– Målet er å halde freden unna
Dagens krigar har langt fleire likskapar med krigane i mellomalderen enn med dei store krigane som har vore utkjempa dei siste hundreåra, syner ny bok.
Øyvind Østerud er statsvitar og har samarbeidd med mellomalderhistorikar Hans Jacob Orning om ei ny bok om krig.
Foto: Dreyers Forlag
Krig uten stat er produktet av eit uvanleg samarbeid, der ein statsvitar, Øyvind Østerud, og ein mellomalderhistorikar, Hans Jacob Orning, dels har trakka i dei faglege beda til kvarandre. Mykje av det dei to professorane presenterer, vil truleg skape undring hos mange.
På spørsmål om kva for aktuelle lærdommar vi kan hente ut av parallellane boka peikar på, svarar Østerud:
– Det kjem mykje tydelegare fram i boka kor annleis dei nye krigane er enn det vi er vande med å tenkje på som krigar mellom statar. Det er enklare å forstå dei nye krigane om vi samanliknar dei med krigane i mellomalderen.
Sjølvsagt er ikkje krigane frå mellomalderen og frå vår tid kliss like, men somme strukturtrekk går att, seier Østerud.
– Desse syner kvifor stormaktene i mange høve har vore makteslause i møte med militært underlegne motstandarar. Det kan vere at tradisjonelle skiljeliner langt på veg er viska ut, mellom krig og fred, venn og fiende, soldatar og sivile, innanriks og utanriks, statleg og ikkje-statleg. Mange av krigane har uoversiktlege og samansette mål, trugsmåla er uklare og krigen kan i mange høve vere maskert som fred. At ein formell fredsavtale blir inngått, treng ikkje bety at det blir fred. Slik var det i mellomalderen òg.
Skiftande lojalitet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.