– Plata er ein biverknad
Både fengjande danserytmar og minimale beats toneset tekster om samlivsbrot og kjærleikssorg på det nye albumet til bergensrapparen Lars Vaular.
– Eg trur samfunnet har mista kontakt med det spirituelle. Berre synd eg ikkje trur på nokon religionar, seier Lars Vaular.
Foto: Helene Kjærgaard / TV 2 / NTB scanpix
Midt i musikken står ei klok stemme ganske åleine, konfrontert med ei livskrise, og rappar om at ein må miste seg sjølv for å finne seg sjølv.
– Forfattarar får ofte tyn om dei vert for sjølvutleverande, men ikkje rapparar. Kvifor bruke ditt eige liv så eksplisitt i songane?
– Eg snakkar til meg sjølv. Det trur eg mange gjer. Det er eit kjenneteikn på tida vår.
– Kva slags krise sprang det nye albumet Flere steder alltid ut frå?
– Det kan vere det same. Eg har mange kriser eg kunne teke av. Det er ikkje den unike krisa som er poenget.
– Målet er altså ikkje terapeutisk, men å formidla noko fellesmenneskeleg? Det terapeutiske er ein biverknad?
– Nei, plata er ein biverknad. Skriv gjer eg uansett.
– Ein knyter namnet ditt til det tette musikkmiljøet i Bergen, men du bur i Oslo. Du er nok ein fallen bergenspatriot?
– Songen min der KAMARA syng «du er frå Bergen no, men du tilhøyrer verda no», handlar om det. Eg tenkjer på plata som ein film eller eit teaterstykke der ho er den indre stemma mi. Ho er stemma i meg som minner meg om kvar eg kjem frå, og kvar eg skal.
– Nostalgien er ofte sterk i hiphop. Ein skal representere det ein kjem frå. Er det slike kjensler som motiverer songskrivinga di?
– Nei, eg lengtar ikkje tilbake. Eg ser framover. Men eg er stolt av staden eg kjem frå.
– Albumet handlar om å akseptere seg sjølv og si eiga historie. Ein må eige sitt eige liv. Der er eit par «desperate» sjølvhjelpslåtar på plata. Men noko eg ofte prøver å gjere i tekstane, er å prate om noko djupt personleg, medan det på same tid handlar om eit større samfunnsproblem – marginalisert ungdom i drabantbyen eller kva det måtte vere. Meininga sklir raskt over frå min situasjon til noko større. Mykje liknar på mykje. Dei same kjenslene er overalt – håp, frustrasjon, kjærleik, hat. Eg trur at alle er ein. Dei individuelle kroppane er berre fysiske skjel som skjuler at vi eigentleg er eit felles medvit. Om vi innser det, og ser likskapane i verda, så skal nok alt ordne seg.
– Forkynner du no ein slags holistisk hippiemoral?
– Kanskje. Eg trur samfunnet har mista kontakt med det spirituelle. Berre synd eg ikkje trur på nokon religionar.
– Kvar får ein då tilfredsstilt dei åndelege behova, om ein ikkje er religiøs?
– Vel, meditasjon og trening er spirituelle aktivitetar, og so har ein jo det nye albumet til Kanye West. Og psykedelia.
ida@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.