– Det er ei stor bedrift å få Noreg til å vere Noreg

Suzanne Brøgger har skrive bok om Noreg og nordmenn. Det var ikkje tenkt slik, men det blei ei kjærleikserklæring.

– I høg grad er det empati som har utvikla oss som art og gjer at vi overlever, seier Suzanne Brøgger.
– I høg grad er det empati som har utvikla oss som art og gjer at vi overlever, seier Suzanne Brøgger.
Publisert

Den danske forfattaren siterer dronning Margrethe på at Danmark er «et handy foretak». Om Noreg meiner ho at det er eit mirakel at det bur folk her. Og at ein politisk kan halde landet saman slik at menneske kan bu overalt. For dette landet er uhandterleg.

I Omelette Norvegienne. Reiser i Norge, som Brøgger sjølv kallar ei samling epistlar og notat, kryr det av individ og liv. Ho har farta kring i Noreg, sett på naturen og snakka med kjende og (litt) mindre kjende personar. Boka er nyss utkommen her i landet, denne veka kom ho i Danmark, og i august kjem den svenske utgåva.

– Vi kjem til å samle Norden, seier ho med eit stort smil.

– Du rundar av boka med Kim Leines nyskrivne «Den nordiske hymne». Ber du på ein draum om eit sameint Norden?

– Ja, det gjer eg. Ikkje ein romantisk draum, snarare ein traumatisk. I mi levetid har eg opplevd korleis dei nordiske landa har gått frå kvarandre. Då eg gjekk på skulen, lærte vi dei nordiske språka, det er no slutt. Eg trur at eit samla Norden står sterkast i høve til Russland og resten av Europa.

Vi har i så mange år lege på halen av USA. No ser vi at USA kan endre seg i kva retning det skal vere. Då tek ein til å bli merksam på eigne verdiar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement