emne
Vekas ord: å hytte
Hytting fekk ei etterlengta oppstode etter ei hending på Lorry sist veke.
Nikolai Astrup på veg til slottsmiddag saman med digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung. Ikkje ana han då at kvelden skulle ende med hytting på utestaden Lorry nokre timar seinare.
Foto: Terje Pedersen / NTB
På sjølvaste frigjeringsdagen 8. mai i 2007 vart ei ny gruppe etablert
på Facebook. Målet var å kjempe «en stille kamp for retten til å kunne hytte
mer med neven enn det som i dag er sosialt akseptert».
Mens folk i tidlegare tider hytta i tide og utide, «kan man i dag knapt
løfte hånda før folk ser rart på en». Meir enn 18 år har gått sidan etableringa av
«Folk som gjerne kunne tenkt seg å hytte mer med neven», men vegen fram til
gjennomslag har vore lang. Dei er berre 21 medlemmer.
Og hytting er framleis sosialt uakseptabelt.
Det fekk Nikolai Astrup erfare førre veke. Seint ein kveld på utestaden
Lorry i Oslo skal Høgre-politikaren ha hytta med neven mot ein politisk
redaktør. Akkurat kva som skjedde, er uklart, og det å ettergå/rekonstruere/gjenfortelle
hendingar og diskusjonar frå seine nattetimar på utestader, er sjeldan klårgjerande.
Påstand står mot påstand.
Men Tore Gjerstad i Dagens Næringsliv gjorde no eit heiderleg forsøk,
og han innleia saka med følgjande: «I en opphetet diskusjon etter slottsmiddagen
hyttet Høyres lederkandidat Nikolai Astrup med knyttneven opp i ansiktet på
politisk redaktør Eirik Mosveen.»
Nikolai Astrup, som altså hadde vore på middag på slottet, sessa seg inst
i lokalet i andre etasje på Lorry. Nokre bord unna sat Eirik Mosveen med vener. Sistnemnde vart invitert til fyrstnemnde sitt bord, og der byrja Høgre-mannen
«med en veritabel utskjelling av Mosveen».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.