JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

For dei spesielt interesserte

Dei store dagsavisene er vortne meir lokalpresse enn allmennpresse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anten er norske dagsaviser medveten lokalpresse, som Nordlys i Tromsø, som seier klårt frå at dei berre skriv om nærmiljøet sitt, eller dei er lokalpresse som nyttar innkjøpt stoff for å likna på allmenn- eller rikspresse, som til dømes Bergens Tidende. Eller dei er fagpresse som rettar seg mot særlege yrkesgrupper.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

9164
20171201

Den norske pressa

Innfrir pressa sitt eige samfunnsoppdrag? Kaj Skagen nærles norske aviser.

Med «allmennpresse» meiner eg aviser som tek mål av seg til å dekkja og kommentera det viktigaste av nyhendeområdet både innan- og utanriks, og i tillegg vere kulturavis i tradisjonell meining, det vil seia å vere eit forum for intellektuelle innspel og ordskifte og for omtale av hendingar innanfor litteratur, kunst og forsking. Slike dagsaviser er det ikkje mange att av.

Anten er dei ei medveten lokalpresse, som Nordlys i Tromsø, som seier klårt frå at dei berre skriv om nærmiljøet sitt, eller så er dei lokalpresse som nyttar innkjøpt stoff for å likna på allmenn- eller rikspresse, slik som til dømes Bergens Tidende. Eller dei er fagpresse som rettar seg mot særlege yrkesgrupper.

Fagpressa

Men å vera lokalpresse i slik utvida meining tyder ikkje alltid at ei avis må vera useriøs. Til dømes har vi finanspresse som Dagens Næringsliv, Finansavisen og nettavisa E24, som er fagleg spesialiserte og korkje tabloid- eller allmennpresse.

Den gamle Senterparti-avisa Nationen, som før i tida med små ressursar prøvde å vera ei slik allmennavis, er no vorten eit reint fagblad for landbruksnæringa. Av dei sju fyrstesideoppslaga i perioden 21.–29. oktober handla fem om sau: stønad til sau, overproduksjon av sau, prisdumping av sau og antibiotika i sau, og då har eg ikkje teke med «Sauetopp taper 100.000 kroner» (16. oktober) og reportasjen frå noregsmeisterskapen i saueklipping (17. oktober).

Men innanfor denne lokale sektoren held Nationen eit godt journalistisk nivå med eigenproduserte reportasjar og kommentarar, der ein særleg merkar seg spennet mellom økologisk orientering i mange reportasjar og den djupe kritikken hos ein skarp kommentator som Hans Bårdsgård for det som kan stå fram som økologisk snobberi og hykleri, til dømes når den radikale biskopen Atle Sommerfelt innfører kjøtfrie menyar på kyrkjelege arrangement i Borg bispedømme.

Sett vekk frå det faste oppslaget i tilknyting til Nationens partibarometer, finst det ikkje mykje anna eigenprodusert stoff i avisa enn det som direkte gjeld landbruk, anna primærnæring og distriktssaker som breibanddekking og postlevering. Dette er viktige saker for dei det gjeld, og for heile landet i eit større perspektiv. Trass alt er det enno mest ein million nordmenn som er knytte til primærnæringane. Men Nationen er likevel ei avis for spesielt interesserte, fordi alt anna enn kjernestoffet er sterkt nedprioritert.

Regionpressa

Òg dei store regionsavisene, som Adresseavisen, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad, har trekt seg attende til heimtraktene, med sporadiske gløtt mot resten av verda gjennom riks- og utanriksstoff kjøpt frå danske Politiken eller henta frå NTB.

Medan Bergens Tidende på 1980- og 90-talet kanskje kunne seiast å vere ei nasjonal avis med særleg dekning av Vestlandet, er avisa no ei bergensavis med særleg dekning av Vestlandet. Hovudoppslaga 29. september var Stolzekleiven Opp, nedbrenninga av framande granartar på øyer ved Askøy, litt om den bergenske spesialiteten bogekorps, noko om heving av Hanseatisk museum, ein sognerappar og Lothepus som kjem frå Ullensvang, syner det seg. Leiaren handla ikkje om statsbudsjettet, men om Bergens-budsjettet.

Av 35 utanriksartiklar som 25. oktober låg ute på nettsida til Bergens Tidende, var éin eigenprodusert, åtte henta frå danske Politiken og 26 henta frå NTB. Den 16. november låg det ikkje éi eigenprodusert utanrikssak på nettet. Av 52 artiklar var 34 frå NTB og 18 frå Politiken.

Det same biletet ser ein i innanriksstoffet. 16. november låg 48 artiklar under innanriksoverskrifta på nettsida til BT. 36 av dei var NTB-artiklar. Av dei 13 andre som stod fram som eigenproduserte, var minst éin frå Aftenposten, utan tilvising; to handla om oljeministeren Terje Søviknes frå Os, to om TV 2, som har hovudkontor i Bergen, og mest alle dei andre om SSB-saka og med slagside til stønad for bergensaren Christine Meyer.

Men òg innflyttarar kan finne leseverdige saker i regionspressa, som Stavanger Aftenblads reportasje om dei nedverdigande omstenda for aleinebuande og tilsynstrengjande menneske med psykiske lidingar og rusproblem, krasse og poengterte innspel av Listhaug-«stalkaren» Sven Egil Omdal og gjestekommentarar av heile den norske pressas konservative alibi, forskingssjefen ved Nobelinstituttet, Asle Toje.

Fleire kommentatorar i Nordlys, mellom dei den politiske redaktøren Skjalg Fjellheim, skriv med kvassare klo enn dei fleste kollegaene hans i Oslo. Kommentator emeritus Asbjørn Kristoffersen i BT leverer enno klassikarar, som Dag Steinfeld-kommentaren i avisa den 13. november, på reint «bærgensk».

Meiningspressa

Ei tabloidavis treng ikkje vere useriøs. Eit døme på ei seriøs og meiningstung tabloidavis som samstundes er ei lokalavis for Oslo-området, er Dagsavisen, som ein gong var sjølve riksorganet for det statsberande partiet i landet, då under namnet Arbeiderbladet.

Men sjølv om Arbeiderbladet var partiorgan for Arbeidarpartiet og nytta eit sosialdemokratisk perspektiv, skreiv avisa om dei same sakene som alle riksavisene. Under den gamle motdagisten og fritenkjaren Arve Moen hadde avisa ei kulturavdeling der innlegg og debatt ikkje var politisk farga, og som dagleg dekte ei stor dobbeltside som tilsvarte fire tabloidsider utan bilete. Tidleg på 1970-talet var det enno ei alminneleg meining i norsk partipresse at det partilause og individuelle standpunktet var ein særleg verdi heile pressa måtte vere open for.

Arvtakaren Dagsavisen er òg ei heiderleg avis. Men ho er for sterkt vinkla i eitt einaste venstrepolitisk perspektiv og for knytt til det som skjer i hovudstaden, til at ho kan kallast ei allmenn riksavis. Sjølv om ein i Dagsavisen kan finna til dømes gode Kina-kommentarar av Torbjørn Færøvik, gir ho likevel inntrykk av å vera lokalavis, både fordi ho snakkar til folk som bur i det geografisk avgrensa Oslo-området, og fordi ho snakkar for høgt om alle hjartesakene sine. Ein lesar som ikkje har hjartet på nett same staden, kjenner seg lett som fotgjengaren som vert offer for gatemisjonærar som skal selja han alle dei gode meiningane sine, og ikkje gjev seg på det.

Teologpressa

Ei anna slik «meiningsmessig» lokalavis er Vårt Land, som opphavleg var ei riksavis med kristen-konservativ profil, under grunnlegginga påverka av den kulturopne forfattaren og kristen-humanisten Ronald Fangen.

Nett som Nationen og Arbeiderbladet var Vårt Land tidlegare ei allmennavis som i nokon mon vinkla nyhendestoffet på sitt eige vis. Då Vårt Land vart stifta rett etter krigen, var den kristen-humanistiske forfattaren Ronald Fangen ein sentral aktør. Fangen ville skipa ei kristen-konservativ kulturavis, tufta på overtydinga om at det ikkje ville vera mogeleg å bevara den vestlege sivilisasjonen og dei personlege fridomane utan eit styrkt basis i dei kristne tradisjonane. Fangen vart utmanøvrert av dei meir kulturfiendtlege kristenmiljøa. Men Vårt Land låg likevel ofte på grensa mellom trong pietisme og opnare konservatisme.

I dag står avisa fram meir som ein hybrid av venstreradikalisme og teologi, noko sett på spissen. Avisa har på ingen måte vorte meir verdsleg enn før. Tvert om; no handlar alt om kristendom og religion, men slik at sjølve politikken vert noko religiøs. Til dømes er ikkje avisa nøgd med å dekkja saker som økologi, miljø og klima på basis av forsking og politikk. Miljøsaka vert lada med teologi.

Typisk er ingressen: «Kristne synger at Gud holder hele verden i sin hånd. Hvor villige har kirken og teologene vært til å gi ham en håndsrekning for å ta vare på miljøet?» Ideen er at fordi Gud har skapt naturen, er miljøsaka ei plikt for truande. Omgrep som skaparverk og berekraft vert slått saman. Det vert eit kall frå Gud å vera «konkret i klimasaken», som det heiter i eit oppslag 6. oktober.

Ikkje at klima er ei dårleg sak. Men den prinsipielle veikskapen med denne logikken er at politiske einskildsaker vert påverka av skiftande kunnskapar og folkelege rørsler, det vil seia omstende som politikken må ta omsyn til. Ein kan ikkje syna til «Gud» i politiske saker. Og har ein éin gong likevel gjort det, lyt ein aldri skifte meining, for «Gud» er vel ingen vêrhane.

Korleis skal ein kunna ta del i politisk verksemd med slike rigide førestillingar? Den politikaren som tek kristendomen til inntekt for synspunkta sine, leflar med teokratiske styreformer.

Stammepressa

Denne mangfaldige norske «lokalpressa» – stadig i ordets utvida meining – har noko innovervend og innforstått ved seg. Ein som kjem utanfrå, får det lett, som om han sit ved eit stambord der alle dei andre kjenner kvarandre, men han ingen. Han lyttar til samtala og einetalene, og skjønar at det må vera ein indre logikk og noko samlande der, men det gjeld berre dei som høyrer til. Det er ei presse ein må vera fødd til å lesa. Ein må bu ein viss plass, ha eit bestemt yrke, ei særleg tru.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vårt Land har på ingen måte vorte meir verdsleg enn før. Tvert om; no handlar alt om kristendom og religion.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis