Venskap

Gjengen 26 år seinare

Dette er ein tekst om Message, ei jentegruppe du aldri har høyrt om og aldri kjem til å høyra om igjen.

Message på operataket i 2025: Tina, May Linn, Kjerstin, Anja, Kjersti og Tove. Til venstre er fotograf Eric Clement.
Publisert Sist oppdatert

Eit høgdepunkt frå i år finn eg i mediebanken på nettsidene til Fritt Ord. Blant bileta som vart tekne under prisutdelinga i mai, då eg saman med Morten Mørland og Marvin Halleraker fekk Fritt Ords Pris for satireteikningane våre, er eit motiv som rører meg.

Der står me på operataket og held rundt kvarandre: Tina, eg, Kjerstin, Anja, Kjersti og Tove. Me har stilt oss opp for at bror min, Eric, skal ta bilete av oss – i same formasjon som på eit bilete han tok av oss i 1999.

Bak han igjen står altså Fritt Ords eigen fotograf, Ilja C. Hendel, og forevigar det heile.

Det ingen andre på operataket veit, er at me seks utgjorde bandet Message.

– Om nokon av oss vert så kjend at me skal opptre på ei scene, skal dei andre bli inviterte som VIP.

Slik var avtala då bandet Message vart oppløyst for siste gong, sommaren 1999.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement