– Nasjonalismen gjer nasjonen viktig

Øyvind Østerud trur ikkje nasjonalismen er eit historisk overgangsfenomen.

Tilhengarar av det opposisjonelle høgrefløypartiet Jobbik i Ungarn marsjerer i gatene i Budapest under 60-årsmarkeringa for den ungarske revolusjonen og kampen for fridom frå Sovjetunionen i 1956.
Tilhengarar av det opposisjonelle høgrefløypartiet Jobbik i Ungarn marsjerer i gatene i Budapest under 60-årsmarkeringa for den ungarske revolusjonen og kampen for fridom frå Sovjetunionen i 1956.
Publisert

Nasjonalismen er meir massiv og meir aktuell enn nokosinne og mykje sterkare til stades i fleire land enn vi har sett før. Det finst sterke separatistrørsler i Europa, auka intern strid i EU med nasjonale rørsler som i kvart einaste medlemsland krev større nasjonal suverenitet, og Polen, Ungarn og Den tsjekkiske republikken har fått nye, nasjonalt orienterte regjeringar.

Slik grunngir professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo Øyvind Østerud at han i desse dagar er ute med boka Nasjonalisme, 24 år etter at han gav ut ei bok om same emne. Han ser mykje av denne utviklinga som motreaksjon på internasjonalisering, globalisering og utvisking av grenser. Så syner han til spesielle former for nasjonalistisk motstand, der rike regionar som Catalonia, Flandern og det norditalienske Padania (Po-dalen), ikkje ønskjer å overføre store verdiar til sentrale delar av landet når dei sjølve er råka av tilbakegang og arbeidsløyse.

– Det finst former for nasjonalisme over heile det politiske spekteret. I dagens Europa er det mest tale om høgrenasjonalisme, men i dei første etterkrigsåra med kolonifrigjeringa i Afrika var det eit meir venstreorientert fenomen med kamp mot utanlandsk undertrykking.

Fellesskap

Nasjonalisme definerer Østerud som ein doktrine som krev at ein politisk fellesskap har sin eigen, sjølvstendige stat. Denne fellesskapen kan byggje på språk, religion eller historisk felleserfaring. Kravet om kollektivt sjølvstende ser Østerud som det einaste felleselementet i dei ulike formene for nasjonalisme. Elles kan prioriteringane variere kolossalt, også innanfor eitt og same land til ulike tider.

– Den norske nasjonalismen fram mot unionsoppløysinga i 1905 var ei liberal, demokratisk rørsle. I mellomkrigstida var det motsett, ein aggressiv og intolerant nasjonalisme. Og det vi ser i Europa i dag, spenner frå det opne og inkluderande, som Podemos i Spania, til Ungarns aggressive og militante Jobbik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement