– Vi må trene meir på å forstå ytringsfridommen

Anine Kierulf synest at ålmenta ofte manglar perspektiv på dei juridiske sidene av samfunnsdebatten. No har ho samla ei rad tekstar i boka Rett frem.

Anine Kierulf har vore dommarfullmektig og advokat og er no førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og spesialrådgivar i Noregs institusjon for menneskerettar, NIM.
Anine Kierulf har vore dommarfullmektig og advokat og er no førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og spesialrådgivar i Noregs institusjon for menneskerettar, NIM.
Publisert

Så stort og komplekst som samfunnet er, hjelper media oss til å forstå mykje av det som skjer på ulike område. Men jusen, som speler inn på så mange felt, meiner ho ofte blir stemoderleg behandla. Ho trur det har med manglande kompetanse og interesse å gjere, men òg med evna til å skjøne kvar jusen er relevant. Straffesaker blir det rett nok skrive mykje om, men sivilsaker, som ofte grip direkte inn i folks liv, høyrer og les vi lite om.

– Mykje av det som skjer i rettslivet, blir korkje kommunisert eller forklart i media. Omfanget og graden av alvor i Nav-skandalen har fått folk til å skjøne meir av EØS- og EU-retten, og korleis han verkar inn på norsk rett. Men kvifor har vi ikkje forstått dette før? Det har vore der sidan 1994, og vi har på ulike vis tumla med det heile vegen. Det same gjeld anbodsprosessar eller korleis menneskerettane verkar inn på norsk rett. Og korleis skal vi skjøne tomtefeste, det rettsfeltet som har skapt flest sivile rettssaker her i landet dei siste tjue åra?

– Akademia har eit teljekantsystem for publisering som absolutt ikkje favoriserer forskarar som formidlar til ålmenta. Er ikkje det å syne forakt for paragraf 100 i Grunnlova, om å leggje til rette for open og opplyst samtale?

– Det var sterkt sagt. Men ei svært alvorleg side ved dette er i kva grad universiteta har misleghalde opptreninga av forskarane sine til å drive breiddeformidling. Teljekantsystemet har sine oppsider, men også så mange nedsider at det bør vere under kontinuerleg gjennomtenking. Så bør vi ha andre ordningar som støttar opp om den lovfesta plikta til å drive formidling.

Ein gjengangar i boka er ytringsfridommen, som det visst ikkje står så heilt bra til med her i landet. Kierulf vedgår rett nok at denne fridommen rettsleg sett hos oss er blant dei betre i verda. Men måten ytringsfridommen speler seg ut på, handlar ikkje så mykje om rettsreglar som om ytringskultur. Korleis folk opplever ytringsfridommen, eller mangel på han, er noko heilt anna enn kva rettsreglane seier han skal vere.

– På ein del arbeidsplassar, både private og offentlege, er opplevinga av kva lojalitetsplikta til arbeidsgivar krev, ganske stor – både frå arbeidsgivar og frå arbeidstakar. Men opplevinga av kva ein eigentleg har lov til å seie, er ikkje så stor. Det gjer noko med korleis vi får – eller ikkje får – tilgang til den innsikta som lærarar, sjukehustilsette, kommunetilsette og alle som forvaltar makt og kunnskap på våre vegner, har. Ofte får dei ikkje bidra med sine innsikter i det offentlege ordskiftet på det viset dei kunne ha gjort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement