JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Dei reine hendene

Skal vi unnlate å nedkjempe pedofilnettverka, om vi ikkje kan gjere det på ei rein og god måte?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

I VG vart delinga av overgrepsbilete, som det australske politiet nytta som forkledning, gjort til sjølve hovudsaka, saman med eit «verdsnyhende» om korleis VG hadde hacka seg inn på nettstaden.

12773
20171020
12773
20171020

Laurdag 7. oktober offentleggjorde Verdens Gang og The Guardian kvar sin reportasje om same sak. Den britiske versjonen bygde totalt på materialet dei hadde fått frå VG, men saka vart vinkla på ein heilt annan måte. I VG var tittelen: «VG har avslørt verdens største overgrepsforum. Det ble drevet av politiet.»

I The Guardian vart same sak presentert slik: «Australian police sting brings down paedophile forum on dark web». I The Guardian fekk lesaren ei forteljing som i all hovudsak handla om korleis godt politiarbeid knuste det største overgrepsforumet nokosinne. Artikkelen hadde berre ti liner om det etiske dilemmaet som oppstår når politifolk spelar rolla som pedofile medan dei infiltrerer nettverka, og – for å vinne truverd – sjølv må leggje ut overgrepsbilete, rett nok «brukte» og tidlegare delte, og sjølvsagt ikkje eigenproduserte bilete.

Avsløringa

I VG vart delinga av overgrepsbilete, som det australske politiet nytta som forkledning, gjort til sjølve hovudsaka, saman med ei «verdensnyhet» om korleis VG hadde hacka seg inn på nettstaden. VG fann ut at nettstaden låg på ein servar i Brisbane, og at den australske politiaksjonen Argos mot seksuelt misbruk av born, med base i Queensland, hadde lukkast i å gje seg ut for å vere leiarane av forumet. Argos overvaka heile nettverket innanifrå og arbeidde for å identifisera flest mogeleg overgriparar og offer.

VG hadde såleis ikkje «avslørt verdens største overgrepsforum», som det heitte i tittelen. Den æra tilkjem det australske politiet, som i forkledning hadde tatt over leiinga av nettforumet Childs Play i november 2016, medan VG hacka seg inn først i januar 2017. Det VG avslørte, imponerande nok, var politiaksjonen.

Men politiaksjonen måtte VG halde tett om i nesten eitt år, medan politifolka gjorde arbeidet sitt og knekte verdas største pedofiliforum med 3000–4000 aktive brukarar og rundt 100 produsentar av filmar der born vart valdtekne. Etter det australsk politi oppgjev, leidde aksjonen til at eit betydeleg tal born over heile verda vart berga frå overgrep, og at skuldige i alvorlege overgrep vart arresterte.

Då VG hadde sete stille og sett på dette i ni månader, vart aksjonen avslutta. Deretter trykte avisa ein reportasjeserie med åtak på politiet fordi dei hadde nytta overgrepsbilete for å gje seg ut for å leie forumet.

Forkledninga

Det er ikkje uvanleg at politiet på dette viset tek over og driv nettforum for å samle informasjon om kriminelle og overgrep. I ein tidlegare reportasje i VG 14. januar 2017 vart det fortalt om korleis amerikanske FBI i 2016 arresterte ein bakmann i overgrepsforumet PlayPen, og i staden for å stengje nettstaden sjølv dreiv han i to veker for å samle inn informasjon om brukarane. Det førte til arrestasjonar over heile verda, 140 berre i USA.

Den australske politigruppa Argos, som VG støytte på, er kjend for å ha sprengt det som då var verdas største og sikraste overgrepsforum, The Love Zone. I ein stor reportasje 13. juli 2016 fortel The Guardian om korleis forumet vart infiltrert og øydelagt av Argos. Forumet sikra seg mot infiltrering ved å slette passive profilar og sette hyppig deling av overgrepsbilete som vilkår for medlemskapen.

Innpass fekk den australske politigruppa etter at kanadisk politi hadde arrestert overgriparen Brian Way, som dreiv stort i barnepornografisk filmproduksjon. Han hadde mellom 30 og 40 kundar i Queensland. Informasjonen gjekk frå det kanadiske politiet til Jon Rouse, sjefen for Argos i Brisbane, som leidde arrestasjonen av Ways kundar, mellom dei ein som hadde medlemskap i eit forum politiet ikkje kjende til.

Då dei tok over kontoen hans, kom dei inn i eit forum organisert som eit firma med ulike avdelingar, alt etter interesser, aktivitet på forumet og «kvalitet» på det dei la ut. Dei mest aktive var særleg skjerma, og i toppen sat éin mann, «direktøren». Langvarig etterforsking førte til at ein annan Argos-mann, Paul Griffiths, greip forumleiaren i nokre små feilsteg som vart fatale for han.

Ei særmerkt helsing som den anonyme forumleiaren ofte nytta, vart funnen att i eit forum for firehjulstrekkarar hos ein brukar som etterlyste bestemte bildelar; Griffiths byrja leite etter folk som søkte etter akkurat desse delane, og fann ein slik søkjar på Facebook: 32 år gamle Shannon McCoole, som jobba med born i Adelaide. McCoole vart arrestert, mens to politifolk tok over kontoen hans i forumet. Med denne sentrale kontoen kom politiet seg inn i alle avdelingane i forumet.

I seks månader kunne dei følgje med på all aktivitet til fleire tusen brukarar, mellom desse den største overgriparen i britisk kriminalhistorie, Richard Huckle, som heldt til i Malaysia og vart arrestert på Gatwick-flyplassen i desember 2014. På datamaskinene hans fann politiet over 20.000 overgrepsbilete, 1000 av dei av born han sjølv hadde misbrukt. I seks månader dreiv politiet nettstaden vidare. Då dei til slutt stengde han, hadde arbeidet deira ifølgje The Guardian ført til at hundrevis av overgriparar over heile verda vart arrestert og 85 born berga.

Infiltreringa

Dei australske avisene Brisbane Times og Maitland Mercury, som begge skreiv om Childs Play-saka 8. oktober 2017, refererte VG-reportasjen, men vinkla han på same vis som The Guardian, nemleg som ein politisuksess der metoden med å ta over og drive overgrepsforum er underordna, om enn eit dilemma. Avisene syner til at det australske politiet sjølvsagt ikkje lagar overgrepsforum, men infiltrerer slike som alt finst, og går så høgt opp i hierarkia i dei som dei klarer, for å øydeleggja dei med størst mogeleg gevinst i form av berga born og fanga kriminelle.

Australsk lov opnar for at politiet kan få dispensasjon for å utføra handlingar som elles er ulovlege, når dette fremjar etterforskinga av alvorlege brotsverk. Lovverket som vernar born mot seksuelle overgrep, vart nyss skjerpa på eit vis som gjev politiet større rom for infiltrering av overgrepsforum, seier ein talsmann for Queensland-politiet til Brisbane Times.

Arbeidet til politigruppa Argos skal sidan 2003 ha leidd til 1000 arrestasjonar og identifikasjon av 500 born som er blitt berga frå systematiske overgrep. I 2011 vart Argos-gruppa heidra for arbeidet sitt med The International Law Enforcement Cybercrime Award, ein kanadisk pris for innsats mot nettkriminalitet.

Den nyaste aksjonen, som VG skildrar i reportasjen frå 7. oktober, var eit samarbeid mellom Argos-gruppa i Queensland, europeisk politi, kanadisk politi og US Homeland Security. Aksjonen tok til då Homeland hausten 2016 kunne ta kanadiaren Benjamin Faulkner, som dei visste stod bak overgrepsforumet Childs Play, i samband med ei valdtekt av ei fireårig jente i Virgina.

Frå Faulkner fekk politiet passord, brukarnamn og anna dei trong for å ta over forumet. Opplysingane gjekk til Argos i Brisbane, dit nettstaden òg vart flytta til ein ny server. Dei australske etterforskarane tok over Faulkners identitet og dreiv Childs Play vidare, medan dei samla informasjon om brukarar og offer.

Dilemmaet

I overgrepsforumet venta medlemene å få jamlege helsingar frå Faulkner, eller CrazyMonk, som han kalla seg her. Helsingane skulle avsluttast med overgrepsbilete. The Guardian skriv at desse jamlege helsingane med overgrepsbilete var innførte fordi Faulkner rekna med at politiet ikkje kunne leggje ut slike bilete om dei tok over nettstaden; viss helsingar og overgrepsbilete frå CrazyMonk slutta å kome, kunne medlemene skjøne at forumet var teke over av politiet.

For å halde aksjonen i gang måtte Argos-tenestemennene difor sende ut helsingar med overgrepsbilete i CrazyMonks namn. Dei nytta då tidlegare spreidde bilete. «Dette sette dei i ei ubehageleg stilling», som The Guardian skriv. «For å hindre utnytting av born måtte detektivane leggje ut bilete av born som vert utnytta.»

Likevel ser det ut til at dei australske Argos-politifolka opererer innanfor australsk lov, som tillèt framgangsmåten om ein dommar gjev politiet dispensasjon frå lova. I The Guardian-reportasjen fekk politiet sterk støtte for metoden sin frå Hetty Johnston, stiftaren av barneforsvarsgruppa The Bravehearts og heidra som «Australian of the Year» i 2015.

Johnston vedgjekk at spreiing av overgrepsbilete som ledd i etterforskinga av overgrep er eit vanskeleg spørsmål, men stør framgangsmåten «hundre prosent» fordi det dreier seg om gamle bilete som vert nytta i «ein krig» vi er nøydde å utkjempa. Johnston skildrar arbeidet til Argos som gjennomgripande nytt, og seier at Jon Rouse er «eit verkeleg geni» som må heidrast for å utføre eit arbeid som dei aller fleste ville misse forstanden av å måtte gjere år etter år.

Vinklinga

Slik ser dei ikkje på det i VG. Tittelen i opningsreportasjen henger ut Argos som personar som driv eit overgripsforum. Alle dei påfølgjande oppslaga var retta mot politiet. Reportasjane gjeld overgrep som VG meinte dei hadde funne ut av og som politiet ikkje hadde gjort noko med: intervju med ein UNICEF-representant som meiner politiarbeidet er eit «klart brudd på barnekonvensjonen», ein leiar for norske forsvarsadvokatar som meiner at «det australske politimyndigheter har gjort er ulovlig», ei samling norske politikarar som meiner at Kripos no må ta seg saman og gjere som VG seier, ein psykolog som seier at «politiet bidrar til at flere blir overgripere», og ei offentleggjering av helsingar politiet la ut på overgrepsforumet medan dei gav seg ut for å vere forumleiaren.

Gøymt og gløymt i éin av reportasjane ligg ei utsegn frå forskaren Marie Sunde ved Politihøgskolen; ho meiner at metoden til Argos-gruppa òg ville vere lovlege for norsk politi, og at han burde nyttast fordi han fører til avdekking av grove brotsverk.

Politiet som overgripar

Det sterkaste åtaket på politiet i VG 7. oktober kom frå VG-redaktør Gard Steiro. Australsk politi, skriv Steiro, «som er satt til å beskytte barna og bekjempe kriminalitet, delte overgrepsbilder».

Utsegna er ikkje usann, men ho er tvitydig. Seier ein i staden at australsk politi, for å knekkje verdas største overgrepsforum, infiltrerte det ved å leggje ut tidlegare nytta overgrepsbilete, og dermed berga nesten 100 born, så er dette meir sant. Men det slår dårlegare.

Å setje seg ned og rekne på skilnaden mellom å berga eit høgt tal born frå å verte valdtekne, og det å nytta redningsmetodar som spreiing av gamle overgrepsbilete, kan verke umoralsk, men er lettare å fordømme for tilskodaren enn for den som sit på valet mellom å spreie bileta eller overlate opp mot 100 born til eigen lagnad i hendene på profesjonelle overgriparar som får gå fri og kan halde fram med å skape nye offer.

Når Steiro skriv at politiet «begår nye overgrep i jakten på overgripere», vert delinga av gamle overgripsbilete straks likestilt med fysisk seksuelle overgrep, som om politifolka sjølve skulle ha vore pedofile kriminelle. Steiro seier ikkje dette, og den fyrste lange reportasjen forklarar samanhengen, men titlane og spissa einskildutsegner som Steiro kjem med, legg seg likevel over den lange teksten og etterlèt seg eit inntrykk av politifolka som kriminelle overgriparar.

«De brøt lover de skulle håndheve», skriv VG-redaktøren, stikk i strid med det politiet sjølv seier om australsk lov på området. Steiro seier at politiet nytta «mindreårige som agn på nettet» og har «drevet utstrakt bruk av provokasjon for å samle bevis».

Men dette er ikkje det inntrykket ein får av VGs eigen reportasje, som fortel om korleis politiet nytta tidlegare overgrepsbilete som dekke for ein aksjon for å knekke heile nettverket. Tekstene og bileta dei la ut, synest ikkje å vere meint som «agn» eller provokasjon, men som dekke for ettterforskinga.

Dei reine hendene

Dersom Steiro og VG verkeleg meiner det dei seier, og dersom det politiet gjorde, var så gale, kunne dei ikkje ha venta til politiaksjonen var over før dei publiserte det dei visste. VG sat på fyrste rad og følgde med på alt politiet gjorde i ni månader. Burde dei ikkje ha varsla før det var for seint? Det kan umogeleg ha teke ni månader før dei fekk den oversikta Steiro seier dei måtte ha for å kunne publisere noko.

Kvifor sat dei musestille så lenge? I den fyrste reportasjen svarar VG-redaktøren sjølv på dette spørsmålet: Om avisa hadde gått ut med det dei visste om politiaksjonen, kunne VG i verste fall «skadet etterforskningen og utsatt uskyldige for fare». Det var nett det. Slik handla VG sjølv på same viset som politiet dei no kritiserer, då dei sjølve sat med det same etiske dilemmaet som dei.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Titlane og spissa einskildutsegner som Gard Steiro kjem med, legg seg over den lange
teksten og henger ut politifolka som kriminelle overgriparar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis