JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Levande leksikon

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4678
20220520
4678
20220520

I ei ideell verd var det ikkje meir å seie om Vesle-Putin. Ikkje anna enn at han angrar og er lei seg, men at han trivst i Haag. Diverre held kjeltringstrekane fram, og vanvitet til Vladimir får kvar dag katastrofale konsekvensar.

Sjølv om mykje har mislukkast for Putin, har han i det minste hatt suksess på to felt. I kampen om å verte årets Nato-vervar er det alt no klårt at Vladimir Vladimirovitsj er suveren vinnar. Som prominent påverkar under Melodi Grand Prix sist laurdag kan me vel òg fastslå at han var makelaus.

Når det i krigen er slik at retninga på dei russiske framstega i stor grad har vore bakover, er eg usikker på kor mykje trøyst og latter Putin finn i spøkefulle ordtak frå det gamle Sovjetsamveldet. Med fare for å fornærme mogulen frå Moskva er eg lett om hjartet når eg tek med eit døme på eit slikt ordtak: «Framtida er sikker. Det er berre fortida som ikkje er føreseieleg.»

Denne veka er løysinga eit lite og særs levande leksikon. Ingebjørg Sogge skriv: «Familieleksikon av Natalia Ginzburg er ei skildring av ein jødisk/katolsk familie i Torino i 1930- og 1940-åra, men gir også innblikk i den framveksande italienske fascismen. Den tar dei slett ikkje på alvor i den venstreliberale Levi-familien. Faren, Giuseppe, sjølve inkarnasjonen av den koleriske italienske pater familias, kallar Mussolini ein klovn. Nedsettande karakteristikkar av alt og alle som ikkje fell i smak, sit forresten laust hos denne eksentriske professoren; ’slubbert’ og ’slyngel’, ’idiot’ og ’fjols’ fyk gjennom lufta ved det minste høve. ’For eit esel du er!’ ropar han til kona Lidia da ho kjem frå frisøren med kort hår. Dyster bok om undertrykking av kone og ungar? Langt ifrå! I denne familien er alle skorne for tungebandet. Fyndige replikkar ynglar, og det bygger seg etter kvart opp ein familiefolklore av treffande og muntre ytringar, som blir siterte igjen og igjen når slekta møtest. At det vrimlar av ei mesta forvirrande mengd kjenningar, kollegaer, onklar, fetrar, tanter, grandtanter, besteforeldre osb. kompletterer det frodige i familieskildringa. Men bakteppet er altså alvorleg. ’Klovnen’ Mussolini og hans tilhengarar blir etter kvart alt anna enn komiske, og fleire i familien får dessverre kjenne på kroppen kva det kostar å motarbeide fascistveldet.»

Eli Hegna skriv: «Nok en klassiker som etter nærmere 50 år utgis på norsk for første gang ­– Familieleksikon av Natalia Ginzburg (1916–1991). Forfatteren sier i forordet at ’Steder, begivenheter og personer i denne boken er virkelige’. Et portrett av en italiensk familie og av det italienske samfunnet mellom fascismen og nazismen. En hissig far og en fredselskende mor Lidia står sentralt i denne intense beretningen. Boka har fått strålende anmeldelser, ’…en sjeldent gripende leseopplevelse og livsreise’, skrev VGs anmelder og ga den terningkast seks.»

Inger Anne Hammervol skriv: «At svaret mitt i natt er rett, er eg berre mesta sikker på. Boka eg kom fram til, har eg uansett lyst til å lese, så da har jo denne Kpb-leiken (ein nokså alvorleg leik for oss ihuga) ført til noko positivt, for meg i alle fall.»

Desse var familiære med folka i løysingsboka og kom fram til rett svar på oppgåve 1529: Eli Winjum, John Olav Johnsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Fritjof Lampe, Nils Farstad, Laurits Killingbergtrø, Jorunn Øxnevad Lie, Signar Myrvang, Yngve Skjæveland, Inger Anne Hammervoll, Ingunn Bergem, Gunder Runde, Turid Tirevold, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Janneken Øverland, Reidar Birkeland, Hans M. Gautefall, Arne Thorvik, Jan Erik Røed, Eli Hegna, Pål Amdal, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Audun Gjengedal, Gunnar Bæra, Thana Rongen, Ingebjørg Sogge, Turid Tirevold, Folke Kjelleberg, Sigrun Gjengedal Ruud, Magnhild Reisæter, Ole Husby, Inger Margrethe Berge, Kjell Helge Moe, Robert Øfsti, Vigdis Hegna Myrvang, Gunnar Eide, Ole G. Evensen og Torleik Stegane. Bokvinnaren denne gongen heiter Jan Erik Røed. Gratulerer!

Klok på bok 1531

– Hvor skal du leve? sa hun. – Hvis du er lei av menneskeheten?

Da så jeg på henne. For argumentene mine rakna som en gammel genser. Men hun bare satt og så tilbake på meg med de der små brillene sine foran de der grønne plantene sine, og jeg følte at jeg datt, jeg datt, bakover.

Sitatet er frå s. 55 i boklækjarutgåva (2014). Forfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein jødisk forfattar. Figuren i sitatet som følte at han datt, heiter Thomas til førenamn, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva han heiter til etternamn. Send etternamn på Thomas, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 28. mai.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis