JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

🎧 Varm venskap etter kald krig

REYKJAVIK: Verdsmeister i sjakk Bobby Fischer vart eit ikon under den kalde krigen, men for Gardar Sverrisson var han først og fremst ein god ven.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I boka om Bobby Fischer fortel Gardar Sverrisson om venskapen med sjakkgeniet.

Foto: Harald Hognerud

8561
20191025
8561
20191025

Lytt til artikkelen:

Litteratur

ottar@dagogtid.no

Dei tre siste åra, frå 2005 til 2008, budde Bobby Fischer på Island. Islendingen Gardar Sverrisson vart besteven med sjakkgeniet, og han har skrive ei personleg minnebok om denne tida, Bobby Fischer. The Final Years. For fire år sidan kom boka på islandsk, og no finst ho i engelsk utgåve. Der formidlar Gardar eit bilete av sjakkgeniet som er langt meir nyansert og positivt enn det som har vore vanleg.

Blant dei som har levd ei stund, er det mange som hugsar kampen om verdsmeistertittelen i sjakk i 1972 – midt under den kalde krigen. Avisene var fulle av stoff om det store oppgjeret mellom amerikanaren Bobby Fischer og russaren Boris Spasskij.

Etter kampen i Reykjavik slutta Bobby å spela turneringssjakk, og han mista tittelen i 1975. Men framleis lever Fischer-namnet, og den 27. oktober startar den første offisielle verdsmeisterskapen i fischersjakk på Høvikodden. Tevlinga er kalla opp etter den tidlegare verdsmeisteren, og det som skil denne konkurransen frå andre, er at offisersbrikkene er plasserte etter loddtrekking i utgangsstillinga.

Større enn sjakk

I 1972 fekk 13 år gamle Gardar med seg siste delen av denne storhendinga, som halve verda følgde med på. Kampen var lagd til Laugardalshölli, som er ein stor idrettshall der Led Zeppelin hadde konsert eit par år tidlegare. Fleire tusen møtte fram for å sjå, og mange utlendingar kom til Island for å få med seg dysten.

– Me har vore sjakkgalne på Island, og interessa auka ytterlegare under meisterskapen, for dette var større enn sjakk. Det var USA mot Sovjetunionen, som hadde hatt verdsmeistertittelen i fleire tiår, og det var mykje spenning i lufta. I byrjinga heldt islendingar flest med Spasskij, kanskje av di me beundra alle dei russiske sjakkspelarane. Dessutan var Spasskij meir av ein gentleman enn Bobby, som lét seg irritera både av kamera og støy, men både eg og andre islendingar tok nok parti for Bobby på slutten, fortel Gardar.

Island – eit fengsel

I 1992, tjue år etter verdsmeisterskapen, møttest Bobby Fischer og Boris Spasskij til ny dyst i Beograd. Amerikanaren vann denne gongen òg, men kampen fall ikkje i god jord i USA, ettersom det var brot på USAs sanksjonar mot Jugoslavia. Det vart sendt ut arrestordre på Bobby Fischer, men han vart ikkje arrestert før i 2004. Det skjedde i Japan, og grunngjevinga var at passet hans ikkje var gyldig. Men Bobby ville ikkje la seg utlevera til USA, og han sa frå seg den amerikanske statsborgarskapen.

Ei gruppe islendingar tykte det var for gale at Bobby vart sitjande i eit japansk fengsel. Blant desse var Gardar, som hadde arbeidd både som journalist og som PR-rådgjevar. I fengselet lurte Bobby på kva medium det var best å snakka med, og han byrja å ringja Gardar for å få råd. Det vart mange og lange telefonsamtalar fram til han fekk islandsk statsborgarskap og vart sett fri i 2005.

– Men etter at han kom til Island, fekk han ikkje reisa utanlands, og Island vart som eit fengsel for han, seier Gardar.

Ikkje paranoid

Han fortel at Bobby ikkje hadde stort meir enn tre–fire vener. Etter at verdsmeisteren døydde i 2008, fekk Gardar stadig spørsmål om sjakkgeniet.

– Folk ville vita kva som var rett og gale, og det tok mykje tid å svara på alle spørsmåla. Framstillinga av Bobby i aviser og film var ikkje slik me opplevde han. Då til og med borna mine spurde meg om Bobby var den crazy mannen som det vart fortalt om på fjernsynet, bestemde eg meg for å skriva bok om han.

I den store bokhandelen i Reyjavik finn me Gardars bok om Fischers siste tre år, og mannen i kassen smiler lurt når eg legg henne på disken, før han seier lågt:

– Men han var no paranoid.

Nokre dagar seinare møter me Gardar og spør han om dette er sant. Han svarar kontant nei på det.

– Men han var ekstremt varsam. Det vart hevda at Bobbys mor, Regina Fischer, var paranoid, ettersom ho trudde at styresmaktene spionerte på henne. Då Bobby var liten gut, fortalde ho at han ikkje måtte svara på spørsmål frå framande. Å fortelja små born at dei må vera forsiktige på grunn av faren for spionasje, er neppe det luraste ein kan gjera. Men få år før Bobby døydde, offentleggjorde FBI dokument som viste at dei hadde spionert på mora i fleire tiår.

