Historie

Berga av ei bombenatt

Framsyninga Det tredje rikets språk? på Nationaltheatret i vår gjer dagbøkene til Victor Klemperer aktuelle på nytt.

Portrett av Victor Klemperer frå kring 1930.
Publisert Sist oppdatert

Heile livet hadde Victor Klemperer skrive dagbok, det var nærmast ein livsstil. Etter den nazistiske maktovertakinga i 1933 blei skrivinga så vel livsviktig som livsfarleg.

Han ville gje vitneprov til det siste, skildre kvardagen, restriksjonane, korleis ein kan bli fråteken livet bit for bit.

Kona Eva risikerte livet alle gongene ho frakta nye dagboksider til venninna Anne Marie i Pirna, der arka blei gøymt unna i vaskekjellaren. Eva var ikkje jøde og hadde dermed ein annan fridom til å kunne flytte seg rundt. Slik blei dagbøkene bevarte for ettertida. Utgitt blei dei først frå 1995, etter den tyske gjenforeininga.

Det einaste av dette som blei utgitt av Klemperer sjølv, var eit utdrag om språket i det tredje riket: LTI Lingua Tertii Imperii. Boka kom ut første gongen alt i 1947 og var dedisert til Eva. For utan henne hadde ikkje boka funnest og heller ikkje han sjølv, skriv han i føreordet. Det var ekteskapet med henne som gjorde det mogleg for han som jøde å unngå deportasjon heilt fram til bombinga av Dresden i februar 1945, då dei utnytta kaoset til å rømme frå byen og stikke seg unna i lag med tusenvis av andre flyktningar.

Dagbøkene er vitneprov, historie nedanfrå, om jødisk kvardag i ei trong tid.

1932

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement