JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Eg er imot alle religionar, ikkje berre islam

GÖTEBORG: Den egyptiske forfattaren og feministen Nawal al-Saadawi er like opprørsk som ho alltid har vore.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den egytiske forfattaren Nawal El Saadawi har vorte kalla den viktigaste forfattaren i den arabiskspråklege verda.

Foto: Bokmessa i Göteborg

7252
20181005

Bakgrunn

Nawal al-Saadawi

Egyptisk forfattar, feminist, aktivist, lege

Har skrive romanar og noveller, blant anna om kvinner og islam

Har engasjert seg i kampen mot omskjering

Er omsett til meir enn 30 språk

Litteratur

ottar@dagogtid.no

Den 86 år gamle forfattaren går knallhardt ut mot alle religionar, men forsvarar statskuppet i Egypt. Under den kvite hårprakta er ho likevel ikkje like rak i ryggen som før, og ho treng støtte nedover trappene i foredragssalen på bokmessa i Göteborg. Heller ikkje augo er så gode som dei var, men når ho tek ordet, er ho kvikk, klar og humoristisk, som om ho skulle vera ein 25-åring med eit langt og innhaldsrikt liv bak seg.

Internasjonalt er Nawal al-Saadawi kjend som aktivist og feminist, og ho er omtalt som arabarverdas Simone de Beauvoir. Seinare denne månaden fyller ho 87 år, men alderen er ikkje til hinder for lange reiser for den nobelprisnominerte forfattaren.

For nesten tretti år sidan – i 1989 – vitja ho bokmessa i Göteborg. Også den gongen vart ho motteken som ein internasjonal autoritet, og på reiser kringom i verda har ho vorte møtt på same vis. Men på spørsmål om kva ho er mest kry av, er svaret at ho framleis er i stand til å reisa.

– Helsa er framleis god – både fysisk og mentalt. Eg er meg sjølv trass i alle hindringar og press både globalt og lokalt. Eg er kry av å ha overlevd.

I fengsel i Egypt

Nawal al-Saadawi har sete i fengsel i heimlandet. Ho har måtta reisa i eksil, og ho har vore utsett for forfølging og drapstrugsmål. I 1981 vart ho fengsla medan Anwar al-Sadat var president i Egypt, men ho slapp ut seinare same året – etter attentatet mot presidenten. På spørsmål om korleis det var å verta fengsla, svarar ho:

– Det var ei svært rik erfaring, for somme tider kan også livet vera eit fengsel. For meg er livet eit fengsel. Eg er aldri fri. Då eg hamna i fengsel, vart eg på eit vis sett fri frå illusjonen om at eg var fri. Det var ei rik erfaring å oppleva den andre sida av systemet – globalt og lokalt, for det var ikkje skilt frå politikken til USA. Eg freista å skjøna kvifor eg var i fengsel. For er ein i fengsel, er ein farleg. Eg var kry over at eg hadde så mykje makt at regjeringa og systemet var redde for meg. Somme misser sjølvtilliten i fengsel, men med meg skjedde det motsette. Der skreiv eg den beste boka mi – på toalettpapir med penn til å pynta augebryna med – på tre månader.

Flykta frå Egypt

Utover 1980-åra vart al-Saadawi truga av fundamentalistiske islamistar, og i 1988 såg ho seg nøydd til å flykta frå Egypt. Ho takka ja til å undervisa ved fleire universitet i USA og vart buande i landet i fleire år. Som gjesteprofessor var ho særleg oppteken av forholdet mellom kreativitet og livet som dissident.

– For meg var det ikkje verkeleg eksil. Eg hadde fridom til å snakka på universitetet, men det var eit universitet som sette strek over kontrakten min etter at rektor på universitetet hadde høyrt foredraget mitt. Han var usamd i det eg sa. Mange professorar meinte at eg burde gå til sak mot universitetet. Men eg var glad for å verta kvitt dei.

– Eksil er som fengsel, men det avheng av korleis ein opplever det. Kjenner ein seg som offer, er ikkje det til hjelp. Hamnar ein i eksil og opplever seg som ein framand – som dei kalla oss – og ein kjenner seg isolert og på tomgang, er det hardt, seier al-Saadawi.

– Kanskje er det genetisk; kanskje har eg det frå bestemor mi, som var svært optimistisk trass i fattigdommen. Ho sende far min til den beste skulen, og det var til hjelp for meg. Men opplevingane er hovudårsaka til optimismen, og det at eg framleis har håp. Eg har hatt sjølvtillit og middel til å kjempa med, og det er det ikkje alle som har.

Revolusjonskjensla

Under den egyptiske revolusjonen i 2011 var al-Saadawi aktiv deltakar på Tahrirplassen i Kairo.

– Det var som å verta fødd på ny. Eg var 80 år, det var januar, og det var kaldt, men eg budde i telt ute på gata saman med andre kvinner og menn, unge og gamle. Me kjende ikkje kvarandre, men me var som ein stor familie. I Egypt regnar det ikkje mykje, men det gjorde det då, og regnet trengde gjennom teltet. Men på grunn av revolusjonskjensla var det varmare i teltet enn nokon annan stad. Heile livet hadde eg vore mot systemet, og eg hadde drøymt om den augneblinken.

Men den arabiske våren utvikla seg aldri til ein sommar, og verken Egypt eller andre arabiske land utvikla seg til det paradiset som folk drøymde om.

– Revolusjonen vart avbroten, og det er viktig å vita kven som stod bak. Det var den største revolusjonen i Egypts historie, og det vart hevda at mellom 30 og 40 millionar var i gatene. Folk hadde makta. Men USA samarbeidde med dei egyptiske styresmaktene for å avbryta revolusjonen. Hadde revolusjonen lukkast, kunne det vorte revolusjon i mange andre land. Folk ville ikkje ha Den muslimske brorskapen. Dei hata han, men lokale og globale krefter samarbeidde for å få brorskapen til makta gjennom såkalla frie val.

Bad hæren gripa inn

Den arabiske revolusjonen enda med at Mohammed Mursi vann presidentvalet i det som vart omtalt som frie, demokratiske val. Det kallar ho ei stor løgn.

– Eg har reist over store deler av verda, og det var heller ikkje frie val då Bill Clinton eller Barack Obama vart valde. Det er ikkje demokrati i USA heller. Det kan ikkje vera frie val dersom dei er baserte på pengar, og slik er det i Egypt òg. Valet vart planlagt og hjelpt fram av lokale styresmakter og USA. Den muslimske brorskapen kom til makta, men vart berre sitjande i eitt år. Det egyptiske folket avviste dei, og så greip hæren inn for å støtta folket. Dei såg at både lokale og globale krefter ønskte å dela landet etter religiøse skiljelinjer, slik som i Syria, Jemen, Sudan og Irak. Styret under Den muslimske brorskapen var forferdeleg. Dei freista å islamisera alt. Millionar av egyptarar var mot det.

Det var i 2014 den egyptiske hæren greip makta og Den muslimske brorskapen vart sett til sides. Det som skjedde, har vorte omtalt eit militærkupp.

– Det er ei stor løgn, seier ho.

– Kvar eg enn kjem, vil dei at eg skal kritisera president Abdel Fattah al-Sisi og seia at han er ein diktator som set folk i fengsel, og at han avbraut revolusjonen. Men det er ei stor løgn.

Sjølv om menneskerettsorganisasjonar har lagt fram godt dokumenterte prov på brot på menneskerettane under al-Sisi, avviser al-Saadawi dette som løgn, men legg til at brot på menneskerettane skjer overalt.

– Me lever framleis i ein jungel. Me har ikkje likskap og demokrati i noko land. Eg reiser over heile verda, og eg har ikkje sett fridom. Men Egypt er mykje betre under al-Sisi enn under presidentane Mubarak og Sadat.

– Ein katastrofe

På bokmessa i Göteborg gjekk ho til knallhardt åtak på religionar.

– Eg er mot alle religionar, ikkje berre islam. Religion er ein katastrofe i alle land, sa ho til Dagens Nyheter.

Gud trengst for å rettferdiggjera urett, meiner ho.

– Kvar gud seier til folket sitt at dei er det utvalde folket, og rettferdiggjer dermed rasisme. Og med det følgjer kvinneundertrykking.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I fengselet skreiv eg den beste boka mi – på toalettpapir.

Nawal al-Saadawi

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis