JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Viktigare for landsmålet enn Samlaget

Mons Litleré vart berre 28 år, men lét etter seg eit heilt livsverk. No er biografien om nynorskpioneren skriven.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mons Litleré (1867–1895) gav seg ikkje om han møtte motstand, men det tærte nok på. Han arbeidde mykje utover kveldane, seier biograf Jan Olav Gatland.

Foto: Wikipedia

6235
20180622
6235
20180622

Litteratur

janh@landro.bergen.no

I si eiga samtid var Mons Litleré (1867–1895) og verksemda hans ein litterær institusjon, viktigare for landsmålet enn både Det Norske Samlaget og Vestmannalaget. Biografen hans, Jan Olav Gatland, meiner at denne gründernaturen frå Naustdal i Sunnfjord var den eigentlege grunnleggjaren av kommersiell nynorsk forleggjarverksemd og bokproduksjon.

Driftig

Boktittelen, Ein driftig djevel i Bergen, har forfattaren lånt frå Hamsun, som slik omtala Litleré i eit brev. Og det var positivt meint, for driftig må han ha vore. Så driftig at det gjekk på helsa laus og kanskje bringa han i ei altfor tidleg grav.

Gatland hadde i mange år arbeidsstaden sin ved Universitetsbiblioteket i Bergen (UB). Der fann den røynde biografiforfattaren over 350 originalbrev til Litleré, av desse om lag 70 frå Garborg.

– Både Samlaget og Vestmannalaget blei etablerte i 1868, altså før Litleré tok til med arbeidet sitt. Dei har nok, kvart på sitt vis, inspirert han. Vestmannalaget gav ut nokre få bøker, men så dabba det heilt av. Og Samlaget tok til som ein bokklubb folk måtte melde seg inn i, og var i byrjinga altså ikkje eit profesjonelt landsmålsforlag.

– Heime i Naustdal starta han 19 år gammal den første landsmålsbokhandelen i landet, Norskmålets bokhandel. Kva var det som dreiv han?

– Det er freistande å seie at han fekk eit kall, han ville vere ein misjonær for målet og såg vel spreiing av litteratur på landsmål som ein måte å misjonere på. Han hadde gått eit par halvårlege folkehøgskulekurs og hatt inspirerande lærarar, og truleg blitt sterkt gripen av det han lærte om Aasen og Vinje. Eg har lurt på kvifor han ikkje reiste ut for å ta artium og kanskje vidareutdanning. I staden tok han skreppa på ryggen og dreiv kolportørsal av bøker.

Jobba seg i hel

– Han gjekk motstraums frå tidleg alder. Kor mykje trur du det må ha kosta han?

– Svært mykje. Eg trur han tok det lett i byrjinga, og han gav seg ikkje om han møtte motstand. Men det tærte nok på, heilt sikkert. Han jobba så mykje utover kveldane at det gjekk ut over både helsa og etter kvart familien – den helsesvake kona Bergitta og dei tre borna. Eg trur han jobba seg i hel.

Men Mons Litleré møtte ikkje berre motstand. Faren hjelpte han mykje, og ikkje minst boktrykkjar og aviseigar Johan Wilhelm Eide, litteraturkritikar Bolette Pavels Larsen og fleire andre venstrefolk i Bergen. Korleis det hadde gått om han ikkje hadde fått tilbodet om å ta over som redaktør for den nystifta avisa Firda i Bergen, og dermed flytta heile verksemda si dit, er uråd å seie. Eg trur det blei avgjerande. Og sjølv om han også var ein ihuga avismann, var det bøkene han levde for – etter kvart gjekk det ut over avisdrifta.

Gatland fortel at bokhandelen Litleré starta, blei opphav til forlaget. Han trudde at folk på landet ville lese god litteratur om dei fekk han på sitt eige mål. Derfor skreiv han til Bjørnson, Kielland, Lie og fleire og bad om løyve til å setje om nokre av forteljingane deira til landsmål. Det blei byrjinga på forlagsverksemda. Men han var utolmodig og laut tole kritikk for dårleg korrektur, sjølv om landsmålet på den tida ikkje hadde ei standardisert skriftnorm.

I boka si refererer Gatland ei lite kjend historie om då Garborg gav ut «byforteljinga» Hjaa ho Mor. Boka skreiv han på dansk, Hos Mama, i håp om å tene litt ekstra på henne. Men Litleré fekk vite om dette og bad om å få gi ut boka samtidig på landsmål. Garborg sa sjølvsagt ja til å komme på norsk òg, og hans eiga norske attforteljing av Hos Mama (ikkje omsetjing) sa han seg seinare meir nøgd med enn den danske «originalen».

– God butikk blei aldri verksemda hans?

– Nei, men då han opna den siste bokhandelen sin i 1894, auka omsetninga sterkt. Dei fleste som har skrive om han i ettertid, trur det ville gått bra om han hadde fått leve. På eit vis var han over kneika då han vart råka av leverkreft. Ein suksess blei det likevel ved at mange landsmålsforfattarar fekk ut bøkene sine, noko dei tykte var gildt – endå om dei i byrjinga måtte betale trykkinga sjølv. Slik fekk vi ein jamn produksjon av landsmålsbøker og ein liten stall av landsmålsforfattarar.

Garborgs forleggjar

– Garborg var vel den viktigaste forfattaren både for forlaget og for bokhandelen?

– Absolutt. Derfor var det så viktig for Litleré å halde på han. Han ville ha alt frå Garborg, og folk oppfatta han som Garborgs forleggjar.

– Men Garborg hadde òg mykje å takke Litleré for?

– Ja. Dei første Garborg-bøkene, artikkelsamlingane Fri skilsmisse og Fri forhandling, gav kjærkomne inntekter til forfattaren. Og seinare gav Litleré ut både Hjaa ho Mor, Kolbotnbrev og hovudverket Fred.

Verken forlaget eller avisa Firda blei hundre prosent fylte av landsmål. Dels kan det ha vore eit kapasitetsspørsmål, dels eit spørsmål om få inn litt ekstra ved å gi ut ei og anna bok på dansk-norsk, trur Gatland. Han lurer på kvifor hovudtyngda av dei utanlandske bøkene ikkje blei omsette til landsmål, men til dansk-norsk.

– Mons Litleré fekk utretta mykje på kort tid. Kva står att som det viktigaste?

– At han fekk Garborg til å forstå at det var råd å leve av å gi ut bøker på landsmålet, og at han fekk fleire andre landsmålsforfattarar til å innsjå det same. Slik utvida han marknaden for litteratur på landsmålet så det blei akseptert på ein heilt annan måte. Fleire og fleire – også kritikarar – måtte lese landsmål for å følgje med på dei beste forfattarane i Noreg. Han fekk òg andre forlag til å forstå at bøker på landsmål kunne selje, med det resultat at dei freista lokke over til seg folk som Garborg, Jens Tvedt og Rasmus Løland.

– Vil du gå så langt som til å seie: utan Litleré, ingen Garborg på landsmål?

– Han skreiv jo Bondestudentar alt i 1883, men meinte han kunne tene meir pengar på å gi ut bøkene sine i København. Samstundes kjende han seg forplikta til å skrive på landsmål og var nok meir heime der. Eg vil nøye meg med å seie at utan Litleré ville vi fått færre Garborg-bøker på landsmål.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Han ville ha alt frå Garborg, og folk oppfatta han som Garborgs forleggjar.

Jan Olav Gatland, biograf

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis