Krig

Opne og løynde forhandlingar

President Volodomyr Zelenskyj blir pressa frå alle kantar for å både inngå ein avtale med Russland og endre grunnlova. Men oppslutninga om han har auka.

Staben på det ukrainske mattoget pakkar måltid til busette i Odesa som må greie seg utan elektrisitet etter russiske åtak.
Publisert Sist oppdatert

Eit konditori i Bulvarno-Kudrjavska, ikkje langt frå bustaden vår i Kyiv, måtte nyleg leggje ned. På grunn av langvarige straumbrot kunne dei ikkje lenger halde det gåande.

Dei hadde kjøpt generator, men eit bakeri treng mykje meir straum enn ei kaffimaskin eller ein minimarknad med eit par kjøleskap. Auken i drivstoffutgifter gjorde at bakeriet måtte stanse drifta, i alle fall mellombels.

I dag drog kona mi og eg til det lokale skattekontoret for å be dei rette opp ein feil. Kontoret ligg i eit travelt område nær T-banestasjonen ved den polytekniske høgskulen, med ei mengd småbutikkar, frukt-og-grønt-utsal, frisørar og andre private føretak. Midt på dagen var over halvparten av dei stengde – også dei offer for straumbrota, som kan vare i opptil sju timar.

Mens små bedrifter stengjer dørene, held større butikkar og verksemder det gåande, og livet i Kyiv held fram akkompagnert av den kraftige duringa frå generatorar.

«Om temperaturen i Kyiv fell til 10 minusgrader, har byen berre straum til eit par timar kvar dag», seier ekspertar på elforsyning. For småbyen Artsyz i Odesa oblast og mange andre byar og tettstader i Bessarabia er situasjonen verre enn som så, sjølv om temperaturen der sjeldan kjem under 5 varmegrader. Dei har vore utan straum i fleire dagar. Nesten alle transformatorstasjonane i Odesa oblast er blitt øydelagde. Artsyz får vasstilførsel to gonger om dagen, morgon og kveld. Folk kan lade telefonen på bibliotek og skular, der det er sett opp generatorar. Dei lokale styresmaktene sørgjer dessutan for varme måltid til innbyggjarar som har elektrisk komfyr.

Odesa oblast ligg i Sør-Ukraina, der klimaet er relativt mildt, men utan straum og varme og med svært lite vatn er livet på ingen måte enkelt når temperaturen er 5 grader.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement