Bok
– God litteratur unnskyldar alt
Dag Solstad synest alderdommen er spennande, for då skal ein jo døy! Men at 80-åringen skal ha blitt klokare med åra, vil han ikkje høyre tale om.
Dag Solstad fylte 80 år 16. juli i år.
Foto: Baard Henriksen
Med Artikler om litteratur 2015–2021, alt skrive med kulepenn, har forfattaren lagt nok ein stein til eit etter kvart ruvande litterært byggverk. Her har han samla artiklar om litteratur, eigen og andre sin, ei handfull intervju og ein merkeleg draum som drøymaren sjølv ikkje vil gi seg ut på å tolke. Som i Roman 1987 surrar han også her med namn og resultat frå skøytemeisterskapar.
– Eg ser ikkje noko poeng i å vere korrekt, alt er henta frå minnet. Mykje av det eg skriv, kan ein seie imot. Eg kan til og med motseie meg sjølv.
Han seier at han er blitt ein gammal mann og merkar at hugsen sviktar, finn ikkje alltid dei rette orda.
– Men når eg skriv, kjem dei til meg på ein heilt annan måte. Det som interesserer meg, er mi eiga forfattarrøyst.
– Er det stor skilnad på å skrive romanar og essay?
– Eg skil ikkje lenger mellom desse, tenkjemåten er mykje den same. Men romanar kan eg ikkje skrive lenger. Det tek ti år frå eg får ein idé til det blir dikting av han. For meg har løysinga blitt å skrive skjønnlitterære essay. Slik eg ser det no, og når eg veit korleis eg jobbar, er det uråd for meg å halde fram med romanskriving.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.