Skrifthistorier
Bly og blekk i handa
Ein gong var alt handskrift. Med papir blei det fleire trykte skrifter enn handskrivne dokument, men behovet for gode skrivereiskapar blei ikkje borte.
VERDSSUKSESS. Annonse for den originale Bic-pennen, 1952.
Den 26. juni 1945 blir skipingskonferansen for Dei sameinte nasjonane (SN) i San Francisco avslutta. Neste føremiddag samlar 153 personar frå 50 nasjonar seg i Veterans Building for å signere pakta. Dei første som skriv under, representerer Republikken Kina. Alt er nøye planlagt. På eit rundt bord ligg to protokollar – ein med pakta, ein med statuttane for Den internasjonale domstolen. To spesielle Sheaffer-pennar ligg klare til bruk, men den kinesiske delegasjonen har med eige utstyr, får litt varmt vatn og lagar seg mørkt blekk. Det tek ti minutt.
Sist i rekkja er dei tre som representerer Guatemala. Kl. 19.18 er alle dei 153 signaturane på plass, men der er enno tid til forviklingar. Då fotografane skal ta nærbilete av protokollane, er Sheaffer-pennane borte. To pennar av same sorten blir lagde fram, og på alle foto av bordet med protokollane er det dei ein ser. Dei originale kjem ikkje til rette. Mistanken går mot dei som signerte sist – og andre nær bordet.
Kulepenn og fyllepenn
Alt etter materiale hadde ein skrive eller rissa med krit, kolstift, spisse stiftar. Dei stiftane eller griflane kalla romarane stilus, og dei fann ut at ein også kunne skrive med ein liten spiss av bly (eller sølv!) på ein trepinne. Voilá: blyanten. Ein gong for lenge sidan fylte egyptarar røyr av bambus eller papyrus med flytande bly. Utover på 1600- og 1700-talet tok grafitt over for bly og sølv, og skrivereiskapar blei industrivare.
Den amerikanske lêrmakaren John Jacob Loud tok dei enkle prinsippa frå griffelen og blyanten vidare og fekk i 1888 det første patentet til ein kulepenn som ein kunne skrive på lêr med. Det son skjedde vidare, handla om krig og spionasje.
Den ungarske avisredaktøren László József Bíró og broren Georg, som var kjemikar, forbetra kulepennen og fekk engelsk patent i 1938. Bíró var jøde og flykta i 1941 til Argentina. Der sette han kulepennen i produksjon under namnet Biromé, som raskt blei kvardagsspansk for kulepenn i det landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.