Blant bøllene i Tryggingsrådet
Kommande veke blir det truleg klart om Noreg får sete i FNs tryggingsråd. Det beste vi kan håpe på der, er at ting ikkje blir verre, meiner Tove Gravdal, som har skrive bok om Noreg og Tryggingsrådet.
Tove Gravdal karakteriserer Tryggingsrådet som handlingslamma og lite effektivt. Mellom anna har ikkje rådet eingong kunna semjast om ein resolusjon til støtte for generalsekretær António Guterres’ oppmoding om våpenkvile i verdas konfliktar for å kjempe mot koronapandemien. I staden har pandemien forsterka rivaliseringa mellom USA og Kina.
Foto: Mary Altaffer / AP / NTB scanpix
Så polarisert som verda er no, er Tryggingsrådet nærmast handlingslamma og ikkje effektivt i det heile, seier den røynde journalisten. Likevel er rådet ein svært viktig møteplass, der ambassadørar frå stormaktene USA, Kina, Russland, Frankrike og Storbritannia har hyppig kontakt, og der representantar for landa som alternerer på dei ti plassane som ikkje er faste og ikkje har vetorett, somme tider kan utgjere ein skilnad.
Tove Gravdal (56) har mange år bak seg som journalist, især i Morgenbladet og Aftenposten, men ho har også jobba i NRK og fire år for Kirkens Nødhjelp. Nokre månader i 2002, sist Noreg sat i Tryggingsrådet, var ho presseråd for den norske FN-delegasjonen i New York. Boka Til bords med de mektige. Historien om Norge og FNs sikkerhetsråd byggjer ikkje minst på røynslene hennar derifrå.
Røystinga skjer 17. juni, men det vil ta tid. FN-bygningen er stengd, og representantar for eitt og eitt av dei 193 medlemslanda slepp inn for å røyste. Dessutan er det hard kamp om dei to ledige plassane i Noregs «pulje», der vi konkurrerer med Irland og Canada, så det kan fort bli fleire omrøystingar før avgjerda er klar, fortel Gravdal.
– Korleis vurderer du dei norske sjansane?
– Som relativt gode. Men koronapandemien har gjort at det er mange ukjende faktorar. Ein føremon for Noreg er at ein har kunna bruke pandemien til å synleggjere landet som viktig internasjonal bidragsytar innan helse og vaksine. Noreg har til dømes auka løyvingane ganske kraftig til FN-organisasjonar som arbeider for å redusere skadane av pandemien i den tredje verda.
Ein aktiv aktør
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.