Mora var jøde av sveitsisk opphav. Ho var kommunist, og saman med kjærasten emigrerte ho til Sovjetunionen i 1930-åra. Der gifta dei seg, men dei valde å dra derifrå før den andre verdskrigen. Mora fekk koma tilbake til USA, men ikkje ektefellen. Ho møtte ein ungarsk matematikar av jødisk opphav, og han vart far til Bobby.

– Ho studerte medisin i Moskva, men vart ikkje ferdig. Ho snakka fleire språk flytande, men hadde vanskar med å få seg jobb i USA. I ein periode fekk ho jobb på ein fabrikk, men etter ei kort stund mista ho han. Ho fekk leiga eit husvære for ei stund, men så måtte ho ut. Stadig måtte ho flytta med dei to borna. Heile tida spionerte FBI på dei, og då kan ein fort verta råka av noko som liknar på paranoia. Her på Island brukte Bobby berre kontantar og ikkje kort, og grunnen til det var at han ikkje ville etterlata seg spor til CIA. Men hadde Bobby trudd at CIA var ute for å ta han, ville han ikkje gått ute om natta, slik han gjorde. Ein mann som er redd for livet, ville ikkje oppført seg på det viset.

Somme vil nok oppfatta Gardars bok som eit forsvarsskrift for verdsmeisteren, men det er ikkje islendingen samd i.

– Det var kjekt å snakka med Bobby. Han hadde mange interesser. Somme har hevda at han ikkje likte at folk sa han imot, men det er heilt feil. Han sette pris på at folk hadde andre synspunkt, men han hadde temperament. Og det var eit handikap for Bobby at han sa sanninga rett ut. Kvite løgner passa ikkje han. Kva er skilnaden på ei løgn og ei kvit løgn, sa han ein gong og vart sint. Men kom det nye synspunkt i ei sak, var det lett for han å skifta meining.

Kulturell antipati

Den amerikanske sjakkmeisteren har vorte omtalt som ein eksentrikar med ukonvensjonelle oppfatningar og ekstreme synspunkt. Det har vorte hevda at han var antisemitt, holocaustfornektar og USA-fiende, og at han gledde seg over at terroristane gjekk til åtak på tvillingtårna i New York og forsvarsdepartementet i Pentagon i 2001. Etter åtaket skal han ha uttalt til filippinsk radio: «Dette er verkeleg strålande nyhende. Det er på tide at jødane får sparka inn hovudet. Det er på tide å gjera seg ferdig med USA ein gong for alle.»

Det førte blant anna til at han mista medlemskapen i det amerikanske sjakkforbundet.

– Kvifor uttalte han seg slik?

– Den gongen uttalte han seg nok meir som ein boksar enn som ein sjakkspelar. Eg trur at hovudårsaka til det var at han var på flukt, og det hadde han vore etter det han opplevde i Jugoslavia i 1992. Han var irritert på USA etter det som hadde skjedd, og av di amerikanske styresmakter sørgde for å blokkera bankkontoen hans i Sveits. Når Bobby var sinna, kunne han nytta eit saftig språk, men han uttalte seg ikkje slik om terroren i ettertid.

Men det var nok det han sa om jødane, som skapte mest røre. Etter at han kom til Island, bad Simon Wiesenthal-senteret om at Island trekte tilbake statsborgarskapen og utviste han frå landet.

– Kvifor var han så negativ til jødar?

– Mora ville ikkje oppseda han i den jødiske tradisjonen. Det var snakk om ein kulturell antipati. Bobby likte ikkje at folk hadde ein skjult agenda for samarbeid. Han var ikkje rasist, og dette handlar slett ikkje om rasisme. Det var snakk om noko kulturelt. Antipatien hans mot jødar var så sterk at han kunne hevda at dei brukte holocaust for å få sympati for den israelske staten.

Fischer-museum

Ikkje så langt frå Bobbys gravstad i Selfoss nokre mil sørom Reykjavik, har dei gjort sitt for å halda minnet i live. «Bobby Fischer Center» står det på eit skilt på veggen på eit stort, kvitt hus. Oppe i andreetasjen i den gamle banken er det etablert eit lite museum, og ein mann i 80-åra guidar oss gjennom samlinga. Det er ein tidlegare justisminister som brukar fritida på dette viset. Inngangspengane slepper me ned i eit gamalt mjølkespann i ei sprekk der det står E4, som er den vanlegaste opninga i sjakk. På veggene heng det framsidebilete frå Newsweek og Der Spiegel. Dei minner om kor stor plass Bobby Fischer fekk i det internasjonale nyhendebiletet for snart femti år sidan.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Bobby uttalte seg nok meir som ein boksar enn som ein sjakkspelar.

Gardar Sverrisson, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis