JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Prima eller primitiv?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4562
20240412
4562
20240412

I dag skal me ta føre oss eit tema som kan skape konfliktar, og som har øydelagt mang ei samkome der tanken var at ein skulle ha det triveleg. Skal ein splitte folk og få fram usemje, lyt det sjølvsagt ligge ein meiningsskilnad i botnen. Ikkje nok med det, helst bør alle, utan omsyn til ideologisk ståstad, vere skråsikre på at just deira haldning er den einaste rette. Då er mykje gjort.

Som dei fleste lesarane nok har gjennomskoda, er det primstaven me skal snakke om i dag. At ein trestav med innskorne merke for kvar dag i året kan skape så mykje brudulje og ugreie, er smått utruleg. Men slik er det, anten er du på lag med dei som hevdar at primstaven er primitiv pynt, eller så er du på parti med dei som meiner at primstaven er prima til å halde styr på tidsrekninga innanfor året.

Boklækjaren trivst ikkje best i minefelt, difor har eg valt å ikkje velje side i saka. Eg er tilskodar, ikkje deltakar, i diskusjonen. Og utan å bli tatt til inntekt for det eine eller det andre synet på primstaven, vil eg gjere merksam på at 14. april skal me snu staven til sommarsida, og at me dimed har fyrste sommardag. God sommar, godtfolk!

Så skal me sjå på svaret me skulle fram til denne gongen. Laurits Killingbergtrø skriv: «Litt snodig: Eg gjetta straks Die Spree som svar på ekstraspørsmålet, mest fordi eg hadde ei nydeleg elvereise der da eg var i Berlin for nokre år sidan. Men før eg fekk sanksjonert dette villtipset på side 347, fekk eg lese ei triveleg og stillferdig bok av grenlendaren Hilde Lindset med tittelen Bare de levende trenger å bli husket. Men den rette gjettinga mi fekk meg til å lure på om eg kanskje hadde fått ein sjette sans? Mest truleg ikkje, etter alt slitet eg har opplevd med Klok-gåtene gjennom mange år.»

Folke Kjelleberg skriv: «Denne veka er sitatet henta frå romanen Bare de levende trenger å bli husket, og den vart utgjeven på Tiden Norsk Forlag i 2018. Forfattar er Hilde Lindset, fødd i Oslo, oppvaksen i Solum og no busett i Berlin. I 1978 var det Kjartan Fløgstad som vann Nordisk råds litteraturpris med romanen Dalen Portland. Spree er ei tysk elv som er nemnd i romanen.»

Gunnar Bæra skriv: «Forfattaren Hilde Lindset er fødd i 1978 og debuterte med novellesamlinga Jeg burde ha sperret deg inne i 2012. Seinare har ho gjeve ut tre nye novellesamlingar og tre romanar. Sitatet er frå romanen Bare de levende trenger å bli husket. Her blir tre elvar nemnde – ei fransk, ei polsk og den tyske Spree.»

Erik Steineger skriv: «Sitatet minnet meg om denne forfatteren, som ofte bruker et poetisk språk. Etter litt leting fant jeg sitatet i denne særegne romanen om en søkende, ensom kvinne som vil hjelpe strandete flyktninger – eller er det seg selv? Jeg leste hele boka, og ble hekta før jeg kom på at jeg skulle finne navnet på en elv. Det dukket opp to tyske elver nesten til slutt, Spree er den største og mest kjente. (Alter Oder er bare en liten sidegren til Oder, og kalles oftest for en kanal). Takk for godt lesetips!»

For at folk skal huske kven som leita fram Lindset og løysinga på oppgåve 1620, har me laga denne lista: Signar Myrvang, Eli Winjum, Paul Henrik Hage, Fritjof Lampe, Ragnhild Eggen, Nils Farstad, Vigdis Hegna Myrvang, John Dag Hutchison, Eli Hegna, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Reidar Birkeland, Bjørn Myrvang, Per Trygve Karstensen, Ingebjørg Sogge, Eirik Holten, Inger Anne Hammervoll, Skeisebibliotekaren i LASK, Gunder Runde, Olav Holten, Gunnar Bæra, Folke Kjelleberg, Tone Styrmoe, Jan Alfred Sørensen, Erik Steineger, Else Gjesdahl Sørensen, Kjell Helge Moe, Audun Gjengedal, Lise Haaland, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Sigrun Gjengedal Ruud, Inge Strand, Gunnar Eide, Sjur Joakim Fretheim, Torleik Stegane, Robert Øfsti og Ole G. Evensen. Bokvinnaren i dag er ei levande legende her i bokstova, nemleg Laurits Killingbergtrø. Gratulerer!

Klok på bok 1622

Man skal ikke kneise for mye med nakken eller ha for mørke drømmer i øynene. Livet kan komme til å krumme nakken ydmyk som en tulipanstengel, og drømmen kan slukne like brått som en lysflamme i gjennomtrekk.

Sitatet er frå s. 125 i boklækjarutgåva (1979). Me skal fram til ei novellesamling som fekk ein fin pris, og til ein forfattar som var fødd i eit år då nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. Det er ei mengd i tittelen på boka. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamnet på ei jente som druknar i novella som sitatet er henta ifrå. Send namn på jente som druknar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 20. april.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis