JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

🎧 Eit peik mot Ibsen

Sjølv om Vigdis Hjorth aldri har klart å tru heilt på Hedda Gabler, valde ho henne då ho blei invitert til å skrive roman om ein Ibsen-skikkelse på fritt grunnlag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vigdis Hjorth har skrive fleire prislønte bøker sidan debuten i 1983.

Foto: Agnete Brun

7305
20190913
7305
20190913

Lytt til artikkelen:

Litteratur

Jan H. Landro

janh@landro.bergen.no

Romanen hennar, Henrik Falk, er ledd i eit nordisk samarbeid, der danske Merete Pryds Helle skriv om Nora og svenske Klas Östergren tek for seg Hilde Wangel frå Rosmersholm og Byggmester Solness. Medan dei to andre har plassert historiene sine i fortida, har Hjorth skrive frå notida. Så oppteken som ho er av si eiga tid, ville det vore utenkjeleg for henne å skrive ein historisk roman.

I Henrik Falk har forfattaren snudd opp ned på kjønnsrollene. Her er Hedda blitt Henrik Falk, Jørgen Tesman blitt Elsa Brun Hansen, dotter av ein bensinstasjonseigar, og Eilert Løvborg blitt kunstnaren Tale Løvlie. Henrik er ein fallert og forgjelda skipsreiarson som til si store fortviling har måtta gifte seg inn i den småborgarlege Brun Hansen-familien.

– Kvifor valde du Hedda Gabler?

– Utgangspunktet mitt er at eg har vore usamd i ein analyse som går ut på at Hedda, som ikkje finn seg til rette i tilværet, lengtar etter det store, det skjønne og det reine. Kanskje ho innbiller seg sjølv det, men om ho verkeleg hadde denne lengten, ville ho ikkje brent Eilert Løvborgs manuskript. For der ligg jo kimen til noko som kanskje kunne endre tilværet til noko høgare, vakrare. Den livskjensla som eg lèt hovudpersonen Henrik ha, er fylt opp av trivialitetar og alt som er smått. Om eg skulle forandre på han, måtte det vere i retning av at han lærte å setje pris på det han har, at han skal ha eit barn, at han har eit arbeid, kunne glede seg over desse små tinga.

Vigdis Hjorth utstyrer han med den same uhugen over tinga som Hedda har, med ei førestilling om at han sjølv er ein annan type menneske enn dei han omgir seg med.

– I våre dagar er det unge menn som tek livet av seg, ikkje kvinner, derfor har eg gjort Hedda til mann. Er det nokon som ber på draumen om å gjere det store, så er det nettopp desse unge mennene. Den mannlege draumen eksisterer framleis, men er blitt mykje vanskelegare å leve ut. Heile den problematikken vi finn hos Hedda, ligg nær problemstillingar eg lenge har strevd med i lesinga og skrivinga mi.

Ein samtidskommentar

Vigdis Hjorth fortel at arbeidet med Henrik Falk har gitt henne stadig større respekt for Ibsen. Kor godt og tett han evna å skru saman stykka sine, der alle personane, sjølv dei minste, har ein eigen agenda. Det er det svært krevjande å skrive opp mot, men samstundes får ein mykje gratis. Då ho først hadde funne den rette røysta og temperaturen, tykte ho arbeidet gjekk radig.

– Respekten min for Ibsen måtte eg leggje vekk for at denne boka skulle bli så «Vigdis Hjorth» som eg ville. Og det trur eg folk kan sjå. Men forhåpentleg ser dei òg at dette er Hedda Gabler-inspirert.

– Kor fritt stod du i høve til det litterære førelegget?

– Heilt fritt. Det gode med å skrive ut frå eit stykke dramatikk er at det er kompakt og lite tekst. Mykje undertekst, som gjer deg enormt fri. Hadde Ibsen skrive ein roman, der han var langt inne i hovudet på Hedda Gabler, kunne ikkje eg ha dikta på den måten eg har gjort. For då hadde vi kanskje fått lange tankegangar om det eine og det andre, men her er det ingen indre tankar. Vi har berre det ho seier, og vi aner ikkje kva som får henne til å seie det, eller om vi kan stole på det.

– Ein roman blir meir ordrik enn eit scenedrama. Då blir han lett tydelegare òg?

