Bok
– Ein maktkritisk forfattar
Etter å ha analysert heile forfattarskapet til Kjartan Fløgstad, undrar litteraturforskar Heming Gujord seg over kvifor romanane hans ikkje har nådd lenger ut.
Med boka si ønskjer Heming Gujord å gi eit bidrag til å forstå posisjonen Kjartan Fløgstad står i.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix
– Han er ein internasjonal forfattar, men bøkene hans har fått forunderleg lita utbreiing utanfor heimlandet. Om eg skulle hatt eit ønske for Noregs rolle på bokmessa i Frankfurt neste år, måtte det vere at Fløgstad kunne bli bringa lenger ut i verda.
Heming Gujord, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk og litteratur ved Universitetet i Bergen, lanserer i desse dagar studien Fløgstad verk. Skriftprosessar. Produksjonslinjer. Der tek han for seg dei 51 bøkene Fløgstad til no har skrive, og set dei inn i ein vidare kontekst.
Høglitterær debut
Kjartan Fløgstad debuterte med dikt i den høglitterære tradisjonen. Dei to samlingane han gav ut på slutten av 1960-talet, peikte ikkje ut den retninga saudabuen seinare skulle følgje, men Heming Gujord ser spor av industrikultur og Vestlandet alt i desse bøkene.
– Skjønar du kvifor Fløgstad, med sin bakgrunn og det han seinare skreiv, debuterte innafor den høglitterære tradisjonen?
– Han hadde lese Claes Gills modernistiske dikt, den litteraturen som hadde høgast symbolverdi. Han byrja på toppen, kanskje med lånte fjør, men skreiv seg heimover etter 1970.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.