JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Meir røyndom gir mindre jihadisme

Ei langsiktig løysing på problema med terror i Europa krev innsikt i djupe historiske, økonomiske og politiske årsaker. Innsikta kan nyttast av komande generasjonar, men vi kan ikkje rekne med å fjerne årsakene i vår tid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Militante muslimar rekrutterer nye følgjarar i fengsla.    Her underviser den militante Arif Syaifudin, kjend som Firdaus, i eit fengsel på Java i Indonesia.

Foto: Achmad Ibrahim / TT / NTB scanpix

8993
20170505
8993
20170505

Terroren har band til hundreårgamle konfliktar i den islamske verda, i den islamske verda mellom sunnimuslimar og sjiamuslimar, og mellom orient og oksident. Han heng saman med tilhøvet mellom styresett og verdsøkonomi, og motsetninga mellom religion og sekularisme. Enno finst det ikkje noko som liknar på semje når det gjeld desse djupe årsakene.

Men at vi ikkje kan fjerne dei årsakene som stikk djupare, kan ikkje vere noko godt argument for ikkje å sjå på meir nærliggjande og direkte årsaker som vi kan gjere noko med, og slik berga liv og mildna etnisk strid.

Entreprenørane

Talet på jihadistiske entreprenørar – terrorbakmenn som har røynsle frå krig og fengsel, og som kan tenkjast å planleggje og få utført terrorhandlingar i Europa i dag – er no «minst eit par tusen», skriv Thomas Hegghammer i artikkelen «The Future of Jihadism in Europe: A Pessimistic View». Talet kan auke når fleire vender attende frå Syria, og viss nye, liknande krigar oppstår. Men det er to viktige omstende som i høg mon påverkar dette talet, og som dei europeiske landa sjølve rår over, «nemlig radikalisering i fengslene og relativt korte fengselsstraffer», heiter det hos Hegghammer.

Mekka for terroristar

I Noreg er terrorlova strengare enn i til dømes Sverige. Ho opnar for å slå til mot bakmenn og fotsoldatar før dei rekk å handle. Det er straffbart å planleggje og førebu terror i grupper eller åleine, å oppmode, rekruttere og trene til terror og å medverke og freiste å utføre terror. Lova forbyr òg aktiv deltaking i terrororganisasjonar. 20 av 40 norske jihadistar som er komne attende frå Syria, har vorte sikta, tiltala eller dømde etter terrorlova. Islamisten Ubaydullah Hussein fekk ni år for mellom anna å ha verva ein tjueåring til IS. I PST seier dei at jihadistgruppa Profetens Ummah er sett ut av spel delvis på grunn av terrorlova og politiaktiviteten.

I Sverige ligg lista høgare for å verta dømd for aktiv deltaking i IS. I praksis går svenske framandkrigarar frå Syria heilt fri om politiet ikkje kan finne fellande prov på at dei står bak heilt konkrete brotsverk. Sverige har rundt 300 Syria-fararar. Av desse har 150 til no vendt attende til Sverige, men berre to er vortne tiltala og dømde til livstid fordi dei hadde med seg ein minnepinne som synte at dei hadde tatt del i halshogging i Syria. Det vil seia at der 50 prosent av norske Syria-fararar får eit oppgjer med rettsvesenet, skjer dette med berre 3 prosent av dei svenske. Det har fått spaltisten Ivar Arpi til å kalle Sverige «eit Mekka for terroristar» (Svenska Dagbladet 17. april 2017).

Røyndomsfjernt

Problemet med jihadistiske veteranar vert forsterka av det europeiske rettssystemet, som har relativt milde fengselsstraffer for terroristar. Terrordømde slepp nokså raskt ut i samfunnet igjen. Undersøkingar syner at 90 prosent av dei kjem ut att med den jihadistiske overtydinga, etter ei soning som har gjeve dei høve til å radikalisera andre, i regelen yngre innsette.

Av knapt 600 personar dømde for terrorhandlingar i Storbritannia sidan 2002, har no to tredjedelar alt sona straffa, og nesten alle har halde på den jihadistiske overtydinga si. Gjennomsnittsstraffa for terror i England, Tyskland og Frankrike var i 2012 fem–seks år, og i 2013 frå fire til ni år, og mange kjem ut etter at halve straffa er sona, altså etter eit par år i fengsel. Det vil seie at europeiske fengsel fungerer som jihadistskular som i dei neste fem–ti åra vil sleppe laus eit stort tal overtydde jihadistar, «hvorav noen meget mulig vil bli 2020-tallets jihadistiske entreprenører», skriv Hegghammer.

Charlie Hebdo

Nokre døme frå nylege terror-
åtak i Europa syner korleis betre realitetsorientering hos styresmakter, rettsvesen og politi hadde kunne hindra terror og berga liv.

Adel Kemiche, ein av dei to 19 år gamle jihadistane som på bestialsk vis myrda presten Jacques Hamel i kyrkja i Saint-Étienne-du-Rouvray sumaren 2016, hadde to gonger i 2015 freista å slutte seg til IS i Syria, men vart stansa fyrste gong i Tyrkia og andre gong i Tyskland. Kemiche var sikta for forsøk på å knyte seg til ein terrororganisasjon, bar fotlekkje og hadde meldeplikt, noko som ikkje hindra han i å utføre ugjerninga.

Chérif Kouachi, ein av dei to brørne som stod bak åtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen i Paris i januar 2015, hadde teke del i jihadistisk organisert våpentrening etter 2003 og var blitt arrestert og fengsla i 2005 for freistnad på å slutta seg til kampen mot amerikanarane i Irak. Han vart fengsla på nytt i 2008 og dømd til tre års fengsel for å verve medlemmer til Al Qaida i Irak, hadde omgang med terrorentreprenøren Djamel Beghal og vart i 2010 nemnd i samband med ein freistnad på å hjelpe ein annen fengsla terrorist til å flykte frå fengslet. Så seint som i 2011 fekk fransk etterretning vite frå USA at Kouachi-brørne trena med Al Qaida i Jemen. Politiet droppa overvaking av dei våren 2014.

Berlin

Tunisiaren Anis Amri, som i 2011 tok seg ulovleg inn i Europa over Middelhavet og Lampedusa, gjekk ut og inn av italienske fengsel i fire år før han vart send til eit deporteringssenter i Trapani. Likeins med tusenvis av andre med avslegne asylsøknader, forsvann han utan å kunne bli deportert, fordi Tunis ikkje ville ha han. Så dukka han opp i Freiburg som asylsøkjar i juli 2015. Mot slutten av året knytte han seg til ei jihadistgruppe, og han flytta våren 2016 til Berlin, men var no på radaren til etterretninga.

I april vart asylsøknaden hans avslegen, og på seinsumaren vart han arrestert på vei til Sveits. Politiet og innanriksdepartementet freista å halde på han for å få han send ut, men han hadde ikkje andre papir enn eit forfalska italiensk pass. Fordi tyske styresmakter ikkje kunne få gyldige identitetspapir for Amri innan tre månader, tillét ikkje lovverket å halde på han. Han vart sett på frifot og drog attende til Berlin.

I november fekk tysk politi informasjon frå marokkansk etterretning om at Amri hadde kontakt med jihadistar, var ekstremt farleg og planla eit attentat. Det vart lagt meir press på Tunis for å få papir for Amri slik at han kunne deporterast, men desse kom for seint. Den 19. desember 2016 styrte han ein lastebil inn i folkemengda på julemarknaden i Berlin og drap 12 menneske.

Stockholm

Rakhmat Akilov, som styrte ein lastebil inn i ei folkemengd og drap fem personar i Stockholm 7. april i år, vart arrestert på grensa til Syria i 2015 og deportert til Sverige, der han hadde søkt om asyl. Han var då etterlyst av usbekiske styresmakter for forsøk på å slutte seg til IS, men svensk politi meinte at han ikkje var farleg. Han fekk avslag på asylsøknaden i Sverige i 2016, vart etterlyst og skulle deporterast, saman med om lag 10.000 andre personar som no oppheld seg ulovleg i Sverige. Igjen var politiet og rettsvesenet for seint ute; dei fann ikkje Akilov før han hadde utført dødsferda i Stockholm.

Kva kan gjerast?

Desse få døma, som ein lett kan finne fleire av, kan syne at det europeiske rettssystemet ikkje er tilpassa røyndomen med jihadismen. Justeringar på dette området kan gripa rett inn i nokre av dei direkte terrorårsakene som Hegghammer nemner. Ein kan sjølvsagt ikkje dermed fjerna all terror, men terroren kan verte redusert. Vestlege politikarar treng ikkje nøye seg med å sørgje over terroroffera. I tillegg til det sjølvsagte, nemleg kva som kan betre integreringa, finst det òg tiltak dei kan setja inn for å redusere jihadistisk terror på kortare sikt. Slike tiltak kan vere utfordrande å få til, men neppe umogelege:

n Ein må kunne finne vegar til at færre kjende terrorentreprenørar er på frifot, til dømes gjennom strengare straffer for terror, med forvaring av openbert farlege, alt dømde terroristar. I Noreg har dette alt hatt ein verknad.

n For å unngå at fengsla vert nytta som reine jihadistskular, må det vere mogeleg å setja i verk tiltak i fengselsvesenet slik at terrorentreprenørar ikkje så lett kjem i kontakt med yngre muslimske innsette. Dermed vil færre verte verva til terror.

n For å redusera talet på fotsoldatar på frifot må ein kunne finne middel til å få høgare effektivitet i oppsporing og utsending av asylsøkjarar som ein veit har både avslegen søknad, kriminelt rulleblad og jihadistisk overtyding – ein kombinasjon som går att i terroranslaga.

Såleis må det vere råd å få betre røyndomsorientering i handsaminga av jihadistar, og få redusert terroren med rimelege middel og utan at det vert gjort brot på grunnleggjande menneskerettar.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Igjen var politiet og rettsvesenet for seint

ute; dei fann ikkje Akilov før han hadde

utført dødsferda i Stockholm.

At vi ikkje kan fjerne dei årsakene som stikk

djupare, kan ikkje vere noko argument for

ikkje å sjå på årsaker vi kan gjere noko med.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis