JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Birgit Halvorsdotter Gjernes

(1922–2018)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Birgit Gjernes på kontoret i NRK.

Birgit Gjernes på kontoret i NRK.

Foto: NRK

Birgit Gjernes på kontoret i NRK.

Birgit Gjernes på kontoret i NRK.

Foto: NRK

4339
20180202
4339
20180202

Birgit Gjernes var ei kjend stemme frå radiosendingar frå femtitalet og seinare også frå TV-produksjonar på seksti- og syttitalet. Ho blei au kjend som artikkelforfattar og biograf om diktarar som Aslaug Vaa og Marie Hamsun. Boka om sistnemnde blei eit høgdepunkt i forfattarskapen til Birgit.

Bakgrunnen til Birgit var frå Nesherad i Telemark. Ho vaks opp på ein gard tett ved Nordsjø, i nærleiken av Gvarv, i tjue- og trettiåra. Såleis fekk ho med seg både mykje god bygdetradisjon og opplevinga av vanskelege økonomiske tider, for så vel arbeidsfolk som bønder.

Ho miste mor si alt som tiåring, noko som kom til å prega henne i ettertid. Ho hadde au såre minne om lokal pietisme som ho stod opp imot. Når ei jamaldra jente frå eit slikt miljø kom til å fortelja unge Birgit at bestemora hennar ville ende i helvete på grunn av at ho røykte pipe, drog Birgit resolutt av seg eine treskoen og delja til den frekke påstandaren i hovudet så det song.

Ei meir rakrygga og usentimental telemarksdame enn Birgit Gjernes skal ein leite lenge etter. Ho hadde ein målretta vilje og eit harmonisk klårsyn i både menneskeleg og fagleg samanheng. Men ho vaks opp med å sjå diskriminering når det galdt løning av kvinneleg arbeidskraft. Birgit blei difor ein tidleg hevdar av kvinnesak.

Med velsigna støtte av far sin tok ho utdaning og kom seg ut i arbeidsliv og samfunnsengasjert verksemd. I nokre år var praktisk jobbing leveveg, men god innsikt og evne innom språk og litteratur førte henne til ei viktig stilling og mange oppdrag i NRK. Ho stod for «Ynskjediktet» i mange år, og ho laga ei rekke kunnskapsmetta og språkvakre program om ulike diktarar og personlegdomar innan kultur i inn- og utland. Ja, ho var dristug i emne. Ho intervjua, saman med Jahn Otto Johansen, jamvel Albert Speer på syttitalet.

Ho var den fyrste hallodama som nytta nynorsk i NRK, der ho jobba nesten 40 år. Av skular ho gjekk, kan nemnast at ho tok examen artium som privatist på engelsklina ved Grimeland skule i Oslo. Deretter studerte ho song og stemmebruk ved Musikkonservatoriet i fire semester og vidare byrja ho på filologi ved universitetet. Ho vart cand.philol. i 1950 med tysk hovudfag, engelsk og norsk sidefag.

Frå 1951 var ho fast medarbeidar i NRK, fyrst i kortbølgjesendinga av Utlandssendinga, ei tid som hallodame og seinare som ein akta programskapar i ulike avdelingar, både i radio og TV. Ho var redaksjonssjef i kulturavdelinga frå 1978 til 1990 og ein viktig medarbeidar og styrar i fleire fjernsynsproduksjonar. Ho stod for store opplegg, slik som samarbeidet med Olafr Havrevold om Sult av Knut Hamsun, portrettintervju med Marie Hamsun, som ho også skreiv bok om, og program om nobelprisvinnaren Sigrid Undset.

Birgit var òg ein omtykt omsetjar av teaterstykke og utanlandsk litteratur, og ho var ein av våre fremste kjennarar av skjønnlitteratur i det heile. Av bøker ho skreiv åleine og i samarbeid med andre, kan Marie Hamsun – et tidsbilde, Svara meg, mi harpe Aslaug Vaa, boka om Torolf Elster og Norsk lyrikk frå 70-åra nemnast. Ho heldt fram nynorsken som få andre, men var like habil ved bruk av bokmål. Slik hadde ho mykje til felles med programskapar Geirr Tveitt.

Men Birgit var fyrst og fremst elska som kåsør og forteljar, og kva ho heldt fram, var ikkje tilfeldig og improvisert, men frå gjennomarbeidde manuskript, tilpassa i tid og omfang som skreddarsydde produkt.

Sjølv må eg takka for gode samarbeid med Birgit i høve eit par utgjevingar på Buen Kulturverkstad. Det gjeld ein kassett me laga med Aslaug Vaas dikting Det lydde eit bod, og Birgits eigne minne om Barndom i Telemark. I denne produksjonen nytta Birgit meg som spelemann innimellom tekstane. Ho hadde gode minne om hardingfela frå barndomen, for far hennar, Halvor, spela gjerne i heimen.

Dette programmet heldt me fleire gonger rundt i ulike samanhengar og det er tilgjengeleg mellom utgjevingar som forlaget no har på nett. Det same er produksjonen om Aslaug Vaa. Birgit Halvorsdotter Gjernes var ei kulturkjempe som nådde å verta nesten 96 år. Ho var raus, positiv og medmenneskeleg, men med store krav til kvalitet i fag og framføringar i skrift og tale. Ho gledde seg over gode poeng og var ein stødig og sosial familie- og samfunnsperson alle sine levedagar. Me minnest henne i djup vyrdnad.

Knut Buen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis