Bak det
Marit Tusvik ville utforske eit kjærleiksforhold som går frå lys til mørke. Resultatet blei romanen I hans armar, som skildrar korleis ein vaksen mann held på å bryte ned ei ung kvinne.
Forfattar Marit Tusvik har lenge vore på loffen, men bur no på Gotland.
Foto: Gunhild Bøygard
Ubalanse i parforhold er eit tema som lenge har arbeidd i Tusvik, og som ho har hatt lyst til å skrive om. Alt da ho var lita, blei ho opptatt av at bak «det snille og fine» folk sa, låg det noko anna.
– Alle dei små, finstemde reaksjonane og motreaksjonane har alltid interessert meg. Både møte med folk eg har kjent og det eg har observert hjå andre, har fortalt meg at mykje av det vi opplever kring oss, ikkje er heilt slik det kan synast.
Først ville ho gi stoffet dramaform, men negativ respons fekk henne til å leggje teksten bort. Så henta ho det fram igjen, og ønskte å gjere personane og problematikken meir komplekse for å undersøkje båe partar i ein slik dans. I romanen er Frank «skurken», men forfattaren gjer det klart at det like gjerne kunne ha vore ei kvinne som hadde den rolla.
– Du vekslar mellom nynorsk og bokmål i skrivinga di. Kva avgjer val av målform, og kva avgjorde i dette høvet?
– Det har mykje å gjere med tonen i det eg skal skrive. Denne boka byrja eg på bokmål, men så slo eg over til nynorsk og merka at eg trefte tonen betre. Når eg skriv dikt, grip eg lett til nynorsk, som eg synest det er lettare å uttrykkje seg presist på.
– Romanane dine er aldri frie for sjølvbiografiske element. Slik er det visst her òg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.