Bok
– Vi treng dei store forteljingane
Lars Petter Sveen (38) har i snart tjue år vore fascinert av Afghanistan og Taliban, men fekk ikkje til å skrive roman om det før han flytta det krigsherja fjellandet til Noreg.
Lars Petter Sveen seier at han alltid har vore oppteken av den råskapen og valden som finst i menneska.
Foto: Tine Poppe
I dag kjem Nordriket, ein roman om religion og fundamentalisme, naturressursar, krig og terror. Sjølv om forfattaren har flytta Afghanistan til Noreg, har han knapt flytta handlinga i tid. Som lesarar skal vi kunne kjenne oss att i det som skjer, og helst sjå eigne tankar, haldningar og handlingar i lys av det som hender andre stader i verda. For verda, på godt og vondt, er ikkje så langt unna.
– I historia om Taliban fann eg eit ekko av dei islandske heltesogene, og eg fekk lyst til å skrive med utgangspunkt i dei. Eg prøvde om att og om att, men utan å lukkast. Det som måtte til, var at eg flytta handlinga inn i eit norsk univers.
– Leiarane held seg til Bibelen, som dei tolkar slik det høver dei, men i lesinga er det lett å erstatte Bibelen med Koranen?
– Heilt klart. Sjølv er eg kristen, men humanetisk oppdratt, og har sett korleis heilt ulike politiske og ideologiske fløyer kan finne meining og støtte i den same bibelteksten. Språket er sterkt og høver til nesten kven og kva som helst. Det same ser ut for å gjeldeKoranen. Fleire stader i boka nyttar eg tekstar som har blitt misbrukte til ulike vonde føremål. Eit døme er Første Samuelsbok 15,3, som europearane nytta til forsvar då dei utrydda indianarane i USA.
– Den frie bruken av Bibelen finn vi òg i Nordriket. Kommandantens gamletestamentlege, hemnande Gud står mot Eiriks nytestamentlege, tilgivande Gud?
– Det ligg ei stor usemje i kristentrua vår, Bibelen er full av sjølvmotseiingar og gir alltid dekning for alt du vil tru på. I Nordriket blir dette tydeleg, der er det mange som nyttar Bibelen destruktivt. For meg er det like viktig å snakke om og diskutere grunnlaget for eiga tru som å tru at når eg har lese Bibelen, så har eg svara.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.