Litteratur

Aldri ein dag utan smykke

Med om lag 550 smykke laga av 210 smykkekunstnarar frå 30 ulike land måtte det bli bok om samlinga kunsthistorikaren Jorunn Veiteberg har bygd opp gjennom fleire tiår.

Lisa Walker har laga smykket av gamle telefonar.
Lisa Walker har laga smykket av gamle telefonar.
Publisert

Jorunn Veiteberg blei samlar lenge før ho visste kva omgrepet innebar, men i dag er Jorunn Veiteberg kanskje vår fremste kjennar av norsk og nordisk smykkekunst. Ho er flittig brukt som sensor ved internasjonale utdanningsinstitusjonar, jurymedlem ved utstillingar, utstillingskurator og førelesar i ei rad land, og ho har skrive bøker og artiklar om emnet.

I den gjennomillustrerte boka Smykkeskrinet skildrar Veiteberg ikkje berre si eiga samling og sitt eige samlarliv, ho gir også viktige nedslag i den nyare smykkekunstens historie.

– Med denne boka ønskjer eg å inspirera andre til å dykka ned i smykkekunsten og kanskje sjølve bli samlarar.

Då Dag og Tid når samlaren på telefonen, er ho klar for ein ekspedisjon med eit barnebarn i Knuthenborg Safaripark på Lolland. Blant pensjonerte sirkuselefantar, apekattar, sjiraffar, nashorn, tigrar og anna frittgåande vilt, gjeld det å vera praktisk kledd, så denne dagen ber ho berre eit par enkle øyreringar. Men: «Aldri ein dag utan smykke.»

– Kva er eit smykke?

– Smykke er noko du ber på deg eller med deg, altså berbar kunst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement