– Får eit godt, forsvarleg tilbod

Asle Holthe seier han ikkje kjenner seg att i kritikken frå Njål Vindenes.

Dekan Asle Holthe avviser skuldingane frå Njål Vindenes.
Dekan Asle Holthe avviser skuldingane frå Njål Vindenes.
Publisert

Holthe er dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Frå feriestaden sin har han svart på spørsmåla frå Dag og Tid per e-post:

– Kva er grunngivinga for å kutte ned timeressursane til musikkfaget med to tredelar i løpet av fire år?

– Hausten 2018 hadde vi ein større prosess i fakultetet for å komme fram til ein felles ressursfordelingsmodell til undervisning, gjeldande frå hausten 2019. Hovudtrekka i denne er at ressursane til eit emne i ei utdanning speglar finansieringskategoriane frå Kunnskapsdepartementet. Dette byggjer på ein grunnressurs som skal ta omsyn til deling der det er store studentkull og ein ressurs per student. I tillegg er nokre fag, mellom anna musikk, styrka noko. Men styrkinga av musikk er mindre enn det som var i 2015. Å sjå på musikkfaget i grunnskulelærarutdanninga åleine, gir eit skeivt bilete. Ein må sjå korleis ressursane blir fordelte i det einskilde studieprogrammet.

– Får studentane eit fagleg forsvarleg tilbod når undervisninga er blitt så drastisk redusert?

– Ja, dei får eit forsvarleg og godt tilbod ved HVL. Det faglege innhaldet i grunnskulelærarutdanningane blir styrt gjennom nasjonale rammeplanar og retningslinjer. Institusjonane fastset program- og emneplanar basert på dei nasjonale styringsdokumenta. I høgare utdanning ventar vi monaleg eigeninnsats av studentane i tillegg til undervisning og rettleiing. I lærarutdanningane har studentane i tillegg praksisopplæring i grunnskulen. Grunnskulelærarutdanningane blei integrerte masterutdanningar frå 2017, og studentane har fleire fag i utdanninga si.

– Hindrar ingen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement