Bok
Å skape fortida i sitt eige bilete
Du kan ikkje stire inn i den same fortida to gonger. Den forståinga ligg til grunn for Per Marius Weidner-Olsens debutroman Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen.
Per Marius Weidner-Olsen var norsklærar i 25 år før han sa opp stillinga for å skrive romanen som no er utgjeven.
Foto: Baard Henriksen
57-åringen frå Haslum i Bærum, no busett i Færder kommune, debuterer med ein moralfilosofisk oppvekstroman om tid og minne. Bokas originale tittel forklarar han med at prosjektet har vore å undersøkje kva fortid er og korleis minna våre kan endre seg for kvar gong vi ser tilbake på ei oppleving i fortida.
– Vi menneske er biografiske eg, og utan fortida er vi ingenting. Eg lurte på kva for sjølvbilete eller fortid eg sjølv ønskte å ha. Så samla eg i hop nokre viktige episodar, dystre og mørke som eg ikkje hadde arbeidd meg gjennom i ettertid. Men eg innser at det er eg som ser tilbake og skapar fortida i mitt bilete. Eg kunne like gjerne ha skrive om lyse og positive minne, kanskje burde eg ha gjort det.
For nokre år sidan såg han dokumentarfilmen Falske minne på NRK – og følte seg som ein falsknar.
– Vi trur gjerne at fortida er konstant, men slik er det ikkje, det syner all forsking på minne og hugs. Derfor har eg ingen sans for den såkalla røyndomslitteraturen, som påstår å seie noko om røyndommen. Han burde heller kallast røyndomsdikting. I den postmoderne tilstanden treng subjektet ei forteljing om seg sjølv. Men så er det ikkje noko hald i dette livet, minnet er det mest upålitelege vi har. Eg synest såkalla røyndomslitteratur bør problematisere kor utsett det fortalde er.
Etter 25 år som norsklærar, dei siste 14 i vaksenopplæringa, sa Per Marius Weidner-Olsen opp stillinga si. Han ville prøve å skrive «noko ordentleg». Som ballast har han hovudfag i religionshistorie, mellomfag i idéhistorie, ei årseining i norsk og – framfor alt – livsrøynsle. Dessutan var han innom Forfattarstudiet i Bø i 1986, men der kjende han seg totalt framand. På 1990-talet leverte han likevel fleire manus til forlag og fekk nokre gode tilbakemeldingar, men det blei aldri noko meir.
– Eg var meir oppteken av det estetiske, det språklege, enn av innhaldet, forklarar han i dag. Spor av dette er godt synlege også i debutromanen, som stilistisk ligg ein stad mellom Jon Fosse og Dag Solstad, og med ein hovudperson som har visse ekko frå Johan Borgens Wilfred Sagen, betre kjend som Lillelord. I løpet av få år som ung vaksen har forfattaren lese Dostojevskijs Forbrytelse og straff tre–fire gonger; skildringane av skuld, straff og soning syner òg att i boka hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.