Bok

– Gjennomgangen vår står seg

Dei tre forfattarane er samde om at somme av Espen Søbyes innspel kunne ha gjort deira motbok til Michelets jødehistorie betre – utan å verka inn på konklusjonane deira.

Elise Berggren skreiv motboka mot Marte Michelets Hva visste hjemmefronten? saman med Mads Tangestuen og Bjarte Bruland.
Elise Berggren skreiv motboka mot Marte Michelets Hva visste hjemmefronten? saman med Mads Tangestuen og Bjarte Bruland.
Publisert

På vegner av forfattarane av Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten, seier Elise B. Berggren at Espen Søbyes bok, Hva vet historikerne?, først og fremst syner at boka deira står seg i ein kritisk gjennomgang. Søbye har ikkje omtalt – og dermed heller ikkje motbevist, meiner ho – den store majoriteten av misvisande kjeldebruk som dei har avdekt. I fleire viktige spørsmål er han delvis samd med dei i at det finst manglar i Michelets bok, og at ho har strekt kjeldene for langt, legg Berggren til.

– Delar av kritikken mot oss er basert på vranglesingar av standpunkta våre. Men somme av Søbyes innspel kunne ha gjort vår bok betre, sjølv om dette ikkje hadde hatt nokon innverknad på konklusjonane våre. Fleire av Søbyes analysar er interessante og nyttige bidrag til den faglege debatten.

– Har de funne konkrete feil i boka hans?

– Fleire gonger i boka bruker Søbye plass på oppkonstruerte usemjer, og fleire stader fjernar han nyansane i konklusjonane våre og argumenterer såleis mot noko vi ikkje har skrive.

Viktige påpeikingar

– Har Søbye bringa fram dokumentasjon de ikkje kjende til, eller som de berre har valt å sjå bort frå?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement