av framsida og fleire sider i den danske avisa Politiken fortalde afghansk-danske Geeti Amiri denne månaden om kor viktig Amalie Skrams roman Constance Ring har vore for henne.

I Danmark har Amiri (30) vorte ein kjend debattant med særleg vekt på den «nydanske» kvinnekampen, det vil seia blant innvandrarane i Danmark. Det er eitt tema ho vonar at «nydanskane» kjem til å debattera, og det er seksualitet.

I 2016 gav ho ut sjølvbiografien Glansbilleder, som fekk ei svært positiv mottaking.

Geeti Amiri er fødd i Kabul. Ho er dotter til ein afghansk minister som har undervist i arkeologi både på Harvard og ved universitetet i Kabul. Familien kom til Danmark då Geeti Amiri var fem år, men faren døydde då ho var 14. Broren vart overhovud i familien, og ho vart straffa av di ho tenkte sjølvstendig. Som kvinne skulle ho lyda. Valden auka på, og som 17-årig gymnasiast hamna ho på krisesenter. I fleire år hadde ho ingen kontakt med familien.

– Eg var utstøytt og levde rotlaust i limboland, fortel ho til Politiken.

Då Geeti Amiri var 19 år, las ho Constance Ring, og forteljinga om den kampen Constance fører for å verta lukkeleg i ekteskapet, vart som ein spegel der Amiri kunne sjå både sitt eige og foreldra sitt liv. Møtet med den unge norske kvinna i romanen opna augo til den afghansk-fødde kvinna. I Constance såg ho ein lidingsfelle som kjempa med dei same forventingane til kva ei kvinne burde vera for ein mann.

– Eg var trollbunden. Kanskje var det ei meining i det eg går gjennom, tenkte eg. Det kan vera stor trøyst i å lesa om ei som har det på same viset som ein sjølv, fortel Amiri til den danske avisa.

Amalie Skram vart fødd i Bergen, men busette seg i Danmark. Constance Ring var sjølvbiografisk og bygde på ekteskapet med August Müller, som var seksten år eldre enn ho. Romanen førte til heftig debatt då han kom ut. Det første forlaget som fekk han i hende, ville ikkje gje han ut. Kritikken av det borgarlege ekteskapet var for krass, og dei seksuelle scenene for tydelege.

«Eg er perkerudgaven af Amalie Skram», har Geeti Amiri tidlegare uttalt til avisa Information. «Perker» er eit skjellsord for ein person som ser ut til å koma frå Midtausten, og det har same negative valør som «pakkis».

Til avisa fortalde Amiri at årsaka til at ho hamna på krisesenter, ikkje berre var den valdelege broren, men også «det rådne kvinnesyn» som herskar i mange minoritetsmiljø.

I det same intervjuet fortel ho om raudstrømpelæraren på gymnaset som gav henne Amalie Skrams roman Forrådt, og korleis ho gret seg gjennom han. Det var historia til mora; om tvangsekteskapet med ein mykje eldre mann og eit samfunn som tvinga henne til å halda fasaden som den anstendige kvinna.

Etter at Amiri i fleire år ikkje hadde hatt kontakt med familien, fekk broren ei dotter, og mora greidde å overtala Amiri til å sjå den nyfødde. Det vart gradvis meir kontakt med familien, og i det gamle intervjuet i Information heiter det at broren no er ut av «lortefortida».

Ottar Fyllingsnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det kan vera stor trøyst i å lesa om ei som har det på same viset som ein sjølv.

Geeti Amiri, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis