Kulturkommentar

70 år etter «Heartbreak Hotel» er ikkje rocken så einsam at han kan døy.

 

Elvis Presley i 1956, året då låten «Heartbreak Hotel» vart gitt ut.
Publisert Sist oppdatert

10. januar 1956 stod ein 21-åring frå Tupelo i eit platestudio i Nashville og spelte inn ein ny låt, skriven av ein lærar.

Idéen var komen til henne frå ein låtskrivar ho jobba med, inspirert av ein avisnotis om ein mann som hoppa ut av livet og vindauget på hotellrommet sitt. Det einaste ein fann på rommet, var ein lapp med setninga «I walk a lonely street». Eg går åleine i ei einsam gate.

Låtskrivarane hadde freista å få fleire til å spele inn låten. Den eine syntest det var noko av det meir fjollete han hadde høyrt, ein annan kalla han underleg og nærast morbid.

Han som til slutt enda opp med låten, vart derimot vilt begeistra, sa «hot dog, Mae, play that again!», og høyrde på demoen ti gonger for å lære han utanåt.

Då låten var ferdig innspelt, sa fleire i plateselskapet at dei ikkje kunne gje han ut. Den andre låtskrivaren kjende ikkje att verket sitt. Tempo, frasering, tekst og klang var noko heilt anna enn han hadde tenkt. Likevel kom sjutommaren «Heartbreak Hotel» i butikkane 27. januar 1956. 70 år sidan i dag.

Og sidan vart populærmusikken aldri det same.

Eller, det tok ein liten månad. 11. februar fekk USA høyre han live på det nasjonale TV-programmet Stage Show, saman med hiten til Carl Perkins, «Blue Suede Shoes», låten som var den første i historia til å toppe alle dei tre hitlistene til Billboard, altså pop, country and western og R&B.

Rockeartisten Bill Haley i Royal Albert Hall i London i 1968.

Dei neste månadene skulle Elvis Presley bli den andre nokosinne. Samstundes som han gjorde «Blue Suede Shoes» til sin, og rock til noko for alle.

Fleire vil hevde at rocken starta mykje tidlegare, med Bill Haley og «Rock Around the Clock» (1954), kanskje endå meir presist med Jackie Brenston og «Rocket 88» (1951), og dei verkelege puristane meiner ein må tilbake til «All Coons Look Alike to Me» og Arthur Collins i 1899.

Krafta i «Heartbreak Hotel» gjekk lenger og sette i gang krefter hos dei som seinare skulle gå forbi Elvis i kreativitet og påverknad.

Alt det er sant, på sitt vis. Krafta i «Heartbreak Hotel» gjekk lenger og sette i gang krefter hos dei som seinare skulle gå forbi Elvis i kreativitet og påverknad. George Harrison kalla han ei openberring, ein låt som gjorde at han året etter møtte opp på prøvespeling for bandet The Quarrymen.

Leiaren av The Quarrymen høyrde songen på Radio Luxembourg. I eit intervju fleire år seinare fortalde han at han ikkje skjønte noko av tekst eller innhald, at han var sjokkert over at det var mogleg å syngje slik, særleg sidan det ein var vand med av amerikanske artistar, var slike som Frank Sinatra. At det var eit fantastisk bråk. Ja, det er John Lennon som har sagt dette.

Keith Richards meinte det var fyrste gongen han hadde høyrt noko så nakent, utilslørt og brutalt, medan Robert Plant har sagt at låten forandra livet hans då han var åtte år gammal. Og ein kar som heiter Paul McCartney, har sagt at Elvis syng som frå djupna av helvete.

Det som òg er fullkome, er framsyninga på Stage Show. I Elvis-historia er det første store høgdepunktet 9. september 1956, på Ed Sullivan Show, då seksti millionar, 8 av 10 moglege, fekk med seg hoftehipsinga i det som er eit av de det mest sette TV-augeblikka i heile tiåret.

Det hadde ikkje skjedd utan «Heartbreak Hotel» på Stage Show eit halvt år tidlegare. Der fekk USA sjå ein fokusert og kontrollert Elvis Aaron Presley ta over skjermen. Han har meir rytme i skuldrene enn heile resten av bandet, der han lever sin eigen låt – han endra låten så mykje i studio at han fekk låtskrivarkreditering. Det er ein klisjé, men Elvis kjem nesten gjennom skjermen, sjølv no i dag på YouTube.

Energien i låten kom ikkje fram når han stod stille.

Om ein skal tru historia frå innspelinga, som fann stad denne månaden for 70 år sidan, så var det ikkje tilgjort. Det vanlege på den tida var at ein måtte stå på ein markert kross i studio, og stå heilt stille medan ein spelte inn. Elles ville ikkje mikrofonen få med seg alt.

Elvis klarte ikkje det. Energien i låten kom ikkje fram når han stod stille. Etter fleire forsøk gav folka i Nashville-studioet opp og fekk montert fleire mikrofonar i opptaksrommet. Så vokalen kunne fangast, uavhengig av kva denne galne vokalisten fann på av faktiske hopp og sprell. Mennesket vann over maskinen.

Dette var berre det fyrste av fleire høve der Elvis gjorde rocken til sin, og seg til rock. Sjølv om «Heartbreak Hotel» no høyrest gammaldags ut, har han framleis ein heilt eigen intensitet, to minutt og ni sekund med levd liv, formidla av ein artist på starten av sitt eige liv. Om kor tomt livet er utan noko ekte.

Om å vere så einsam at ein kan døy.