– Det er heile faren. Romanforma gjer at vi kjem tettare på og at alt blir tydelegare. Dei tre romanane i dette prosjektet er tolkingar som går rett inn der Ibsen er open, og skriv sin versjon og si tankeverd ut av det. Dette stengjer ute ein del andre tolkingar. Medan Ibsen er tidlaus, blir min roman ein svært tidsbestemt versjon. Dette er ein samtidskommentar.

Å skrive opp mot ein annan tekst og dels skape ein litterær parallell, har vore svært annleis, fortel forfattaren. Det gjeld å fylle oppdraget, men også å finne ein kile der ho kan putte inn noko som er henne sjølv, og som ho er oppteken av. Spesielt krevjande var det å overføre assessor Brack til notida. Hos Ibsen vil han ha eit erotisk forhold til Hedda, nærast eigarskap, og mot slutten får han ei farleg makt over henne. Men korleis gjere dette truverdig i dag?

– Du har gjort Henrik Falk til ein større skitstøvel enn Hedda Gabler nokosinne var, og mindre tragisk. Men det ligg kanskje i tida?

– Dersom eg kan tru på sjølvmordet hennar, er det patetisk, ikkje tragisk. Eg har opplevd henne som ein ganske irriterande og ufyseleg skikkelse. Min Henrik har nok eit større virkerom. I romanforma kan eg dessutan gå inn i tankane hans og gjere han til ein større skitstøvel enn Hedda. Vi veit ikkje korleis Hedda ser på mannen sin, men aner at ho meiner han er ein dust.

Manglande refleksjon

– Henrik opplever det klamme småborgarlege så akutt at han kjenner trong til å oppsøkje ei hore. Då må det vere ille?

– No er jo ikkje eg mann, så eg har teke meg nokre diktariske fridommar her. Men eg har ganske stor røynsle med den mannlege seksualiteten, som når menn er heilt på grensa til villskap, og kvinna får ei kjensle av at ho kunne ha vore kven som helst.

– Det verkar som om det borgarlege går han på nervane?

– Ja, og det er spesialdistansen min, noko eg har skrive mykje om. Å bli fanga inn i trivialitetar og alt det du berre må gjere. Det er sikkert derfor eg er så oppteken av filosofar som Wittgenstein og Kierkegaard, for dei insisterer på at løysinga er ikkje å flykte frå det, men å finne meining i det. Men det krev ein modenskap som Henrik ikkje heilt har nådd.

Vigdis Hjorth etterlyser sjølvrefleksjon, som ho ser som ein mangelvare i verda i dag. Ikkje minst hos somme presidentar og andre i høge posisjonar. Heller ikkje Henrik har for mykje av det, men ho som har skapt han, meiner å sjå glimt av sjølvrefleksjon hos han mot slutten. Elles er han opprørar berre inni hovudet sitt, i det ytre gjer han alt kona og svigerfaren ber han om, sjølv om han hatar det.

– Han bruker enormt mykje krefter på å forakte alt ikring seg, så blir det mot slutten snudd til ei form for sjølvforakt. Og det er eit steg i riktig retning: når ein ikkje lenger berre projiserer alt det gale på andre, men byrjar sjå inn i seg sjølv.

Kona hans, Elsa, er eit av desse forstemmande tilfella som lever i pakt med alle skrivne og uskrivne reglar i eit samfunn og trur ho gjer det av fri vilje, men det er berre stumt og døvt teke over. Det er derfor det er så vanskeleg å forandre verda; folk trur dei har valt det sjølv.

– Ironien ligg tjukt over denne historia. Fri for forakt er ho heller ikkje?

– Det er sikkert riktig. Som forfattar kan eg kamuflere mi eiga forakt ved å plassere henne hos ein annan. Henrik har eit foraktfullt blikk på alt ikring seg, det er ikkje noko forsonande eller ømt ved det. Men han eg skriv i tradisjonen til, Henrik Ibsen, er jo ein person som avslører mykje menneskeleg dårskap, og det låg så å seie i oppgåva eg tok på meg.

– Slutten er litt patetisk. Ville boka ha enda annleis om hovudpersonen hadde vore ei kvinne?

– Det trur eg ikkje. Slutten er eigentleg eit peik mot Ibsen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I våre dagar er det unge menn som tek livet av seg, ikkje kvinner, derfor har eg gjort Hedda til mann.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis