JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Blake om nebbet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4842
20220826
4842
20220826

Med ein ørliten sjanse for at eg kan ha vore innom temaet før, vil eg gjere merksam på at noko går føre seg i 5730 Ulvik 9.–11. september i år. Er det snøballkrig? Nei, det er det ikkje. Er det VM i utfor for menn? Hm, det kjem an på. Nei, svaret er at ein av dei mest fornemme festivalane i kongeriket går av stabelen der og då. Framleis er det plass til fleire deltakarar, og programmet for Poesifestivalen 2022 finn du på heimesida til Haugesenteret.

No er det ikkje slik at bokstova er propagandasentral for Poesifestivalen i Ulvik. Slett ikkje. Men i eit nøytralt og spakt tonelag vil me berre nemne at boklækjaren er ein del av programmet på ein poesifestival i ei fruktbygd i år. Og at du får eit minne for livet om du kjem. Kjem du? Det trur eg nok at du gjer.

Kan hende sit det ein fortvila oppgåveløysar og les denne spalta no. I så fall heiter personen ikkje Gunder Runde. Om løysinga i dag skriv Runde: «Lite handfast å ta tak i denne gongen. 1993 er lenge sidan. Og ’meir enn 200 år’ er temmeleg svevande. Men eg har i mine hyller ei samling av det som før i tida heitte Årets bøker, årvisse katalogar over litterære utgjevingar. Og sjølvsagt hadde eg katalogen for 1993! Så var det berre å leite, eg starta med hovudtemaet ’filosofi’, men der var ingenting å finne. Så gjekk eg over til ’lyrikk’, og der fann eg den klingande nynorske tittelen Giftarmålet mellom himmel og helvete, av sjølvaste William Blake, originaltittel The Marriage of Heaven and Hell. Omsettinga er av Hanne Bramness og Erling Indreeide. I gode hender! Sidan eg har pålagt meg sjølv å ikkje lure meg innom Nasjonalbiblioteket (i alle fall berre i ytste naud), måtte eg finne andre vegar fram til denne boka. Biblioteka har vel for lengst kasta sine utgåver, så difor gjekk eg inn på Wikipedia, og der fann eg heile verket i engelsk utgåve. No er eg ikkje spesielt språkmektig, men eg fann i alle fall eit utdrag som høver med den norske omsettinga: ’Those who restrains desire, do so because theirs is week enough to be restrained.’ Og så var det avslutninga: I originalen står det: ’For everything that lives is Holy.’ På norsk skulle vel det verte noko slikt som ’For allting som lever er heilag’. William Blake er ein særs viktig forfattar og biletkunstnar(!), med ein stor produksjon på begge desse felta. Han slo igjennom i 1783 med samlinga Poetical Sketches, følgd av Songs of Innocence. Dagens bok høyrer til i ein serie med samlenemninga Prophetic Books, der han filosoferer over kampen mellom Gud og Satan, med ulike innfallsvinklar. Som biletkunstnar er han kanskje best kjend som (nyskapande) illustratør til mellom anna Chaucers Canterbury-forteljingar og ikkje minst Jobs bok (ca. 1825) og Dantes Den guddommelege komedie. Litt av ein personlegdom!»

Gunnar Bæra skriv: «Den britiske diktaren, målaren og raderaren William Blake (1757–1827) står bak den 200 år gamle teksten i dagens Klok på bok. Den første diktsamlinga hans er den einaste som vart trykt på vanleg måte. Alle seinare verk er trykte frå koparplater der teksten er etsa inn og sidene redigerte med dekorative rammer og illustrasjonar. Det same er tilfelle med Giftarmålet mellom himmel og helvete frå om lag 1793. Forfattaren avsluttar boka slik: ’For kvar den ting som lever er heilag.’»

Bleik om nebbet på oppgåve 1541 var ikkje Eli Winjum, John Olav Johnsen, Ragnhild Eggen, Nina Therese Maubach, Jorunn Øxnevad Lie, Ingebjørg Sogge, Laurits Killingbergtrø, Fritjof Lampe, Signar Myrvang, Ole Husby, Arne Thorvik, Inger Anne Hammervoll, Else Gjesdahl Sørensen, Eirik Holten, Kjell Helge Moe, Jan Alfred Sørensen, Nils Farstad, Eli Hegna, Kirsten og Nils Poulsen, Knut Hegna, Gunder Runde, Lise Haaland, Petter Kristensen, Audun Gjengedal, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Folke Kjelleberg, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Reidar Birkeland, Anne Berit Skaarer, Inger Margrethe Berge, Sissel Gunnarshaug, Gunnar Eide, Gunnar Bæra, Olav Holten, Camilla Høvik, Yngve Skjæveland, Robert Øfsti, Sjur Joakim Fretheim, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Denne gongen heiter bokvinnaren Olav Holten, Gratulerer!

Klok på bok 1543

Riktignok var det ikke så mange årene de fikk lov til å være sammen og være noe for hverandre, men allikevel nok til å vite at de aldri ville beklage at de igjen skulle føyes sammen, tvert om …

Sitatet er frå side 324 i ein roman som på originalspråket kom ut i 1992. Me skal fram til ein forfattar som er frå eit naboland, og som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. I løysingsboka vert me introduserte for ei lang rekke personar, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete føre- og etternamn på dei to me høyrer om i sitatet. Send namn på dei to figurane i sitatet, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 3. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis