– Klimastaten må avløyse velferdsstatenOm vi ikkje taklar klimaproblema, treng vi ikkje bry oss så mykje om alt det andre, meiner Carsten Jensen.

Om vi ikkje taklar klimaproblema, treng vi ikkje bry oss så mykje om alt det andre, meiner Carsten Jensen.

– Flyktningpolitikken handlar ikkje om å berge flyktningar, men om å berge Danmark og Noreg frå flyktningane. seier den danske forfatteren Carsten Jensen.
– Flyktningpolitikken handlar ikkje om å berge flyktningar, men om å berge Danmark og Noreg frå flyktningane. seier den danske forfatteren Carsten Jensen.
Publisert

Med boka Kjellermennesker har den danske forfattaren innleia ei serie på fire bøker der han tar for seg dei store problema han meiner verda står overfor.

– Boka er ei oppmoding til å tenkje seg om før det blir for seint. Verda vi kjenner, kan lett komme til å gå under som følgje av klimaendringane om vi ikkje gjer det til vår førsteprioritet å seinke tempoet endringane skjer i. Men dette er ikkje ein politisk hovudprioritet i den vestlege verda.

– Er inntrykket ditt at vi lever i ei verd der vi ikkje maktar å halde tritt med utviklinga?

– Jo, men det er vi sjølve som står bak utviklinga. Konsekvensen av den dynamiske samfunnsforma vi lever i, er ei kjensle av tap. Du mistar orienteringa, og alt må byrje på nytt. Stadig fleire menneske føler at veksten ikkje lenger gir dei same gevinstane som før. Dei kjenner seg skubba til side, overflødige og utan identitet.

– Er det erkjenninga av dette som får stadig fleire til å søkje til populismen?

– Både til populisme og religiøs fundamentalisme. Dansk Folkeparti går fram val for val, men det er ikkje så mykje på grunn av innvandringa som tapet av identitet, felles symbol og felles orienteringspunkt – skular, rådhus, sjukehus osv. Ingen lyttar, ingen bekymrar seg. Og så reagerer folk kraftig imot. Det handlar ikkje berre om økonomi, men også om identitet, som brått er blitt eit heitt tema i politikken. Men politikarane har alltid det same forenkla svaret: Du er nordmann. Det betyr at du er betre enn andre og ikkje kan leve saman med folk som er ulike deg. Der har du kjernen i populismen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement