JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Bladfykens draum om å fyke motstraums

Astrid Sverresdotter Dypvik byrjar som ny redaktør i eit tidsskrift som hevdar å vere annleis enn dei andre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Eg vil lage eit tidsskrift for idédebatt, seier Astrid Sverresdotter Dypvik. Ho byrjar som redaktør i Syn og Segn innan januar 2021.

Foto: Tobias Heiberg

8265
20200918

8265
20200918

Intervju

ida@dagogtid.no

Syn og Segn har eit sjølvbilete som dreier seg om periferi og motmakt. Sjølv påstår bladet at det snakkar frå ein radikalt annleis posisjon enn andre aviser og tidsskrift. «Syn og Segn kviler sterkt i motkulturane og dei alternative rørslene i Noreg», vert det sagt på heimesida deira. «Det du finn i Syn og Segn, finn du sjeldan i andre allmennkulturelle tidsskrift, vekeblad eller dei meiningsberande avisene.» Det er ein dristig påstand som det ikkje er berre berre å skulle leve opp til.

Sist veke vart det annonsert at Astrid Sverresdotter Dypvik vert tilsett som ny redaktør i Syn og Segn, «eit tidsskrift for kultur, samfunn og politikk» som kjem ut kvart kvartal. Dypvik er utdanna historikar, har brei erfaring som skribent og forfattar og kjem no frå ei stilling som journalist i Nationen. Ho tek over for Knut Aastad Bråten.

Idédebatt

– Syn og Segn kallar seg «ein premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men også for kritisk kulturinteresserte i alle samfunnslag». Kvifor er det så viktig for Syn og Segn å presentere seg som «motstraums»?

– Noko av det har å gjere med tradisjonen som Syn og Segn står i, som er nynorsk og distriktsorientert og oppteken av andre ting enn det som er politisk mainstream i Noreg. Det er eit tidsskrift som freistar å sette andre ting på dagsordenen enn det dei fleste tidsskrift gjer. Det synest eg er ein fin tradisjon, og det er ein tradisjon som går gjennom heile historia til Syn og Segn og gjennom heile den rørsla Syn og Segn har vore ein del av.

– Men kva vil det eigentleg seie å vere motstraums no for tida?

– Knut Aastad Bråten, den førre redaktøren, er venstremann og oppteken av sine ting, noko som har sett sitt preg på bladet han redigerte, og det var fint. Men eg har ein annan bakgrunn enn han. Eg er ikkje så oppteken av kva som er eller ikkje er mainstream, men eg vil lage eit tidsskrift for idédebatt. Vi skal drøfte idear som er viktige i samtida. Og så skal det vere eit fritt tidsskrift, som ikkje har ei klar plattform, der ein kan seie kva ein vil. Vi skal vere eit organ som stiller opne spørsmål.

– Kva betyr det? Vilkåra for ytringsfridomen er jo eit evig samtaleemne i tidsskriftverda, og skapte nok ein gong krass debatt i vår, med tidsskriftet Prosa og redaktør Merete Røsviks avgjerd om likevel ikkje å trykke Per E. Hems melding av Mot nasjonalt sammenbrudd av Halvor Fossli. Korleis stiller du deg til den kontroversen?

– Eg syntest den debatten vart veldig rar. Ein bør kunne trykke ei melding av alle slags bøker om alle slags tema i eit tidsskrift, men i den konkrete saka handla det vel om usemjer kring redigering som førte til at ein byrja tolke kvarandre i absolutt verste meining. Eg veit ikkje om den saka var så prinsipiell som enkelte skulle ha det til. I og med at redaktøren ønskte ei melding av den boka, så betyr vel det at ho meinte at boka burde diskuterast. 

Nye røyster

– Korleis skal du klare å sette dagsorden når bladet kjem ut berre fire gonger i året, i ei tid då dei fleste tidsskrifta slit både med dårleg råd og med å nå ut til folk? 

– Målet er ikkje å konkurrere med vg.no på breaking news. For eit tidsskrift som kjem fire gonger i året, meiner eg at det å sette agenda handlar om at ein trykker reflekterte tekstar og tek opp interessante tema på nye og uventa måtar.

– Kvar skal ditt Syn og Segn finne skribentar? Korleis oppdagar ein dei gode skribentane, og korleis dyrkar ein dei fram?

– Eg kjem til å arbeide tettare på Samlaget enn det ein har gjort tidlegare. Eg skal lage tidsskriftet frå kontora til forlaget, og dei veit mykje om kven som er dei nye stemmene. Der har eg mykje å spele på. Samlaget har knytt til seg svært mange etablerte skribentar med stort uttrykksbehov, og det kan vi nytte oss av i Syn og Segn. Men skal ein finne nye, unge røyster, må ein òg vere der dei er. Rundt studentmiljø, studenttidsskrift og andre stader der unge held til. Ein må lese det dei skriv, gå på møte og arrangement, finne ut kven som har lyst til å skrive, og kven som klarer å skrive ferdig. Dette har eg jobba med heile livet: å høyre på og snakke med forskjellige folk. Eg er interessert i det som vert diskutert på ulike arenaer.

