– Det vanskelege livet er normaltilstanden
26 år gammal gav Ellen Emmerentze Jervell opp ein spennande karriere som korrespondent for amerikanske Wall Street Journal. Ho ville prøve å skrive ein roman, og eit år seinare ligg resultatet føre som Fjellfolk.
Debutant Ellen Emmerentze Jervell sa opp jobben i Wall Street Journal for å bli forfattar.<00E6>vert / Gyldendal00E6>
Foto: Rut Helen Gjævert / Gyldendal
Det er råd å skrive ein god roman, også for ein debutant, utan å vite kva han skal «handle» om. Det er Fjellfolk eit prov på. Ellen Emmerentze Jervell hadde i utgangspunktet berre lyst til å finne attende til gleda ved orda og gleda ved teksten, så kom historia til henne under skrivinga, stykkevis og delt.
Som diplomatdotter har ho vakse opp i Asker, Bonn og Berlin. Ho studerte journalistikk, og på utveksling i Washington DC blei ho kjend med han som var sjef for Wall Street Journal der. Han ville tilrå at ho fekk praktikantplass på det nordiske kontoret til avisa, og etter fem månader fekk ho fast jobb. Ho var der i fire år, med Stockholm og Frankfurt som arbeidsplass.
– Dette er vel ikkje ein jobb ein ung journalist vil slutte i?
– Det er ein heilt utruleg jobb. Eg har arbeidd med nokre av verdas flinkaste journalistar, som har vilja meg vel og gjort meg god og medviten. Eg har lært ting eg truleg ikkje kunne lært andre stader. Men ein slik jobb krev òg ein spesiell type dedikasjon, for det er ekstremt arbeidskrevjande. Du har så å seie aldri fri og er mentalt kopla på heile tida. På slutten dekka eg flyktningkrisa i 2015. Då reiste eg mykje aleine kring i Europa, snakka med menneske som gjekk gjennom store traume. Det var mykje arbeid og lite fri, og vanskeleg å distansere seg frå lagnadene. Det blei ei mental påkjenning for meg, eg kjende meg tom og visste ikkje heilt korleis eg skulle jobbe vidare. Eg tok til å tvile på meg sjølv, på evnene til å skrive og til å lage intervju. Ein lang prosess førte til at eg slutta, dessutan ville eg svært gjerne heim til Noreg.
– Når du så skriv ein roman, er det ei historie langt unna dei ferske inntrykka frå Europa. Kanskje måtte det bli slik?
– Ja, eg trur nok det. Eg byrja berre å skrive, utan heilt å vite kvar eg ville. Nokon stor, grandios plan hadde eg ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.