Bok
– Babbel og bløff
For 40 år sidan gav Tore Stubberud ut debattboka Anti-Marx, som fekk stor merksemd. Romanen Klamydiakroken tek opp same tema, og enno er forfattaren like kritisk til «studentopprøret».
Noko av inspirasjonen til å skrive romanen var forholdet Tore Stubberud har til Frankrike, som han kallar sitt andre fedreland.
Foto: Aschehoug
Det er absolutt ikkje solskinsversjonen av venstresida og marxismen forfattaren gir i den nye, sjølvbiografiske romanen sin. Møte med venstresida i Frankrike hadde inspirert han til å skrive Anti-Marx. På Blindern møtte han noko uhyggeleg mekanisk og antiintellektuelt: pompøs marxisme kombinert med eit nesten religiøst gnål.
– Tidleg innsåg eg at eg ikkje hadde stort å hente i det klumsete Blindern-miljøet. Det vart absurd når nyfrelste maoistar skulle lære meg om arbeidarmiljøet – eg, som kom frå ei ætt med to hundre års tradisjon som arbeidarar på Borregaard!
Likevel meiner Tore Stubberud, 71 år gammal forfattar, filosof, forleggjar og tidlegare økobonde på garden Kullebund i Rakkestad, at romanen hans ikkje berre er eit oppgjer med 68-arane og mytane deira.
– Boka har tentaklar som peikar fram mot nokre av dei utviklingstrekka vi ser no, til dømes menneskerettsreligionen, som for meg byrja med gudeleggjeringa av antikolonialistiske opprør. Denne internasjonaliseringa er dei første kimane til det vi i dag kallar «godhetsregimet». Noko av den innvandringa som ingen lenger har kontroll på, ingen tek ansvaret for og stadig fleire kjenner uro over, har sitt opphav i 68-rørsla.
«Klamydiakroken», som har gitt namn til boka, var ifølgje Stubberud eit hjørne av Blindern-kantina Frederikke, der det skal ha gått for seg nokså openlyst seksuelt horeri. Langt ute i romanen skriv forfattaren: «Noen vil si at Klamydiakroken er selve venstresiden, horeriet i ånd og kropp.»
– Det er vonbrotet over at teateret sprekk og dei som har rollene avslører seg sjølv, på scenen. Mai 1968 er ikkje positiv glede over å byggje ei ny verd, det er ikkje eit oppgjer med kapitalismen. Etter nokre få veker var bankfolka tilbake, saman med de Gaulle. Dette var berre ei avsløring av menneskeforakt og klasseforakt, rett og slett antiintellektuelt. Det finst økonomar som ser «studentopprøret» som opptakten til den nye, galopperande, liberalistiske kapitalismen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.