– Kan det tenkast at du kjem til å rekruttere skribentar som ikkje primært skriv nynorsk, dersom dei skriv godt, eller er det slik at ein Syn og Segn-skribent bør vere heilstøypt nynorsking?

– Eg synest Dag og Tid køyrer ei fin linje der: Dei som vil skrive nynorsk, kan gjere det, om dei skriv godt. Samlaget tenker òg slik: Dei gir ut bøker av folk som skriv bokmål andre stader, men på nynorsk på Samlaget. Folk må ha lyst til å skrive nynorsk for å skrive i Syn og Segn. Dei må ha lyst til verte assosierte med nynorsk. Men vi har ein veldig god korrekturlesar i Syn og Segn, og eg er vand med å arbeide med folk som ikkje berre skriv nynorsk, så det kan eg hjelpe til med. Det er det minste problemet.

Vil sette dagsorden

– Denne veka starta Jan Kjærstad ein fin samtaletråd på Facebook, under tittelen «Lengselen etter et tidsskrift som setter dagsorden», der han – og etter kvart veldig mange andre – fortalde om kva ulike tidsskrift har betydd for dei. Kva med deg, kva slags tidsskrift har vore viktige for deg?

– Då eg studerte, las eg mykje Samtiden. Det var i den tida då Knut Åmås var redaktør. Då sette Samtiden dagsorden. Dei laga eit blad som vart diskutert overalt. Eg var med i redaksjonen til det feministiske tidsskriftet Fett, og Fortid, bladet til historiestudentane i Oslo. Eg har også vore med på å lage Mål og Makt, bladet til Studentmållaget. Så eg har altså vore med å lage mange tidsskrift, og veit at tidsskrift kan sette dagsorden på ulike måtar. Det kan ta opp nye tema, eller det kan ta opp kjende tema på nye måtar som ein ikkje kjem forbi. I eit tidsskrift skal tekstane vere gjennomarbeidde. Ein går fleire rundar med dei. Då vert det gjerne veldig gode og minneverdige tekstar, både for dei som skriv, og for dei som les.

– Er det nokon utanlandske tidsskrift som har vore viktige for deg, eller har du vore mest orientert mot det norske?

– I tidsskriftverda har eg vore mest oppteken av det norske universet. Men eg har jo vore nyhendejournalist fram til no, så eg har konsentrert lesinga mi om ting som er relevante i den samanhengen.

– Kva slags journalistikk vil du seie at du sjølv tilhøyrer?

– Eg er utdanna historikar og kombinerer den kunnskapen med journalistens blikk på det som hender. Eg held på å skrive ferdig ei ny bok om Tyskland og den høgreradikale rørsla der, som har ført til ei sterk oppblomstring av vald og attentat, trass i at det elles går svært bra med landet. Eg skriv om kvar desse rørslene kjem frå, og korleis dei gjer samfunnet meir polarisert.

– No ser ein mellom anna desse krasse demonstrasjonane mot koronatiltaka i landet, med konspirasjonsteoretikarar i fyrste rekke, knytte til det høgreradikale miljøet. Her kombinerer eg også journalistikk med historie, fordi eg meiner det har stor forklaringskraft.

– Syn og Segn er med i Eurozine, ein samarbeidsorganisasjon som legg til rette for at fleire tekstar frå tidsskrift vert omsette på tvers av europeiske språk. Korleis kjem du til å nytte deg av det?

– Den offentlege samtalen i Noreg er svært retta mot den angloamerikanske verda, og det er det heilt fint å vere. Men interessa for det franskspråklege og tyskspråklege Europa kunne òg med fordel vore større. Diskusjonane som går føre seg der er spennande, og dei utspeler seg i land som ofte liknar meir på vårt. Eg vil gjerne ikkje berre omsette frå andre europeiske språk, men også få skribentar frå andre europeiske land til å skrive for Syn og Segn. 

– Det er så mykje snakk om etikk og prinsipp i den norske debattidsskriftverda at han ofte vert humørlaus og dermed ikkje spesielt skapande. Vert det rom for leik og humor og litterære krumspring i ditt Syn og Segn?

– Det håpar eg då verkeleg!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Den offentlege samtalen i Noreg er svært retta mot den angloamerikanske verda. Interessa for det franskspråklege og tyskspråklege Europa kunne med fordel vore større.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis