Kulturkommentar

Billettbingo for popkonsert

Å bestille billett digitalt krev meir flaks enn då ein berre stilte seg i kø, men dei som ikkje får billett, er like sure som før.
  

FILE PHOTO: Radiohead performs on the Pyramid Stage at Worthy Farm in Somerset during the Glastonbury Festival in Britain, June 23, 2017. REUTERS/Dylan Martinez/File Photo
Vokalisten i Radiohead, Thom Yorke, under ein konsert i Storbritannia i 2017.
Publisert Sist oppdatert

Sist fredag vart europaturnéen til Radiohead utseld på nokre timar. Ni dagar tidlegare annonserte den britiske kvintetten at dei skulle spele live for fyrste gong på sju år. Heile fire etterfølgjande konsertar i fem europeiske byar. Tjue totalt.

Slikt kan jo få godt vaksne menneske til å oppføre seg som ikkje like vaksne menneske. Tvisten var at ein ikkje berre kunne leggje seg i kø for å sikre tilgang.

Intrikat

Saman med Ticketmaster var det laga ei intrikat løysing som kunne vore pønska ut av Egon Olsen, eller i alle fall vore henta frå ein film der alle karakterane må synkronisere klokkene sine.

Fyrst måtte ein registrere seg på ei nettside, mellom fredag 5. og sundag 7. september. Her måtte ein òg velje kva for byar ein ville gå på konsert i, blant London, Berlin, Madrid, Bologna og København. Geografisk nærleik ville uansett telje mest. Lukke til, folk i Canada og land me ikkje lenger likar å samanlikne oss med.

Så måtte ein vente på ei stadfesting på SMS eller e-post, og registrere seg ein gong til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement