Skogplantinga gjekk som ein farsott over landet frå 1950-talet og utover. Alle var med. No er skogen hogstmogen. Då er det godt med ei lita bandsag.
Reportasje
Hekta på saga
Dei kvasse herda fjørståltennene i sagbladet skjer lett og snorrett igjennom den 20 tommar tjukke tømmerstokken.
Dag og Tid har kjøpt sagbruk. Vel, det er overdrive. Vi har kjøpt ein liten part i ei transportabel bandsag. Prisen for saga var 125.000 kroner. Avisa, i praksis underteikna, har gått inn med 20.000 kroner. Det gjev bruksrett til å saga det vi måtte trenga av materialar på stølen. Som ei ny geitehytte eller nye båsskilje i fjøset.
Saga står på slektsstølen som eldstebror min Arnfinn og kona hans no eig, i ein sidedal ned frå Dag og Tid-stølen. Skogen som vart planta her på 1950- og 1960-talet, er hogstmogen, og er eit klassisk døme på den store skogplantinga som fór som ein farsott over landet på 1950-talet og fram mot 1990.
Eg vart òg råka. Klokka 07.30 om morgonen den 25. mai 1982 stilte eg opp utanfor Voss skogkontor på min fyrste plantedag. Skogreisingsleiar Sigmund Skiple tok imot oss, og saman med seks andre køyrde vi ut til ei eller anna utmark i det store heradet, festa plantebeltet rundt livet, tok plantehakka og kvar vår kasse med plantar på akslene og gjekk opp til plantefeltet, stilte oss på rekkje med to meter mellom kvar og sette i gang med sommarjobben.
Dei toårige plantane hadde vorte dyrka fram i veksthus i små pottebrett med torvjord. Kvar plante stod for seg i ei sylinderforma smal hylse, slik at røtene vaks fram til ei 10 cm lang patron. Plantehakka hadde ei holpipe i enden som ein stakk ned i jorda med foten, etter at ein hadde fjerna vegetasjonen der planten skulle ned. Då var det lett å stikka planten med rotpluggen ned i det same holet, og vips hadde du planta eit nytt tre.
Dei beste planteplassane var inntil stubbar, tuer, steinar og i og ved kvisthaugar. Vi låg unna søkk i terrenget, der vart det for vått, og aldri oppå sjølve tuene, der vart det for turt. I alle tilfelle måtte planten setjast djupt nok, under humuslaget, slik at røtene kom i kontakt med mineraljord.
Vår jobb var ferdig med sjølve plantinga, men plantane stod framfor store utfordringar. Ofte kan 25 prosent av plantane ha visna eller vorte øydelagde etter nokre år.
Bregner og lauvkratt kan kvela dei. Elg, mus og gransnutebille kan ta knekken på dei. Den kraftige centimeterlange svarte billa med lyse flekkar er særleg glad i borken på unge og nyplanta grantre. Ei einsleg bille kan vera nok til å øydeleggja ein ny plante på nokre døger.
Dei neste fire somrane planta eg over heile bygda. Dei to siste åra som gjengleiar. Kvar dag skulle vi sju gjengmedlemene planta 500 plantar kvar. Det vart 3500 plantar for dagen, 17.500 i veka og 140.000 på åtte veker kvar sommar. Over ein halv million granplantar var eg med på å få i jorda.
Flagget vart heist i Hovdebygda då plantinga kom i gang i utmarka.
Før meg hadde ungdomslag og heile skuleklassar delteke i den store dugnaden for å kle Noreg med gran. Flagget vart heist på garden Åsen i Aasentunet i Hovdebygda då plantearbeidet kom i gang i utmarka tidleg på 1950-talet. Organisasjonen Bygg ditt land, som arbeidde med å fremja gjenoppbygginga av landet etter krigen, såg skogreisinga som ei av sine viktigaste oppgåver.
Kyrkjedepartementet vedtok at skogopplæringa skulle inn som pensum i naturfaget i alle folkeskulane i landet. Bygg ditt land oppmuntra til heimeplanting og utarbeidde skogmerke i bronse, sylv og gull for solid planteinnsats. Fyrste merket gjekk til skuleborn på Voss som i laupet av tre år hadde planta 1000 graner.
I nabofylket Sogn og Fjordane vart det på 52 år, frå 1900 til 1952, planta 55.000 dekar rundt om i fylket. Dei neste 22 åra, frå 1952 til 1974, var talet seksdobla.
Far min var ein av entusiastane. Fyrst som skogreisingleiar på Voss på 1950-talet, seinare som sjef for Sogn og Fjordane skogeigarlag. Etter kvart vart han meir økologisk interessert og meinte at det somme stader vart for mykje. Særleg i stølsområda og i bratte og vanskeleg tilgjengelege lier. Og plantinga av sitkagran i lyngheiane ute ved kysten. Ho har jo lite der å gjera.
Dessutan vart det nytta mykje kjemiske ugrasmiddel for å få i gang dei nye plantefelta. Ikkje minst det syntetiske insektmiddelet dikloro-difenyl-trikloroetan. Populært kalla DDT, mirakelmiddelet mot alt frå malaria til lus og skadedyr i jordbruket. Det gjekk rett på nervesystemet til insekta slik at dei døydde i hopetal.
Bruken av DDT var omstridd, men enno på 1950-talet var det mange som berre såg fordelar. Problemet var at restane av middelet hopa seg opp i jorda og i levande organismar. Som vi lærte i naturfagtimen, vert konsentrasjonen større dess lenger opp ein kjem i næringskjeda. Til slutt vert fuglar og rovdyr råka. Rovfuglane fekk tynne eggeskal, og bestandane gjekk ned. I 1970 vart DDT forbode.
Mottoet var «Eit skogkledt land og eit lukkeleg folk». Landbruksøkonomisk institutt hadde forska seg fram til at skogbruket kunne verta den store kapitalskaparen på gardane. Særleg på Vestlandet skulle skogen gjera dei små bruka meir lønsame slik at dei kunne verta fullverdige familiebruk og bøndene kunne sleppa å ta alle mogelege småjobbar attåt gardsdrifta.
Det gjekk ikkje like bra som tenkt, men skogplantinga har likevel skapt gode inntekter. Skogbruket er ei viktig næring i Noreg, og Voss er i dag ei stor skogbruksbygd der skogen gjev inntekter til mange bønder.
Ni tre er felte, kvista og kappa i høvelege lengder, vinsja opp til vegen og løfta opp med ei «klo» festa bak på traktoren til bror min slik at han kan frakta tre–fire stokkar i gongen parallelt i lengderetninga til traktoren. Slik slepp ein å slepa stokkane etter vegen og held borken fri for grus og stein som ville ha skjemt ut bandsaga med det same. Med frontlessaren lunnar han så stokkane klare til å rulla dei inn på saga.
Tradisjonell skogsdrift med motorsag, vinsj og traktor er det lite att av no. Hogstmaskiner som feller, kvistar og kappar treet i éin operasjon, har teke over. Men ei slik drift ville ikkje vore lønsam her. Særleg sidan ein måtte ha bygd skogsveg fleire kilometer ned til bilvegen, for stølsvegen er ikkje stor nok til tømmerbilar. I praksis vert mesteparten av skogen her på stølen ståande att. Det som løner seg, er å ta ut det som står nær vegen og kan nyttast til eige bruk.
Sett i ettertid skulle ikkje far min ha planta her.
Sett i ettertid skulle ikkje far min ha planta her. Men billeg arbeidskraft på den tida, og tru på nye, enkle driftstekniske hjelpemiddel for å få fram tømmeret, gjorde at når ein var ferdig med lauvskogliene, tidlegare beitemark og slåtteland, planta ein òg langt frå veg og i vanskeleg lende.
Det er mange fine tre her, men eit problem er at fleire av trea smalnar for fort av. Rotdelen har fin dimensjon, men avsmalinga skjer for tidleg. Stamma vert som ei gulrot, slik at diameterskilnaden frå rot til topp er for stor og for mykje av stokken går bort til hun.
Vridne eller krokete stokkar får ein lite ut av. Ein krok kan koma av at snø har samla seg i trekrona, som til slutt brotnar av. Ved eit slikt toppbrekk vil ei av greinene rett under til slutt ta over, men etterlate seg ein bøyg på stamma som må skjerast bort.
Saga er rigga opp, og vi har festa stokken på skjenegangen med klemmer og støttearmar. Eg er klar for opplæring. Vi tek stokk etter stokk, og eg noterer ned kvar operasjon til eg kjenner meg trygg på å driva på eiga hand.
Eg har vore med på saging før. Som konfirmant i 1978: «Vi søkjer med dette om at Svein får fri frå skulen torsdag 6. og fredag 7. då vi skal til Voss på sagbruksarbeid. Beste helsing Jon Gjerdåker. (Godkjent av styraren. TAH).»
Foreldra mine hadde overteke farsgarden. Det førte til at vi reiste frå Førde til Voss i tide og utide for å hogga tømmer og skjera det opp til materialar til nytt våningshus og til ombygginga av fjøset og låven. Den tida var det optimisme i jordbruket. Berge Furre hadde som leiar av Stortingets landbrukskomité fått fleirtal for «opptrappingsvedtaket» i 1975. No skulle inntektene til bøndene jamstillast med industriarbeidarløna.
Foreldra mine tok opp lån og investerte alle sparepengane i moderniseringa av garden. Det vart ikkje akkurat ei gullinvestering. Uklare definisjonar og for stor tru på statleg styring bidrog til at opptrappingsvedtaket aldri vart realisert.
Bestefar min hadde eiga gardssag. Ei sirkelsag som gjekk på straum, med sagbenk i eige saghus. Men han hadde ikkje investert i sjølvtrekk på sagbenken og måtte sveiva sagbenken fram og tilbake. Det vart for tungvint. Saga var lite i bruk og vart til slutt demontert.
Frå garden såg vi ned på sagbruket som låg ved elva rett før fossen kasta seg ned det smale og djupe gjelet. Dit frakta vi tømmeret. Oppgåva mi på saga var å bera bort hunveden.
Saga vart bygd i 1919. Ei klassisk fleirblada oppgangssag der sagblada gjekk rett opp og ned og skar fire bord i slengen. I tillegg var det ei sirkelsag for mindre dimensjonar og ei kantsag som kanta inn det som var skore opp på oppgangssaga.
Mest synleg frå garden var dei lange lagerskura for turking av den oppskorne materialen. Skura låg på rekkje med bølgjeblekk på taket farga av brunt rustsot.
Sjølve saga var vassdriven fram til 1920-talet, då tok straumen over. Sagbruket dreiv vanleg produksjon for sal i femti år, men på 1970-talet vart det redusert til leigeskjering for bønder. Saga vart lagd ned i 1987. No skal ho setjast i stand att for museal drift.
To dagar etter opplæringa må eg ta ansvar sjølv. Per Vete, opphavet til namnet på eine stølsgrisen, er med som handlangar, eller «bakgut», som det heiter på sagbruksspråket.
Eg måler opp kor langt det er i rotenden inn til mergen. Deretter måler eg opp den same lengda i toppenden, jekkar opp rotenden og får han i vater på skjenegangen.
No gjeld det å få mest mogeleg ut av stokken. Eit godt mål er at 80 prosent av stokken skal enda opp som material. Lengda er 4,22 meter. Diameteren på midten av stokken – altså midtmålet – er 20,5 cm. Det er ein liten stokk på 0,14 kubikk, eller 139 liter.
Vi går for å laga vanleg bordkledning. Vi tek til med å saga av bakhunen med borken. Med ei sveiv justerer eg saghovudet, startar motoren og skubbar saghovudet sakte framover. Så snur vi stokken 90 grader og gjer eit nytt snitt. No har vi to rette sider før vi vender stokken att, sjekkar vinkelen og sagar to nye snitt, til vi har ein firkant fri for bakhun.
Med millimeterpresisjon skjer eg tre fine sekstomsbord, eitt bord med kantar på, ein totoms fire og to lekter.
Stokken er klar for skjering av den ferdige materialen. Ved hjelp av displayet stiller eg høgda på sagbladet og skubbar sagvogna bortover skjenegangen. Stokken ligg heile tida stille.
Med millimeterpresisjon skjer eg tre fine sekstomsbord, eitt bord med kantar på, ein totoms fire og to lekter. På fyrste stokken sjekka og dobbeltsjekka vi kvar operasjon og brukte nesten ein time. Etter fire–fem stokkar kom vi ned mot eit kvarter frå stokken låg på saga til materialen var oppskoren.
Turkinga står att. Gran turkar lett, men må stablast rett for å unngå sprekker, skeivgang og blåved. Strøa skal liggja nøyaktig over kvarandre frå botn til topp. Og helst same dimensjon i same stabel. Stabelen skal stå ope og luftig. Dekk til toppen med takplater eller bølgjeblekk, sidene skal ikkje dekkjast til. Har du gjort det rett og har godt vêr, kan materialen verta turr på tre–fire månader.
Men pass deg for saga. Du vert hekta. Stabelen med material veks fort. Det same gjer meistringskjensla. Rundt om i landet står det stadig fleire som berre skal ta éin stokk til før dei tek kvelden.